lørdag 22. september 2012

Gratulerer med dagen

Favoritthobittane våre.
Biletet har eg lånt frå denne bloggen.
Våre favoritthobittar «Bilbo og Frodo var ved eit tilfelle fødde same dagen, tjueandre september».[1] Dette må sjølvsagt feirast på St. Isidors minne, og kva betre måte kan ein feire Bilbo og Frodo på enn med nokre av Bilbo sine ord i den ellevtiførste fødedagen sin. Vi siterer frå den fabelaktige nynorskomsetjinga til Eilev Groven Myhren og for dei som ikkje kjenner forteljinga er vi altså i gjestebodet til Bilbo. Bilbo har reist seg og talar til dei 144 inviterte gjestene, og til alle andre som var til stades. Det var 144 gjester for at talet på gjester skulle vere likt med år han og Frodo vart tilsaman: Bilbo feira sin ellevtiførste åremålsdag, altså var han 111 år, medan Frodo vart 33 år og myndig. Bilbo er godt i gang med talen sin, og kjem så med følgjande utsegn, ei utsegn som er så god at eg nesten vonar eg ein gong kan bruke ho i ein tale.
Eg kjenne ikkje helvta tå dikka helvta so godt som eg skulle ynskt; og eg lika mindre enn helvta tå dikka helvta so godt som de fortene.[2]
Tenk å kunne gje ei slik vidunderleg blanding av kompliment og fornærming i eitt!

Vi kostar også på oss ein teikning Tolkien sjølv laga av Bilbo i hola si.
Biletet har eg lånt frå denne bloggen.
[1] J.R.R. Tolkien, Ringdrotten, omsett av Eilev Groven Myhren, Tiden Norsk Forlag, 2006, side 41
[2] Ibid, side 49

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar