onsdag 25. august 2010

Ein gløymd helt?

Eg skal innrømme at det er mogeleg at eg tok litt hardt i i den overskrifta. Når sant skal seiast veit eg ikkje nok om denne fyren til å utpeike han som helt, men indisiane peiker i hans favør.

For eit par dagar sidan kom eg over ein spanande kar då eg jobba med ei svær liste over salmeforfattarar som eg driv med på Wikipedia. Fyren eg kom over i arbeidet var Jens Otterbech, og eg vart ganske imponert over denne mannen etter som eg skreiv artikkelen om han. Otterbech vart fødd som presteson i Finnmark, men vaks opp i Christiania, og tok teologiutdanning der. Denne tok han for å fylgje opp arbeidet far hans hadde starta; som prest for samane.

I følgje mi kjelde, Norsk biografisk leksikon, var Otterbech svært kritisk til fornorskingspolitikken som vart ført mot samane, og han hadde eit radikalt og postitivt syn på samisk språk og kultur. Han etablerte sosialt arbeid blant samane, og var også aktiv i samemisjonen. Han var redaktør for boka Fornorskningen i Finmarken, ei bok som samla kritiske artiklar om samepolitikken, og for Det norsk-lutherske Finnemisjonsforbund sitt  tidsskrift Lappernes Ven, eit tidsskrift som vart eit talerøyr for den kyrkjelege motstanden mot fornorskinga av samane.

I tillegg til dette var han eit profilert pasifist.

I 1918 skulle ein finne ny biskop i Tromsø stift. Otterbech vart fremja som kandidat, og fekk stor støtte frå prestane i området. Han vart ikkje biskop, mest sansynleg på grunn av pasifismen og motstanden mot den gjeldande samepolitikken.

Kanskje er det ting som trekk ned, men ein mann som ikkje vert biskop fordi han er pasifist og arbeider for ein minoritetspolitikk som er prega av respekt for andre folkeslag er ein soleklar heltekandidat i mi bok!

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Har du sjekka ut kva som finst om han i årbøker frå Hålogaland bispedøme? Eller i Samemisjonen?
Ta ein tlf til bispekontoret i Tromsø.

Legg inn en kommentar