lørdag 3. september 2011

Johannes den hårete

Johannes den hårete.
Biletet er henta frå katolsk.no
Av og til kjem ein over folk ein berre må like på grunn av namnet. Johannes den hårete, som har minnedag i dag i den ortodokse kyrkja, er ein slik fyr.

Johannes budde i Rostov Velikij nord for Moskva, og var ein heilag idiot, som eg ofte kallar dei, eller ein «narr for Kristi skyld» som katolsk.no seier. Han hadde ikkje nokon fast bustad og skal ha levd i audmjuke, tolmod og stadig bøn. Han skal også ha vore til hjelp for andre i byen. 3. september 1580 døydde han. Det skjedde etterkvart mange helbredingar ved grava hans, og han fekk tilnamnet «den nådefullet». Tilnamnet «den hårete» skal han ha hatt medan han levde, i følgje Orthodox Church in America fordi han hadde «hair upon his head abundantly».

Frå det eg finn om Johannes, (Ikkje mykje, og det verkar som om alt kjem frå Orthodox Church in America) er det altså ikkje mykje spesielt med denne fyren, anna enn at han kanskje kan fungere som ein slags skytshelgen for oss med meir hår enn snittet mellom menn? Eg vil i alle fall slå eit slag for Johannes den hårete!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar