søndag 12. desember 2010

Nonner med vakker skrift

Rikt utsmykka Bibel.
Henta frå Wikimedia Commons.
Forskning.no la for ei vekes tid sidan ut ein spanande sak. Nils Dverstorp har tatt doktorgrad om skrivekunst i middelalderen, og har i den samanheng jobba særskild med klosteret i Vadstena i Sverige.

I dette klosteret, som i dei fleste andre kloster, brukte dei mykje tid på å produsere biblar og andre skrifter. I daglegtalen omtalar vi ofte slike skrifter som «munkeskrifter», og vi ser gjerne for oss munkar bøygd over store manuskript i den dårleg opplyste skrivestova.

Å kopiere Bibelen var ein viktig oppgåve. I si interessante bok om klosterliv i middelalderen, gjenngjev Karl Gervin noko den romerske senatoren og forfattaren Cassiodor sa om det å kopiere biblar.

Hvor salig er ikke utholdenheten og hvor rosverdig fliden som med hånden forkynner for menneskene, med fingrene får tunger til å tale og uten en lyd gir frelse til dødelige. Slik kjempes det mot Djevelens skammelige bedragerier med penn og blekk, og Satan får like mange sår som de Gudsord skriveren kopierer.
Karl Gervin, Klostrene ved verdens ende, Pax forlag, Oslo, 2007. Side 144
Det å skrive biblar var altså sett på som særs viktig, noko som ikkje er det minste rart all den tid Bibelen er grunnboka for klosterverksemda.

Det Dverstorp har vist i sitt arbeid, var at det i Vadstena var nonnene som stod for desse kopiane. «Munkenes bokproduksjon besto blant annet av referanselitteratur for prekener og bibelkommentarer, dette var hverdagsformål i middelalderens klosterliv», medan «Nonnene arbeidet i større grad med praktmanuskripter. Til det behøvdes flottere skrifttyper.» Til desse praktmanuskripta meiner eg det er naturleg å sjå for seg både bibelkopiar og også andre viktige bøker i klosterlivet som messebøker og liknande.

Kva viser dette oss? Bortsett frå at det viser oss at også i middelalderen hadde kvinner jamnt over finare handskrift enn menn, seier det oss noko om kvinner sin status i Kyrkja. Det viser oss at når det frå tid til anna vert hevda at Kyrkja til alle tider har undertrykt kvinner, er dette i alle høve ikkje meir enn ei delvis sanning. Det kan seiast mykje om kvinner sin plass i Kyrkja gjennom historia, men samanlikna med den plassen kvinnene har hatt i samfunnet generelt, kjem ikkje Kyrkja så dårleg ut. (Utan at eg vil gå inn på ein diskusjon om kvar Kyrkja sluttar og samfunnet byrjar gjennom historia.) Kvinner har mellom anna hatt viktige oppgåver i Kyrkja, som å kopiere Kyrkja sine heilage skrifter.

Vadstena kloster.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I bloggen min har eg fleire gongar vore innom viktige kvinner i kyrkjehistoria, og då særleg kvinner som Teresa av Ávila og Julian av Norwich. Dagens tur til Vadstena tar oss til ei av dei største kvinnene i den skandinaviske kyrkja, Birgitta av Vadstena. Ho grunnla ein klosterorden, Birgittinerordenen, ein orden som har kloster for både menn og kvinner, men der abbedissen, altså ei kvinne, har høgast rang i klosteret. Det har vore store, mektige, viktige kvinner i Kyrkja gjennom heile historia. Når ein omtalar kyrkjehistoria som ein patriarkalsk maraton, gjer ein samstundes sitt til å gjere dette til ei sanning ved at ein gløymer og marginaliserer både dei store og viktige kvinnene i kyrkjehistoria og dei anonyme søstrene i Vadstena som med stor flid kopierte manuskript.

Kyrkja har ikkje ein feilfri historie når det kjem til korleis ein har handla mot kvinner, men dei kvinnene vi ser i historia fortener heller ikkje å verte gløymde.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar