søndag 19. juni 2011

William Allingham

Dei siste dagane har eg lagt ut tre dikt av William Allingham, ein diktar som for meg var heilt ukjent fram til torsdag. Då sat eg og bladde i monsterboka The Penguin Book of Victorian Verse, ein murstein eg plukka med meg på eit posesal ein gong. I boka fann eg det sympatiske diktet «The Fairy King», og fann fleire artige dikt av Allingham på nettet.

William Allingham. Biletet er henta frå
Wikimedia Commons.
The Penguin Book of Victorian Verse sa ikkje så mykje om fyren, berre at han var ein irsk poet og journalist. Wikipedia hadde heldigvis litt meir. Allingham levde dei tre siste firedelane av 1800-talet. Han var som sagt irsk og skreiv mange dikt der irsk nasjonalkjensle var framtredande. Det er kanskje det som gjer at eg liker desse dikta, for mykje av den irske folkloren kjenner ein att frå moderne fantastisk litteratur. Då er det kanskje ikkje så rart heller om Allingham har påverka den fantastiske litteraturen. Eit rykte som går på nettet, men som eg ikkje har fått stadfesta, seier at Terry Pratchett brukte ei linje frå Allingham sitt dikt «The Fairies» som arbeidstittel for boka som til slutt fekk namnet The Wee Free Men. (For å bruke Wikipediaspråk: Trenger referanse) Uansett er dei dikta eg har lese artige. Ein skal ikkje sjå vekk frå at det kan dukke opp fleire dikt av William Allingham på St. Isidors minne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar