onsdag 15. desember 2010

Ero Cras - I morgon kjem eg


Ero Cras er ein samansetjing av den første bokstaven i namna på dei såkalla "O antifonane" lest baklengs. O antifonane er antifonar, altså korte liturgiske ledd, som er ein del av liturgien for vesper dei siste dagane i adventsida. Antifonane er gamle. Ein veit ikkje heilt kor gamle, men allereie frå rundt 500 e. Kr. kan dei ha vore i bruk.
Alle desse ulike antifonane består av ein mesiansk tittel og refererer til ulike skriftstader. Eg vil publisere ein bloggpost kvar dag framover, frå og med den 17., ein for kvar antifon.Samstundes vil eg vise skriftstader dei byggjer på. Det er ein fin måte å rette seg inn mot julefeiringa som adventstida leier fram til.

Dei norske omjingane i lista over er henta frå den norske omsetjinga av Wolfgang Pagge sin The O Antiphons. Ein finn også spanande stoff i The Advent Antiphons.

søndag 12. desember 2010

Nonner med vakker skrift

Rikt utsmykka Bibel.
Henta frå Wikimedia Commons.
Forskning.no la for ei vekes tid sidan ut ein spanande sak. Nils Dverstorp har tatt doktorgrad om skrivekunst i middelalderen, og har i den samanheng jobba særskild med klosteret i Vadstena i Sverige.

I dette klosteret, som i dei fleste andre kloster, brukte dei mykje tid på å produsere biblar og andre skrifter. I daglegtalen omtalar vi ofte slike skrifter som «munkeskrifter», og vi ser gjerne for oss munkar bøygd over store manuskript i den dårleg opplyste skrivestova.

Å kopiere Bibelen var ein viktig oppgåve. I si interessante bok om klosterliv i middelalderen, gjenngjev Karl Gervin noko den romerske senatoren og forfattaren Cassiodor sa om det å kopiere biblar.

Hvor salig er ikke utholdenheten og hvor rosverdig fliden som med hånden forkynner for menneskene, med fingrene får tunger til å tale og uten en lyd gir frelse til dødelige. Slik kjempes det mot Djevelens skammelige bedragerier med penn og blekk, og Satan får like mange sår som de Gudsord skriveren kopierer.
Karl Gervin, Klostrene ved verdens ende, Pax forlag, Oslo, 2007. Side 144
Det å skrive biblar var altså sett på som særs viktig, noko som ikkje er det minste rart all den tid Bibelen er grunnboka for klosterverksemda.

Det Dverstorp har vist i sitt arbeid, var at det i Vadstena var nonnene som stod for desse kopiane. «Munkenes bokproduksjon besto blant annet av referanselitteratur for prekener og bibelkommentarer, dette var hverdagsformål i middelalderens klosterliv», medan «Nonnene arbeidet i større grad med praktmanuskripter. Til det behøvdes flottere skrifttyper.» Til desse praktmanuskripta meiner eg det er naturleg å sjå for seg både bibelkopiar og også andre viktige bøker i klosterlivet som messebøker og liknande.

Kva viser dette oss? Bortsett frå at det viser oss at også i middelalderen hadde kvinner jamnt over finare handskrift enn menn, seier det oss noko om kvinner sin status i Kyrkja. Det viser oss at når det frå tid til anna vert hevda at Kyrkja til alle tider har undertrykt kvinner, er dette i alle høve ikkje meir enn ei delvis sanning. Det kan seiast mykje om kvinner sin plass i Kyrkja gjennom historia, men samanlikna med den plassen kvinnene har hatt i samfunnet generelt, kjem ikkje Kyrkja så dårleg ut. (Utan at eg vil gå inn på ein diskusjon om kvar Kyrkja sluttar og samfunnet byrjar gjennom historia.) Kvinner har mellom anna hatt viktige oppgåver i Kyrkja, som å kopiere Kyrkja sine heilage skrifter.

Vadstena kloster.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I bloggen min har eg fleire gongar vore innom viktige kvinner i kyrkjehistoria, og då særleg kvinner som Teresa av Ávila og Julian av Norwich. Dagens tur til Vadstena tar oss til ei av dei største kvinnene i den skandinaviske kyrkja, Birgitta av Vadstena. Ho grunnla ein klosterorden, Birgittinerordenen, ein orden som har kloster for både menn og kvinner, men der abbedissen, altså ei kvinne, har høgast rang i klosteret. Det har vore store, mektige, viktige kvinner i Kyrkja gjennom heile historia. Når ein omtalar kyrkjehistoria som ein patriarkalsk maraton, gjer ein samstundes sitt til å gjere dette til ei sanning ved at ein gløymer og marginaliserer både dei store og viktige kvinnene i kyrkjehistoria og dei anonyme søstrene i Vadstena som med stor flid kopierte manuskript.

Kyrkja har ikkje ein feilfri historie når det kjem til korleis ein har handla mot kvinner, men dei kvinnene vi ser i historia fortener heller ikkje å verte gløymde.

onsdag 8. desember 2010

Ja, dette vil vi!


I dag offentleggjorde ei arbeidsgruppe under Norges Kristne Råd eit glitrande visjonsdokument med tittelen «Dette vil vi». Dokumentet er laga av ei gruppe satt saman av breidden i det kristne Norge. Frå min gamle organisasjon, Forbundet, via baptistar, katolikkar og migrantkyrkjelydar til adventistar.

Eg vil ikkje seie så mykje om dokumentet. Det er kort og greit og talar for seg sjølv. Eg vil derimot seie at det er gledeleg at Kyrkja samla no kjem klare ord til styresmaktene om korleis vi vil at folk skal verte handsama i landet vårt. I korte trekk seier dokumentet det eg har forfekta på denne bloggen gong på gong. Folk skal handsamast likt, uavhengig av bakgrunn, for vi ha alle det same menneskeverdet!

Eg gjev mi fulle støtte til «Dette vil vi». Eg vil oppmode alle til å laste det ned, noko ein kan gjere via denne lenkja, lese det og handle etter det som står i dokumentet.  Det er ei byrjing, men vi har ein lang veg å gå, for som det vert sagt i «Dette vil vi»

Vårt mål er fred, rettferdighet og et bærekraftig samfunn – “ en ny himmel og en ny jord hvor rettferdighet bor.” (2. Peter 3.13)

tirsdag 7. desember 2010

Frå slave til helgen?


Gjennom ei lenkje på Facebook kom eg over ein interessant artikkel i National Catholic Reporter. Den katolske kyrkja i USA har starta ein prosess dei vonar vil ende med kanonisering av Augustus Tolton. Tolton var den første katolske presten i USA med afrikansk bakgrunn, og han vart fødd inn i slaveri. Då han var ni år gamal vart slaveriet avskaffa, og sytten år gamal byrja han på skule i Roma. Han måtte til Roma fordi ingen skular i USA ville ta inn ein svart mann.

Han vart ordinert og sendt attende til USA, der han først virka som prest i Quincy, men der vart han pressa ut av ein kvit prest som ikkje ville jobbe med han. Deretter vart han overført til Chicago der han byrja å jobbe mellom dei svarte i byen. Han jobba der i 11 år, før han døde 43 år gamal. Noko som var vanleg for katolske prestar på denne tida. Kombinasjonen lange dagar, sjukebesøk og manglande antibiotika var ikkje heilt optimal for prestehelsa.

I livet til Tolton ser vi kyrkja på sitt verste, når vi ser kyrkja som ein spegel av dei raseskilja ein finn ellers i samfunnet. Dette er ikkje noko som berre var slik i USA på slutten av 1800-talet, men er diverre noko vi også ser i kyrkja i Norge i dag. Dei haldningane til folk med anna bakgrunn enn den «tradisjonelle norske» vi finn i samfunnet generelt, finn vi også i kyrkjelydane våre.

Samstundes viser livet hans kyrkja på sitt beste. Om opphaldet sitt på skule i Roma sa Tolton dette:
I was finally admitted to the College de Propaganda Fide, and found out that I was not the only black man there. There were students from Africa, China, Japan, and other parts of the world. The church which knows and makes no distinction in race and color had called them all.

When the church does all of this, is she not a true liberator of the race? In this church we do not have to fight for our rights because we are black. She had colored saints — St. Augustine, St. Benedict the Moor, St. Monica, the mother of St. Augustine. The church is broad and liberal. She is the church of our people.
Dette er også eit like sant bilete av kyrkja i dag, både i Norge og resten av verda. Kyrkja - og då meiner eg heile kyrkja og ikkje berre Den katolske kyrkja som Tolton her snakka om, men også den lutherske kyrkja og heile kyrkjefamilien - er i sanning eit fargerikt fellesskap der folk av alle nasjonalitetar og kulturar vert innlemma på like vilkår.  Tolton sitt liv viser her Kyrkja i sine ytterpunkt.

Erkebiskopen av Chicago, Francis Kardinal George seier om Tolton at «Fr. Tolton’s cause for sainthood is being introduced in the Archdiocese of Chicago, and during this year for priests it would be good to pray to him and to ask the Lord to send us many more priests like him.»

Dette har kardinalen heilt rett i. Vi treng fleire prestar som Tolton. Då meiner eg ikkje prestar som må vere svarte eller tilhøyre eit undertrykt folk, men prestar som avspeglar folket vi er kyrkje for. Vi treng prestar som klarar å kommunisere til alle etniske og kulturelle grupper og subkulturar, ikkje berre den kvite middelklassen som Den norske kyrkje når i dag.

Korleis det går med kanoniseringsprosessen veit eg ikkje. Det får katolikkane ta seg av. Interesserte kan lese meir på http://www.toltoncanonization.com/.  Men Tolton kan stå som eit døme til resten av kyrkja på våre verste og beste sider. Lat oss lære av og dyrke dei beste sidene som kjem fram i Tolton sitt liv!

lørdag 4. desember 2010

Avisa Sunnhordland på villspor

Gjennom spalten «Å Vestland» i Bergens Tidende las eg på torsdag denne veka følgjande sitat frå ein leiarartikkel i Sunnhordland:
Me respekterer at andre har sitt religiøse liv, men me er slett ikkje samde i at alle krav som kjem frå den muslimske leiren skal innfriast. Det kan ikkje vera slik at dei som av ulike grunnar flyktar frå sitt eige land for å få eit betre liv, skal koma med krav som vil føra til store omleggingar i eit etablert samfunn, med sin eigen sterke kultur. Det er dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar, ikkje omvendt.
Bergens Tidende, 2. des 2010. Del 1, side 2. 
Eg veit ikkje kven som skriv leiarartiklane i Sunnhordland, men personen som skreiv dette, bør verkeleg ta ein ny runde med kva prinsipp som vert fronta gjennom avisa. Dette er djupt udemokratisk, det gjer skil på menneskeverdet til folk og det er tankar som er umogelege å gjennomføre, og som til slutt vil kollapse i sin eige galskap.

For det første er det djupt udemokratisk at leiarskribenten vil ta frå dei som kjem til Norge mogelegheiten til å påverke vårt samfunn. Det er «dei» som skal føye seg etter «oss». «Vi» har altså retten til å definere korleis «dei» skal ha det, og «dei» må berre finne seg i dette. Er «dei» ueingige, har «dei» ikkje noko dei skulle ha sagt, «dei» er jo her som ein slags form for permanente gjestart. Det er djupt udemokratisk korleis leiarskribenten vil nekte desse folka å ta del i samfunnsdebatten på lik linje med alle andre folk. Dei har, som alle andre grupper, full rett til å ta opp saker og be om at ting skal tilpassast dei. Det gjer dei heldigvis også, på same måte som alle andre grupper i samfunnet frontar sine sakar. Dei som er borgarar i landet er alle like mykje eit medlem av vårt samfunn, og då har alle like mykje rett til å påvirke samfunnet i den leia dei er interessert i å føre det. Om det er ei lei majoriteten av samfunnet ikkje vil, fungerer demokratiet slik at vi ikkje går dit, men vi tilpassar ofte samfunnet til minoritetsgrupper med gode argument. Leiarskribenten vil ta vekk desse grunnleggjande, demokratiske rettane til desse folka når det vert sagt at «dei» skal inrette seg etter «oss». Den demokratiske, likeverdige måten å gjere dette på, er at alle innrettar seg etter alle. Dei folka som er i eit samfunn, pregar samfunnet og ingen har rett til å seie at «vi var her først, så det er vi som bestemmer.» Det er det «dei store gutane» i femte klasse på skulen seier til dei små i første. Då kallast det mobbing. No seier Sunnhordland det same.

For det andre gjer ein skil på menneskeverdet når ein deler folk inn i rangerte grupper som det vert gjort her. «Dei» høyrer ikkje til her, men det gjer «vi», så då bestemmer «vi». Dette er konklusjonen om ein følgjer logikken i argumentet til Sunnhordland. Alle vil sjå at slike tankar ikkje er noko vi vil ha i vårt samfunn. Vi vil ha eit samfunn der alle er like mykje verdt, uavhengig av etnisk bakgrunn, religion, kor lenge dei har budd i Norge og likande. Vi kan ikkje seie at nokon skal ha fleire grunnleggjande rettar enn andre. Retten til å vere med å bestemme i landet ein bur i, vert slått fast mellom anna i §21 i Menneskerettane, og i §2 vert det slått fast med klare ord at:

Enhver har krav på alle de rettigheter og friheter som er nevnt i denne erklæring, uten forskjell av noen art, f. eks. på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opprinnelse, eiendom, fødsel eller annet forhold.
Sunnhordland bryr seg ikkje nemneverdig med dette. Dei slår fast at  «Det er dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar, ikkje omvendt.»

Den innebygde galskapen i det Sunnhordland forfektar vert klar om ein ser litt nærare på det dei seier. Dei snakkar i utgangspunktet om krav frå «den muslimske leiren», før dei slår fast at « dei som kjem hit som må innretta seg etter våre reglar». Korleis meiner Sunnhordland at dette skiljet mellom «dei som kjem hit» og oss andre skal definerast? Er det slik at det er muslimane som gruppe som er «dei som kjem hit» eller er det berre dei muslimane som er fødde i andre land? I så fall, er det greit om muslimar fødde i Norge frontar krav på vegne av gruppa, eller er det berre dei gruppene som finn seg innanfor det vi kan definere som «våre reglar» som kan kome med krav til storsamfunnet? Kva er i så fall dei gruppene som er innanfor? Og korleis kjem ein dit? Hanseatane er dei norske nok? Eller dei danske adelsfamiliane? Tredjegenerasjonsinnvandrarar? Eller kva med kristne innvandrarar? Og vil ein i så fall seie at kristne polakkar har meir rett til å «koma med krav som vil føra til store omleggingar» enn kristne kenyanarar, sidan dei trass alt ligg nærare «våre reglar» kulturelt sett? Ein hamnar i eit uføre der ein til slutt ikkje kan gje nokon rett til å freiste å forme samfunnet vårt.

Kategorisering i «oss» og «dei» skapar dessutan fiendebilete og hidrar både integrering og kommunikasjon. Det stengjer nokon folk ute frå det gode selskap, og byggjer murar mellom grupper. Å setje grupper i samfunnet opp mot kvarandre, slik Sunnhordland gjer, er oppskrifta på å destabilisere samfunnet gjennom å skape mistru, frykt og dårleg kommunikasjonsklima. (Det ironiske er at dei gjer dette medan dei kommenterer eit foredrag av Kjell Magne Bondevik, som snakkar om korleis ein kan byggje fred og kommunikasjon, og slår fast at «me er langt på veg samde med Bondevik».)

Demokratiet sitt vesen er slik at dei som er medlemmar av eit samfunn saman formar reglane og rammene for samfunnet. Når demografien endrar seg, vil også rammene for samfunnet endre seg. Det er heilt naturleg, ja det er eigentleg ynskjeleg i eit demokrati. Når vi får fleire og fleire muslimar i Norge, skal dei ha akkurat dei same rettane som alle andre til å fronte sine saker og til å forandre samfunnet dei er ein del av. Det skulle berre mangle. 

Sunnhordland er diverre ikkje åleine i å fronte slike meiningar. Dei vert ofte fronta i demokratiet sitt namn, sjølv om dei i sitt grunnleggjande vesen er udemokratiske og strir mot grunnleggjande menneskerettar.

torsdag 25. november 2010

Det måtte komme... Ein post om presten i Oslo

Til slutt måtte vel også eg seie nokre ord om ordskiftet på austkanten i Oslo. Eg vil rett nok ikkje seie så mykje om det som har skjedd. Dei fakta som har kome fram i media talar vel for seg... Kvarme har tatt «ein Høybråten» og tatt støyten for ein sak alle vil sjå var rett når ting har roa seg.

Det som uroar meg er ikkje «mørkemenn», det er ikkje frykt for å verte knebla sidan eg er prest og det er ikkje at folk skal melde seg ut i hopetal. Det som uroar meg er utsegna som har kome frå enkelte politikarar i denne saka. I den umiddelbare blodtåka som la seg over twitterkommentatorstanden då tiend kom om saka, kom dei hårreisande kommentarane frå Arild Stokkan-Grande; «Kirkens budskap skal være kjærlighet, men mullah Kvarme vil heller kneble...» og Guri Størvold, ei av dei som er nær Liv Signe Navarsete; «Poenget er at vi kan ikke ha en statsstøttet folkekirke hvor det ikke er rom for fargerike og frittalende prester som Gelius.» Stokkan-Grande sin kommentar er så hårreisande dum, fordomsfull og intollerant at den eigentleg burde blitt tia i hel, hadde det ikkje vore for at han no i dag, då han burde ha fått tid til å tenkje seg om, finn ut at politikarane no må diskutere kyrkja. Ein står altså med to sentralt plasserte politikarar som vil gå inn og styre eit trussamfunn politisk, avdi dei ikkje er einige med det som skjer i trussamfunnet.

Eg vil peike på kva Human-Etisk Forbund, ein organisasjon eg ikkje alltid er einig med, men som er gode på prinsipiell tenking om religionsfridom seier om politisk styring av kyrkja:
Statskirkeordningen gir på den ene side kirken privilegier i forhold til andre, mens på den andre siden får kirken begrenset religionsfrihet gjennom at den styres politisk. Det er ikke legitimt å bruke statsmakt til å fremme et bestemt kirkesyn på denne måten,

Dette er eg totalt einig i. Det Stokkan-Grande og Størvold tar til ordet for, er å bryte Den norske kyrkje sin fridom til å praktisere si tru utan innblanding frå politikarar. Det er eit brot på elementære rettar. At ein representant for Senterpartiet vil gjere dette samstundes som ho peikar på det at ein har ei statsstøtta folkekyrkje er ekstra graverande, all den tid ho representerer eit parti som kjemper med nebb og klør for at kyrkja ikkje skal få sleppe fri frå vårt babylonske fangenskap.

Eg trur også at Stokkan-Grande tar grunnleggjande feil når han hevdar at kyrkja er svekka av denne saka. Eg trur dei aller fleste ser at dette er ein personalsak som er blåst ut av alle proposjonar av media og at kyrkja har ein god sak. Derimot trur eg politikarar som har vist at dei ikkje respekterar grunnleggjande rettar som religionsfridomen kjem svekka ut av dette.

lørdag 20. november 2010

Ein helt og litt om hald av herptil

Boa constrictor. Slangearten som vart redda av ein politimann.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag låg det eit medlemsbrev frå Norsk Herpetologisk Forening i postkassa mi. Organisasjonen har lenge arbeidd med ei såkalla «positivliste», det vil seie ei liste over kva reptil og amfibium dei foreslår det skal vere lov å ha om ein gjev slepp på det forbodet mot hald av slike dyr som ein har her i Norge. NHF fekk dette i oppgåve frå Mattilsynet i 2008, og denne lista har vidare blitt vurdert av ein vitskapleg komité. NHF melder i sitt brev at komiteen har levert ein rapport som er relativt positiv, og som gjev grunn til «forsiktig optimisme» med tanke på om forbodet vert oppheva.

Det kan altså gå mot slutten for dette meiningslause forbodet som kom i 1977!

Boaen Bodil i Målselv.
Foto knabbet fra NRK.
Medan vi ventar på at fornuften skal sigre, kan vi markere ein helt i politiet. Ragnar Schjølset og politikontoret i Målselv beslagla ein flott boa constrictor for nokre veker sidan. Han ville ikkje avlive den flotte slangen, og har etter ein del arbeid klart å få omplassert den til Arendal Sommerfuglpark. Det betyr at den får leve vidare og folk får mogelegheit til å sjå slangen vekse seg enorm. NRK Troms og Finmark har laga ei fin sak om dette, der det også er ein video der ein kan sjå slangen krype rundt på Målselv lensmannskontor.

Når det er sagt, kan det sjølvsagt diskuterast kor lurt det er å satse på eit husdyr som kan verte fire meter langt...