torsdag 29. september 2011

Kven lånar frå kven?

«Til ungdommen» havnar nok i den neste salmeboka til Den norske kyrkje. Dette er noko ein kan meine mykje om, både for og imot. Sjølv har eg ikkje sterke meiningar rundt dette. Eg likar songen svært godt og har sunge han mykje gjennom mange år, men ser argumenta frå dei som ikkje vil ha han inn.

Ein motstandar av å innlemme sangen i salmeboka bommar derimot skikkeleg med argumentasjonen. Eller, kanskje er det berre at den fell grundig gjennom i samanhengen den står i. Argument om at songen kjem frå ein annan tradisjon enn Kyrkja har godt hald i seg, men fagsjef i HEF Bente Sandvig kjem med kritikk som ikkje på nokon måte treff. Ho seier til fritanke.no:

Jeg synes dette blir litt opportunistisk av dem. Dette er en signatursang for oss som alltid synges på humanistisk konfirmasjon. Her bød det seg en mulighet, og kirken grep den. Jeg synes de tar eierskap til noe som ikke tilhører dem. Å bruke sangen i en helt spesiell situasjon som etter 22. juli er greit, men når de tar den inn i salmeboka blir det som å låne noe uten å gi det tilbake
Sandvig trekk sjølv inn humanistisk konfirmasjon, og slår dermed ihel sitt eige argument. For med humanistisk konfirmasjon kan ein verkeleg hevda at HEF «tar eierskap i noe som ikke tilhører dem».

HEF kan sjølvsagt ønske å ha songen for seg sjølv, men då bør dei argumentere betre for seg ein dette. Dei har sjølv tatt eit ord som har ein fleire hundreårig kyrkjeleg tradisjon i Norge og brukt det til sitt eige bruk. Då kan ein ikkje klage på at andre «tar eierskap i noe som ikke tilhører dem».

Kanskje ein heller kan seie at HEF lånte noko utan å levere det attende då dei tok ordet «konfirmasjon», og nå får kyrkja noko att for lånet?

Engleleiaren Mikael

Mikael måla av ein ukjend målar
frå Brasil.
Biletet henta frå Commons.
I fjor var bloggen innom englar og liturgien i Den norske kyrkje på Mikkelsmess, medan det i år kan vere på sin plass å sjå meir på den av englane dagen har fått namnet sitt frå, og som dette tidlegeare var ein eigen festdag for.

Mikael er ein av berre to englar i den kanonversjonen av Bibelen vi held oss med, som vert nemnt med namn. Den andre er Gabriel.

Mikael trer først fram i Daniel der han vert omtala som «ein av dei fremste hovdingane». (Dan 10,13) Seinare kjem endetidsvisjonen til Daniel, og der les vi mellom anna desse orda om Mikael, som også her får ein framtredande plass, no som «den store fyrsten».
        På den tid skal Mikael,
        den store fyrsten, stiga fram,
        han som vernar dine landsmenn.
        Det skal koma ei trengselstid
        som det ikkje har vore maken til
        heilt sidan folkeslag vart til.
        Men på den tid skal folket ditt verta frelst,
        alle som er oppskrivne i boka.
   
     Og mange av dei som søv i molda,
        skal vakna opp,
        somme til evig liv,
        andre til skam og evig avsky.
   
     Då skal dei vituge skina
        som himmelkvelven skin;
        og dei som har ført dei mange til rettferd,
        skal skina som stjernene, evig og alltid.
        (Dan 12, 1-3)
Mikael drep dragen.
Biletet er henta frå Commons.
Mikael vert altså sterkt knytta til endetida og domen, og dette er noko som vert slått sterkare fast i Johannes Openberring, der ein kan lese dette om Mikael.:

Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine, men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han. Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa:
          «Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud,
          og herredømet den han har salva.
          For klagaren er kasta,
          han som dag og natt førte klagemål mot syskena våre
          for vår Guds andlet.
       
          Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammet
          og det ordet dei vitna om;
          dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.
       
          Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei!
          Men ve over jorda og havet,
          for djevelen har kome ned til dykk,
          og vreiden hans er stor,
          for han veit at tida hans er kort.»

          (Op 12, 7-12)
Her er Mikael tydeleg ein leiar for himmelhæren som slåst mot Satan. Den siste plassen han vert nemnd med namn er han også i strid med Satan. Det er i Judas' brev i vers 9, der han kranglar om kroppen til Moses.
 ...då erkeengelen Mikael låg i strid med djevelen om kroppen til Moses, våga han ikkje spotta djevelen og dømma han, men sa: Må Herren straffa deg!
(Jud, 9)
Dette er dei plassane i Bibelen der Mikael vert eksplisitt presentert som engelen som er i aksjon, men også andre stader er det tradisjon for å lese han inn i det som skjer, som til dømes engelen som vokta porten til hagen i 1. Mosebok.  I tideleg kristen tid vart han også tillagt store krefter i skrifter som dukka opp. Mellom anna skal forbøn frå Mikael ha hatt stor nok kraft til å kunne redde sjelar frå Helvete.

I Francesco Bottichini sitt maleri av korleis Maria vert teken opp i
himmelen er englane delt i tre kor og eit hirearki med ni grupper.
Ein er usamd om kvar Mikael står i denne forsamlinga.
Biletet er henta frå Commons.
Basert på det ein les om Mikael har han tradisjonelt blitt forstått som ein viktig engel for Kyrkja i Himmelen og på jorda. Ein har rekna med at Mikael står fremst i kampen mot Satan, at han kjempar for å redde sjelar frå Satan i dødstimen deira og at han kallar sjelar til domen. I tillegg har han vorte rekna som beskyttar for Guds folk. Dette forstod ein først som jødane, medan Kyrkja har forstått Mikael som beskyttaren over Kyrkja som gudsfolket i den nye pakta.

Ein har tillagt Mikael ulik rang i englehirearkiet. Basilios og andre greske fedre plasserte han over alle andre englane som deira prins, medan Thomas Aquinas hevda at han kun var prins for det lavaste av dei ni englekora. Som det ofte er med englelæra har ein litt skrale kjelder, men interessant er det like fullt.

Akkurat kva rolla til Mikael er kan ein lure på, men at han har ein viktig rolle mellom englane er udiskutabelt. Vi avsluttar derfor, som i fjor, med ein bøn til Mikael henta frå En liten katolsk bønnebok.
Hellige erkeengen Mikael, forsvar oss i striden, vern oss mot djevelens ondskap og snarer. Ydmykt trygler vi om at Gud må undertrykke den onde. Og vi ber deg, de himmelske hærskarenes fyrste, om at du med den makt Gud har gitt deg, vil styrte i helvetet Satan og ondskapens ånder som streifer omkring i verden til sjelenes ulykke.

tirsdag 27. september 2011

The Fairies

For ei stund sidan kom det tre dikt av den irske diktaren William Allingham her på bloggen. Eg nemnde også diktet «The Fairies» utan å gjere noko meir med det. Dette må no rettast opp, og her er «The Fairies» av William Allingham.
Up the airy mountain,
Down the rushy glen,
We daren't go a-hunting
For fear of little men;

Wee folk, good folk,
Trooping all together;
Green jacket, red cap,

And white owl's feather!
Down along the rocky shore
Some make their home,

They live on crispy pancakes

Of yellow tide-foam;

Some in the reeds

Of the black mountain lake,

With frogs for their watch-dogs,
All night awake.
High on the hill-top
The old King sits;

He is now so old and gray
He's nigh lost his wits.

With a bridge of white mist
Columbkill he crosses,

On his stately journeys

From Slieveleague to Rosses;
Or going up with music
On cold starry nights,

To sup with the Queen
Of the gay Northern Lights.
They stole little Bridget
For seven years long;

When she came down again

Her friends were all gone.

They took her lightly back,
Between the night and morrow,
They thought that she was fast asleep,

But she was dead with sorrow.
They have kept her ever sinceDeep within the lake,On a bed of flag-leaves,
Watching till she wake.
By the craggy hill-side,
Through the mosses bare,
They have planted thorn-trees
For pleasure here and there.
Is any man so daring

As dig them up in spite,
He shall find their sharpest thorns

In his bed at night.

Up the airy mountain,
Down the rushy glen,

We daren't go a-hunting

For fear of little men;
Wee folk, good folk,

Trooping all together;
Green jacket, red cap,

And white owl's feather!
Henta frå Sixteen Poems by William Allingham, slik ein finn boka hjå Project Gutenber.

tirsdag 20. september 2011

Bergen i 1350

Bergen kommune og Riksantikvaren har laga denne flotte filmen som viser korleis Bergen kan ha sett ut i 1350. Strålande artig!



Ein kan lese meir om rekonstruksjonen på Riksantikvaren sine nettsider.

mandag 19. september 2011

Dalai Lama om fred og nedrustning

Den 14. Dalai Lama bør lyttast til.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I går såg eg filmen Kundun som omhandlar dei første leveåra til den 14. Dalai Lama, altså han som vi kjenner som Dalai Lama, frå han var liten gut i ein landsby i Tibet til han måtte flykte til India for å unngå Mao sine styrker. Filmen var ein flott film som eg anbefalar.

I dag vart eg sittjande og bla i boka Tanker for et nytt årtusen som kom ut i 2000. I boka tar Dalai Lama for seg mange ulike emner, men det var kapittelet «Fred og nedrustning» eg vart lesande. Der fann eg, som venta, kloke tankar. Eg vil dele nokre av desse på bloggen.

Dalai Lama opnar kapittelet med å slå fast at vald ikkje løyser problem, heller ikkje såkalla forebyggjande angrep.
Forman Mao sa en gang at politisk makt kommer ut av geværmunningen. Selvfølgelig er det riktig at man med vold kan oppnå visse kortsiktige mål, men det nytter ikke å nå langsiktige mål på denne måten. Hvis vi ser på historien, finner vi at med tiden vinner alltid menneskenes kjærlighet til fred, rettferdighet og frihet over grusomhet og undertrykkelse. Det er derfor jeg tror så intenst på ikke-vold. Vold avler vold. Og vold betyr bare én ting, nemlig lidelse. Teoretisk sett er det mulig å tenke seg en situasjon der den eneste måten å forhindre en konflikt i stor skala på, er gjennom væpnet intervensjon på et tidlig stadium. Men problemet med dette argumentet er at det er meget vanskelig, for ikke å si umulig, å forutsi hva resultatet av voldshandlinger blir. Og vi kan heller ikke i utgangspunktet være sikre på at volden er berettiget. Det viser seg først i etterpåklokskapens lys. Det eneste som er sikkert, er at der hvor det finnes vold, finnes det alltid og uungåelig lidelse.[1]  
Han går vidare og drøftar kvifor folk ofte ikkje har tru på ikkje-vald som løysing og heller tyr til vald for å løyse problem. Han nemner frykt som ein grunn, og kjem også inn på ansvaret den enkelte har for å fremje fred gjennom korleis vi reagerer på det som skjer rundt oss. Så kjem han til noko eg meiner er svært viktig, nemleg heltedyrkinga av soldatar. Dette er noko vi ser overalt, anten det er i populærkultur eller i desse «Støtt troppane»-aksjonane som ein finn særleg i USA, men også her i Norge.
Den sørgelige sannhet er at vi er opplært til å betrakte krig som noe spennende og til og med noe ærefullt: soldater som marsjerer i flotte uniformer (som barn finner så tiltrekkende) med militærorkestre i spissen. Vi betrakter mord som noe forferdelig, men forbinder ikke krig med kriminalitet. Den blir tvert imot betraktet som en anledning der folk kan bevise at de er modige og dyktige. Vi snakker jo om heltene den skaper, nesten som om det skulle være slik at jo flere mennesker som blir drept, desto mer heroisk er den enkelte. Og vi snakker om det eller det våpenet som et fremragende stykke teknologi, og glemmer at når det blir brukt, vil det faktisk lemleste og drepe levende mennesker. Din venn, min venn, våre mødre, fedre, søstre og brødre, deg og meg.[2] 

Han slår vidare fast eit anna faktum, nemleg at våpena i seg sjølve faktisk ikkje kan drepe nokon. Det må til nokon som avfyrer dei. Derfor må vi byggje ned militærinstitusjonane vi har bygd opp, slik at ein ikkje har folk i posisjon til å bruke militær makt. Dette er ikkje gjort over natta, og kan kun skje gjennom eit samfunn der ein går inn for det på alle nivå.
Vi har alle en rolle å spille i dette. Når vi som enkeltmennesker avvæpner oss innvendig - ved at vi motarbeider våre negative tanker og følelser og dyrker positive egenskaper - skaper vi betingelsene for utvendig avvæpning. En ekte og varig fred vil da også bare være mulig som et resultat av at hver og en av oss gjør en innsats på det indre plan. Negative følelser er som bensin på konfliktenes bål. Derfor er det viktig at vi tar hensyn til andre og ikke gjør noe som kan være med på å gi dem lidelse ut fra en erkjennelse av at de har like stor rett på lykke som vi selv har.[3]
Dette han skriv her står i ein buddhistisk språkdrakt og tankeverd, men det bør likevel ha resonans hjå kristne lesarar. Tanken om ei indre vekst der ein gradvis vender seg meir og meir mot eit liv prega av det gode og tanken om at andre har like stor rett på lukke som oss sjølve går rett inn i det vi i luthersk samanheng kallar for «heilaggjering» og påbod som å elske nesten vår som oss sjølve. Tankane Lamaen kjem med bør derfor ikkje avfeiast som utopiske idear frå ein buddhist som lev fjernt frå verda. Det er tankar som ofte samsvarar med viktige punkt i kristen lære, og det bør inspirere oss kristne til å snakke høgare og oftare om ikkje-vald som følgje av kristen tru.

Dalai Lama går vidare og kjem med dei to viktigaste politiske grepa ein må gjere for å få ei verd utan krig. Ein må ruste ned dei enorme arsenala ein sit på rundt i heile verda og ein må avvikle våpenindustrien. Han har utvilsomt rett i dette og ein nasjon som vel å fronte seg sjølve som ein fredsnasjon burde gå føre og avskaffe både militærvesenet sitt og den skammelege våpenindusrien vi tener blodpengar på. Først då kan vi byrje å snakke om ein fredsnasjon.

[1] Dalai Lama, Tanker for et nytt årtusen, Cappelen, 2000. Side 217.
[2] Ibid. Side 220
[3] Ibid. Side 223

lørdag 17. september 2011

Hildegard von Bingen om nattverden

Det vesttyske postvesenet heidra Hildegard med eit eige
frimerke i samband med at det var 800 år sidan ho døydde i
1979. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
I dag er det minnedag for Hildegard von Bingen. Dette er ei dame det er så mykje å seie om at tida ikkje strekk til no. Ein kan ikkje fatte seg i korte ordelag om ei som var banebrytande innan teologi, botanikk, medisin og musikk. I staden vil eg dele ein visjon ho hadde. Visjonen har eg tidlegare brukt som preike på ei morgongudsteneste for prestar der vi skulle feire nattverd saman.

Hildegard tar oss med til kjerna av nattverden og den funkjsonen Kyrkja har som formidlar av nådemidla i verda, på ein måte som er like aktuell i dag som for ni hundre år sidan.

Overstrømmet av hans blod, som veltet ut av hans side, ble hun gitt ham til brud av den himmelske Fader og mottok som kosteligste bryllupsgave hans kjøtt og blod. Og jeg hørte, hvordan stemmen fra himmelen sa til ham: ”Min sønn, her er din brud som skal gjennføde mitt folk. Hun skal være dets Moder. Sjelene skjenker hun livet ved den frelsende gjennfødelse av vann og ånd.”Da ble hennes krefter styrket, og nå kom et alter tilsyne som hun hyppig tredde fram forran – Igjen og igjen så hun med dyp ærefrykt på sin brudegave og viste den frem for den himmelske Fader og hans engler. Da så jeg en prest, ikledt de hellige klær, tre forran alteret for å feire de guddommelige hemmeligheter, og plutselig kom det en lysglans fra himmelen. Engler fulgte etter, og lyset bølget om alteret. Slik forble det inntil presten fjernet seg etter det hellige offer. Etter at fredens evangelium var fremsagt og offergaven til konsekrasjonen var lagt parat på alteret, sang presten lovsangen til den allmektige Gud: ”Sanctus, Sanctus, Sanctus, Deus Sabaoth”, og innledet det uutsigelige mysterium. I det øyeblikk åpnet himmelen seg. En lysbølge som av ild av ubeskrivelig klarhet falt ned på offergavene og gjennomstrømmet dem helt med sin herlighet, likesom solen gjennomtrenger den gjennstand som den bestråler med sitt lys. Og det strålende lys løftet offergaven til usynlige høyder i himmelens innerste dyp og senket den igjen ned på alteret, likesom et menneske i sitt åndedrag puster luften inn og ut. Selv om offergaven for menneskets øye enda så ut som brød og vin, var de nå forvandlet til sant kjøtt og sant blod. Derfor så jeg også samtidig for mine øyne som i et speil symboler på vår frelsers fødsel, lidelse, gravleggelse, oppstandelse og himmelfart, slik som det skjedde i Guds enbårne sønns jordiske liv. Men da presten fremførte sangen om det uskyldige lam ”Agnus Dei, Qui tollis peccata mundi”, og gjorde seg klar for den hellige kommunionen trakk det strålende lys seg tilbake. Himmelen lukket seg, men jeg hørte fra dens indre en stemme: ”Spis og drikk min Søns legeme og blod, for at Evas synd kan slettes og du kan gå inn i din rettmessige arv.”
Teksten er henta frå Kirsten Kjærulff: Den ildfylte kraft. Middelalderens mystik hos Hidegard af Bingen. Gyldendal, København, 1992 s. 179-180

fredag 16. september 2011

Kva konstituerer ein interessant religion?

Ein av dei verkeleg artige teologane er Stanley Hauerwas (som også tidlegare har fått sleppe til på bloggen). I mursteinen The Hauerwas Reader finn vi ein fabelaktig definisjon på kva som konstituerer ein interessant religion.  Hauerwas har rett nok definisjonen frå ein jødisk kollega, men finn også rom for kristendomen i han.
"I had a colleague at the University of Notre Dame who taught Judaica. He was Jewish and always said that any religion that does not tell you what to do with your genitals and pots and pans cannot be interesting. That is exactly true. In the church we tell you what you can and cannot do with your genitals. They are not your own. They are not private. That means that you cannot commit adultery. If you do, you are no longer a member of "us." Of course pots and pans are equally important…"
 Henta frå "Abortion, Theologicaly Understood" i The Hauerwas Reader, Side 609