fredag 9. september 2011

Den balsamerte presten i Jølster

Frå tid til anna kjem ein over historier som gjer at eit sit att med spørsmål ein gjerne skulle hatt svar på. Historia om Johan Christoffer Kraft er ei slik historie.

I Series pastorum, presterekkja for Jølster kan vi mellom anna lese følgjande om Kraft: «Hr. Hans Cr. Kraft holdte sin første Prædiken ved Helgem 16 Oct. 1763, døde 11.Febr. 64, i sin Alders 36te Aar og Embedstid 38 uger»[1] Vidare kan vi lese om han at han var offiserson frå Sogn, vart prest i Trøndelag i 1759 og jobba som feltprest i København før han i 1763 kom som sokneprest til Jølster der han forlova seg med enka etter den forrige presten.

I eit skrift som vart starta på av presten Kraft tok over for, og seinare fortsett på av andre, går ein gjennom prestane i Jølster utan å seie meir om han enn at han var prest der i 38 veker. Eit studium som er gjort av kyrkjebøkene i Jølster slår fast at Kraft «døde etter få måneder i kallet, og uten å sette særlig spor etter seg som kirkebokfører.»[2] Ein har altså å gjere med ein fyr som det ikkje verkar som sette særleg spor etter seg i Jølster, og som vel heller ikkje kan ha hatt tid til det med tanke på den korte tida han fekk som prest der.

Ålhus kyrkje. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Og det er her det pussige kjem inn i biletet. For i 1951 pussa ein opp Ålhus kyrkje i Jølster. Ein hadde då gamle rekneskap for kyrkja som viste at det hadde vorte gravlagt folk under kyrkjegolvet i kyrkja. I eit kåseri holdt for Bergen Kringkasting av Arne Egge i 1953 får vi høyre korleis dei fann kistene under golvet:

Sjølve kyrkjegolvet laut dei og retta på. Serleg på nord-
sida innst i skipet. Då vart dei var at det stod tvo gamel
likistor nær oppunder golvbjelkane. Når dei så lyste inn
under korgolvet, såg dei at også der stod gamle kistor. I alt
fannst det 12 gamle likkistor. Av Dei 5 små barnekistor. I
ei kista låg Jølstrapresten Johan Christoffer Kraft, som
døydde her i 1764. Kistorne var for det meste merkte med
bokstavar og årstal, så det var lettvint å finna ut kven som
låg i dei. Eitt unntak var ei forseggjord kista i ei krypt på
nordsida av altarfoten. Den hadde ikkje noko merkje. Det
var ei kvinna som låg i den, og truleg den før nemnde
Barbara Bugge Christensen. Ho var gravlagd i 1710.[3]
Dei var altså klar over kva for ei av kistene dei fann som tilhøyrde Johan Christoffer Kraft, og lokket vart opna og avslørte eit lik som ikkje var gått i oppløysing. I kista låg det ein mann som hadde vore død i nesten 200 år. Han hadde på seg presteklede, som seg hør og bør, og skal ha vore nesten like fin å sjå til som eit levande menneske. Han skal også ha hatt raudt hår. Sansynlegvis er liket balsamert for å halde seg så godt.[4] 

Spørsmålet som melder seg er kvifor i alle dagar nokon har tatt seg bryet med å balsamere denne presten som tydlegvis har hatt ein svært avgrensa påverknad på lokalsamfunnet i Jølster? Og om den korte prestetenesta han gjorde kvalifiserte til balsamering, kva ville ein då gjort med ein prest som var der i tretti år og så døydde? Gode svar eller utfyllande opplysningar om den balsamerte presten i Jølster er velkomne.


[1] Slik dette skriftet eg attgjeve i Hyrdingrøysta (Kyrkjeblad for Jølster) nr. 2 2008, side 5.
[2] Yngve Nedrebø, «Slurv, drukkenskap og svindel - en del av grunnlaget for norsk kirkebokføring?»i Bergensposten 2, 2005. Side 45.
[3] Gjenngjeve i Hyrdingrøysta nr. 2 2008.
[4] Detaljane om liket er henta frå Margrethe Henden Aaraas;  Torkjell Djupedal; Sigurd Vengen; Finn Borgen Forsund, På kyrkjeferd i Sogn og Fjordande - 1. Norfjord og Sunnfjord, Selja Forlag, Førde, 2000. Side 236.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar