tirsdag 25. september 2012

Biblioteksensur

Den utløysande faktor.
Biletet er henta frå Wikipedia
Dagbladet og Dagens Nyheter i Sverige melder i dag at eit bibliotek i Stockholm har tatt vekk Tintin på grunn av korleis afrikanarar vert framstilte der, og at personalet har fått i «uppdrag att leta efter fler böcker med rasistiska eller homofobiska värderingar.»

Dette er ei svært skummel utvikling, som bør stoppast så fort som råd. Styraren på biblioteket meiner at dette er noko ein bør gjere for å styre biblioteket i tråd med diskrimineringslova, og at stoff som er i strid med denne lova ikkje skal få vere i hyllene. Går ein god for dette prinsippet køyrer ein seg inn i ei gate det er vanskeleg å sjå nokon god ende på. Ein vil ende opp med ei litterær verd som er heilt einsformig når det gjeld moralske spørsmål og vurderingar av menneske. Dette vil vere styrt av den til ein kvar tid gjeldande lovgjevinga, og skrifter som strir mot dette vil i praksis ikkje vere tilgjengelege for store delar av befolkninga.

Dette er svært problematisk av fleire grunner. For det første er det ikkje sagt at den gjeldande lovgjevinga eller tidsanden er positiv og riktig. Få vil vere ueinige i at ein bør motarbeide rasistiske haldingar, men ein skal ikkje ha mykje fantasi eller historiesyn for å sjå korleis folkemeininga og lovverket kunne ha sett ut og kva bøker som kunne ha blitt tatt ut av hyllene.

Om ein lukar ut dei bøkene som ikkje stemmer med notidige vurderingar, vil ein også luke ut bøker som kjem med naudsynte korrigeringar av desse vurderingane. Det vil i praksis seie at ein knebler debatten, då kun det aksepterte vert gratis tilgjengeleg for folk i biblioteka. Ein kan då få ein svært skeiv samfunnsdebatt der den rådande sanninga vil ha eit stort overtak på oposisjonssynspunkt, uansett kor gode og naudsynte desse måtte vere.

Bibliotekssjefen argumenterer med kunnskap. «All barnbokslitteratur borde ses över. Även vuxenlitteratur. Många människor från afrikanska länder bor här i dag, men vi har alldeles för lite kunskap om dem» seier han. Å spreie kunnskap ein ein god intensjon for ein bibliotekar, men ein spreier ikkje kunnskap og forståing gjennom å fjerne litteratur. Då byggjer ein ned kunnskapen og gjer historia mindre forståleg. Gjennom litteratur, som til dømes Tintin, kan ein sjå kva normar som var gjeldande i samfunnet, og ein kan lettare forstå korleis samfunnet vårt har blitt som det har blitt. Om ein ikkje får sjå denne delen av historia vil mange hendingar framstå som utan ein tankemessig kontekst, og dermed verke meir uforstålege enn dei treng å vere. Det menneskesynet vi har i dag står ikkje i eit tomrom. Det er forma i ein dialog med historia og med filosofien. Utan dette bakteppet kan også vegen til eit menneskesyn vi ikkje vil ha vere kortare.

Dessutan er det underleg at ein bibliotekar vil fjerne kulturhistoria vår. For det er ikkje berre Tintin som vil forsvinne. Kva med Jules Verne? Kva med Torbjørn Egner? Kva med Donald Duck? Kva med heile det europeiske litteraturkorpuset som vart til i ei anna tid enn vår? Dette har mange vurderingar vi ikkje kan vere einige med i dag, utan at det gjer at vi ikkje skal lese desse bøkene. Tvert om skal vi lese bøkene, glede oss over litteraturen og vurdere det som vert sagt med dei normene vi har i dag. Kun på den måten kan kulturhistoria vår framleis vere levande for oss. Alternativet er til sjuande og sist å drepe kulturen og kneble samfunnsdebatten.
__________________________________________________________________________

Etter at denne bloggposten vart skrive har biblioteket i Stockholm ombestemt seg, og har sett Tintin ut att i hyllene sine. Biblioteksjefen «inser nu att det är fel att plocka bort litteratur». Det skulle berre mangle!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar