mandag 19. juli 2010

Den heilage familie

For ei veke sidan fekk eg eit spørsmål på diskusjonsida mi på Wikipedia om eg kunne ta på meg å skrive nokre artiklar om helgenar i den ortodokse kyrkja. Ein av helgenane det var snakk om, var Macrina den yngre som var ei nonne som levde på 300-talet i området rundt Kappadokia, og som har minnedag i dag, 19. juli.

Det er ikkje så mykje spektakulært med Macrina i seg sjølve, ho levde eit roleg liv i heimen og i klosteret. Begge plassar gjorde ho det ho skulle gjere, og vel så det. Det som derimot er spektakulært, er familien til Macrina. I overskrifta mi har eg kalla den «Den heilage familie», og om dette namnet skal brukast på andre enn Maria og Josef med den nyfødte Jesus, kan det nok ikkje høve betre enn på denne familien.

Foreldra til Macrina vert begge rekna som heilage, og det same gjer bestemora hennar, Macrina den eldre. Av dei ni søskena til Macrina (den yngre) vert ikkje mindre enn tre av brødrene hennar rekna som heilage, i tillegg til at den eine søstera hennar, Theosebia, vert rekna som salig av den ordtodokse kyrkja. Dei tre helgenbrørne hennar er ikkje smågutar. Det er snakk om biskopen Peter av Sebasteia og dei meir kjente brødrene Basilios den store, som har fått tittelen «kyrkjelærar» på grunn av sine vektige bidrag til teologien, og den fremragande teologen og mystikaren Gregor av Nyssa. Dei to siste er to av dei tre teologane som vert omtala som dei kappadokiske fedre. Ein god samling heilage, altså.

Ein kan sjølvsagt spekulere i korleis ein familie akkumulerer helgentitlar på denne måten. Kanskje kan det ha noko med saka å gjere at Gregor av Nyssa er kjelda til mykje av det vi veit om i alle fall den yngste og den eldste Macrina og Peter av Sebasteia. Eit anna alternativ er sjølvsagt at dette verkeleg var ein familie med ei eksepsjonell tru. Sanninga er kanskje ein stad mellom desse alternativa, men eg er tilbøyeleg til å tru den ligg mest mot det siste; at dette var ein familie med ei sterk tru. Eit artig appropos er at den tredje av kappadokiarane, Gregor av Nazianz også kom frå ein slik familie. Begge foreldra hans, begge søskena hans og ein fetter reknast som helgenar.

Attende til Macrina den yngre. På katolsk.no stod det ei bøn som skal ha vore Marcina sine siste ord då ho låg for døden. Denne bøna tok eg med i artikkelen på Wikipedia, og eg tenkte eg skulle avslutte med den no,
Du har fridd oss fra frykten for døden. Du har gjort slutten på dette livet begynnelsen på det sanne liv (...) En dag vil du ta tilbake det du har gitt, forvandle med nåde og udødelighet våre dødelige og uskjønne rester (...) Måtte min sjel bli mottatt i dine hender, uplettet og ubesudlet, som et offer til deg.

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar