onsdag 1. juni 2011

Vanskeleg val....

Årets bilete på Commons skal kårast og då må det sjølvsagt stemmast. Første runde var grei, då kunne ein stemme på fleire bilete. Eg stemte på eit bilete i dei fleste kategoriane og var glad for at eg slapp å velgje eitt. Men no må eg det. Eg vil vurdere dei mest aktuelle kandidatane her på bloggen, men om du vil sjå alle bileta finn ein dei på denne sida på Commons. Om nokon har sterke tankar om kva eg skal stemme kan ein påverke i kommentarfeltet. Avstemninga sluttar 7. juni, så eg har ei veke på meg.



The Garden of Earthly Delights av Hieronymus Bosch
For: Fabelaktig maleri av ein artig kunstnar. Flotte detaljar, fargar og tema.
Mot: Vil helst stemme på eit nytt fotografi og ikkje eit maleri som er hundrevis av år.
På grunn av storleiken på fila er dette ein mindre versjon av fila.

Schloss Lichtenstein fotografert av -donald-.
For: Herleg fantasy-kjensle over biletet. Minner meg om ein av borgane i A Song of Ice and Fire.
Fint motiv og fint utført.
Mot: Kan det verte litt kjedeleg?

Sørleg elefantsel fotografert av Butterfly austral.
For: Bra bilete av ein sel i det fri.
Mot: Unødvendig å plage ein sel for å få eit bilete. Eg ser for meg at fotografen sit rett forran den redde selen.
Golden Gate fotografert av Mbz1
For: Stileg bilete naturfenomen med all skodda rundt brua.
Mot: Kan kanskje verte litt kjedeleg med så lite som skjer i biletet?
Angripande leopard fotografert av Leo za1.
For: Fantastisk bilete. Ein lurar på kva som skjer med fotografen rett etterpå. Konsentrert blikk på leoparden.
Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode.
Laserskot frå romstasjon.
For: Spanande bilete frå rommet. Gjev innsyn i noko vi aldri ellers ville sett.
Mot: Usikker på om slike bilete frå milliardprosjekt bør premierast over bilete frå vanlege dødlege.
Einsleg hus fotografert av Michael Otto.
For: Skjer mykje meir i biletet enn ein skulle tru med tanke på motivet.
Mot: Passar biletet best som puslespel?
Taket i Albanuskatedralen i Namen fotografert av Luc Viatour.
For: Flott bilete. Artig at ein vert litt svimmel av biletet.
Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode.
Portrett av ei floge tatt av JJ Harrison.
For: Fantastisk nærbilete av ei floge som viser at også dei er vakre på sin måte.
Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode.

Belœil Castle fotografert av Luc Viatour.
For: Stilig, spøkelsesaktig stemning med det blå slotttet.
Mot: Kanskje litt kjedeleg?

Ein indisk sadhu fotografert av Pierre-Emmanuel Boiton.
For: Flott bilete som gjer meg nyfiken på hinduismen. Spanande uttrykk på mannen.
Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode.

Sianaiagam fotografert av Ester Inbar.
For: Fabelaktig bilete av ein spektakulær agam. Biletet er skrivebordsbakgrunn på min jobb-PC.
Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode.
Buddhabrot av UnreifeKirsche.
For: Utruleg spektakulært.
Mot: Eg anar ikkje kva dette eigentleg er for noko...


Detalj frå ein mexikansk mumie fotografert av Tomas Castelazo.
For: Stilig og gripande detalj.
Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode.
Ost og vin fotografert av Stefan Krause.
For: Korleis får ein eigentleg til dette?
Mot: Lite talar mot anna enn at eg er usikker på om dette er det aller beste av dei mange gode.
Raudauga trefrosk fotografert av Carey James Balboa.
For: Utruleg spektakulær frosk. Biletet var i lang tid bakgrunn på datamaskina mi.
Mot:
Frosken er faktisk så spektakulær at biletet vert slitsomt i lengda.
Vulkanutbrot fotografert av NASA.
For: Flott bilete med mektig motiv.
Mot: Skal NASA konkurere med vanlege folk?
Dette er altså dei kandidatane eg vurderer. Det kan sikkert argumenterast godt for at eg ser meir på det spektakulære/vakre i motivet enn det fototekninske eller informasjonsverdien i biletet. Dette er rett, men eg er ein absolutt legmann når det kjem til fotografi. 

2 kommentarer:

Hilde Marie sa...

Eg likte det einslege huset best. Snål, litt melankolsk stemning. Anna argument har eg ikkje.

Steinar Sneås Skauge sa...

Eg gjekk til slutt for den detaljen frå mumien. Merka at det bilete greip meg meir enn dei andre.

Legg inn en kommentar