torsdag 29. september 2011

Engleleiaren Mikael

Mikael måla av ein ukjend målar
frå Brasil.
Biletet henta frå Commons.
I fjor var bloggen innom englar og liturgien i Den norske kyrkje på Mikkelsmess, medan det i år kan vere på sin plass å sjå meir på den av englane dagen har fått namnet sitt frå, og som dette tidlegeare var ein eigen festdag for.

Mikael er ein av berre to englar i den kanonversjonen av Bibelen vi held oss med, som vert nemnt med namn. Den andre er Gabriel.

Mikael trer først fram i Daniel der han vert omtala som «ein av dei fremste hovdingane». (Dan 10,13) Seinare kjem endetidsvisjonen til Daniel, og der les vi mellom anna desse orda om Mikael, som også her får ein framtredande plass, no som «den store fyrsten».
        På den tid skal Mikael,
        den store fyrsten, stiga fram,
        han som vernar dine landsmenn.
        Det skal koma ei trengselstid
        som det ikkje har vore maken til
        heilt sidan folkeslag vart til.
        Men på den tid skal folket ditt verta frelst,
        alle som er oppskrivne i boka.
   
     Og mange av dei som søv i molda,
        skal vakna opp,
        somme til evig liv,
        andre til skam og evig avsky.
   
     Då skal dei vituge skina
        som himmelkvelven skin;
        og dei som har ført dei mange til rettferd,
        skal skina som stjernene, evig og alltid.
        (Dan 12, 1-3)
Mikael drep dragen.
Biletet er henta frå Commons.
Mikael vert altså sterkt knytta til endetida og domen, og dette er noko som vert slått sterkare fast i Johannes Openberring, der ein kan lese dette om Mikael.:

Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine, men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han. Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa:
          «Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud,
          og herredømet den han har salva.
          For klagaren er kasta,
          han som dag og natt førte klagemål mot syskena våre
          for vår Guds andlet.
       
          Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammet
          og det ordet dei vitna om;
          dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.
       
          Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei!
          Men ve over jorda og havet,
          for djevelen har kome ned til dykk,
          og vreiden hans er stor,
          for han veit at tida hans er kort.»

          (Op 12, 7-12)
Her er Mikael tydeleg ein leiar for himmelhæren som slåst mot Satan. Den siste plassen han vert nemnd med namn er han også i strid med Satan. Det er i Judas' brev i vers 9, der han kranglar om kroppen til Moses.
 ...då erkeengelen Mikael låg i strid med djevelen om kroppen til Moses, våga han ikkje spotta djevelen og dømma han, men sa: Må Herren straffa deg!
(Jud, 9)
Dette er dei plassane i Bibelen der Mikael vert eksplisitt presentert som engelen som er i aksjon, men også andre stader er det tradisjon for å lese han inn i det som skjer, som til dømes engelen som vokta porten til hagen i 1. Mosebok.  I tideleg kristen tid vart han også tillagt store krefter i skrifter som dukka opp. Mellom anna skal forbøn frå Mikael ha hatt stor nok kraft til å kunne redde sjelar frå Helvete.

I Francesco Bottichini sitt maleri av korleis Maria vert teken opp i
himmelen er englane delt i tre kor og eit hirearki med ni grupper.
Ein er usamd om kvar Mikael står i denne forsamlinga.
Biletet er henta frå Commons.
Basert på det ein les om Mikael har han tradisjonelt blitt forstått som ein viktig engel for Kyrkja i Himmelen og på jorda. Ein har rekna med at Mikael står fremst i kampen mot Satan, at han kjempar for å redde sjelar frå Satan i dødstimen deira og at han kallar sjelar til domen. I tillegg har han vorte rekna som beskyttar for Guds folk. Dette forstod ein først som jødane, medan Kyrkja har forstått Mikael som beskyttaren over Kyrkja som gudsfolket i den nye pakta.

Ein har tillagt Mikael ulik rang i englehirearkiet. Basilios og andre greske fedre plasserte han over alle andre englane som deira prins, medan Thomas Aquinas hevda at han kun var prins for det lavaste av dei ni englekora. Som det ofte er med englelæra har ein litt skrale kjelder, men interessant er det like fullt.

Akkurat kva rolla til Mikael er kan ein lure på, men at han har ein viktig rolle mellom englane er udiskutabelt. Vi avsluttar derfor, som i fjor, med ein bøn til Mikael henta frå En liten katolsk bønnebok.
Hellige erkeengen Mikael, forsvar oss i striden, vern oss mot djevelens ondskap og snarer. Ydmykt trygler vi om at Gud må undertrykke den onde. Og vi ber deg, de himmelske hærskarenes fyrste, om at du med den makt Gud har gitt deg, vil styrte i helvetet Satan og ondskapens ånder som streifer omkring i verden til sjelenes ulykke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar