tirsdag 6. juli 2010

Italiensk jentehelgen og irsk bombemann - Same lærdom

I dag feirar Den katolske kyrkje ei italiensk jente eg aldri hadde høyrt om før i dag. Den heilage Maria Goretti var ei italiensk jente som skal ha vore svært from. Då ho var tolv år gamal vart ho drepen av ein nabogut som forsøkte å valdta henne. Hans vitnemål sa at medan han knivstakk henne skal ho berre ha fokusert på hans frelse og at han ikkje måtte begå ei slik stor synd.

Mordaren var for ung for dødsstraff, og havna i fengsel. Han fekk ei sterk oppleving av synd og anger i fengselet, og då han kom ut oppsøkte han mor til Maria og bad om tilgjeving. Han gjekk så inn som lekbror i kapusinerordenen. Åtte år etter at han slapp ut fekk han og mor til Maria nattverd saman. Dei hadde vorte forsona. Han var også tilstades då Maria vart heilagkåra i 1950, noko som unekteleg må ha vore ein rar oppleving for han.

Historia fekk meg til å tenkje på noko eg fekk eit innblikk i på Norges Kristlige Studenforbund sitt nordiske sommarmøte for nokre år sidan. Temaet der var forsoning, og ein av dei som snakka om dette var IRA-mannen Patrick Magee. Magee er mest kjent som Brightonbombaren, eit namn han har fått fordi han er dømt for å plante ei bombe i hotellet der Det konservative partiet hadde landsmøtet sitt i 1984. Fem menneske vart drepne i angrepet.

På sommarmøtet fortalte han ope om dette. Det var ei rar oppleving, for han var ein sympatisk mann som det var vanskeleg å ikkje like, samstundes som han forsvarte bomba han hadde planta og sa han kunne ha gjort det fleire gongar. Men han var der for å snakke om forsoning, og det er forsoningsprosessen som har skjedd etter at han slapp ut av fengeselet som er det interessante.

Då han slapp ut av fengselet tok Jo Tuffnell, dotter til ain av dei som vart drepne i angrepet, kontakt med Magee. Dei møtte kvarandre fleire gonger og har brukt det som har skjedd aktivt i fredsarbeid. Jo Tuffnell fortel meir om dette i denne artikkelen. Tuffnell var ikkje i Trondheim, men vi såg ein film der dei to saman snakka om det som hadde skjedd. Dei var ikkje einige, men det var heller ikkje målet. Målet var å vise at det var menneske på begge sidar av konflikten. Dei ville vise at forsoning var mogeleg, sjølv etter hendingar som dette.

Frå begge desse hendingane kjem ein altså ut med same lærdom. Det eine er sjølvsagt at med dødsstaff ville aldri noko av dette skjedd. Då ville ein latt hat få gjenngjelde hat, og stått att kun med offer og opne sår.  Det andre er at dette er døme på at forsoning er mogeleg sjølv etter store overgrep. Hat er ikkje ein naudsynt konsekvens at slike hendingar, sjølv om det kan vere den som kjem lettast. 

Historier som dette må gjerast kjende i samfunnet vårt. Dei gjev håp og inspirasjon, og dei står som motvekter mot til dømes ropa om dårlegare soningshøve for å straffe forbrytarar og tankar om hevn mot dei som gjer vonde ting. Slike historiar kan hjelpe oss til å halde på menneskeverdet også for dei som har gjort brotsverk, samstundes som dei kan hjelpe dei som vert ramma av hendingar som dette til å leve betre i ettertid.

Biletet av Maria Goretti er henta frå katolsk.no, medan  biletet av Magee og Tuffnell er frå BBC.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar