torsdag 1. juli 2010

A is for Allah

Yusuf Islam, betre kjent under sitt gamle artistnamn Cat Stevens, har i løpet av det siste året vorte ein av mine favorittartistar. Eg har framleis ikkje kome meg gjennom all musikken hans, sidan eg ikkje oppdaga han før forrige sommar, men er framleis i utforskingsfasen. Ei av platene eg ikkje har høyrt er barneplata A is for Allah som han gav ut i 2000. Plata laga han etter at dattera hans var født, då han ville gje henne, og andre born, ei god opplæring i islam, samstundes som han ville lære henne det arabiske alfabetet. Ein av songane på denne plata er denne songen som heiter det same som albumet, A is for Allah. Utan å ha høyrt meir enn denne songen, verkar den som ei slags oppsummering av resten av plata.

Dette er ein fin song uansett, men pedagogikken i den er vidunderleg. Teksten på songen er ein katekisme i seg sjølve, der den går gjennom dei viktige punkta i islamsk lære og formulerer dei på vers og med enkle huskereglar knytta til alfabetet. (Teksten kan lesast på islamiclyrics.net, der den også er illustrert med dei aktuelle arabiske bokstavane. Eit lynkurs i arabisk og islam, altså.) Melodien skal vere i ein muslimsk musikktradisjon som kallast nasheed, og blir brukt for undervisning i islam.

Nokon av dei musikalske kreftene i kyrkja burde kjenne inspirasjonen frå Yusuf Islam og lage ein tilsvarande musikk-katekisme som dette. Ein enkel tekst som går gjennom hovudpunkta i kristen lære, gjerne knytta opp mot knaggar som alfabetet eller likande, kombinert med ein enkel og fengande melodi. Det er eit sikkert vinnarlag. (Kanhende eksisterar det slike gode songar, men eg kjem ikkje på nokon.)

Fram til nokon lagar ein slik song, får vi nøye oss med Yusuf Islam. Høyr, nyt og lær.



Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar