onsdag 12. september 2012

Organisert kyrkjedreping

Dei to siste dagane har det kome interessante utspel om dei tre store skandinaviske folkekyrkjene; Svenska kyrkan, Folkekirken og Den norske kyrkje. Dei tre kyrkjene er for tida i ulike posisjonar; Svenska kyrkan er lausreve frå staten, men har rota seg inn i eit underleg politikarstyre, Folkekirken er statskyrkje, og ser ikkje ut til å ha noko ynskje om å vere noko anna medan vi i Den norske kyrkje har hamna i ein pussig mellomposisjon som ingen heilt er i stand til å seie om er det eine eller det andre. Situasjonen for dei tre kyrkjene er altså ulik på ein del område, men det vi har felles er mange medlemmer og at ein forsøker å gje medlemmene råderett over kyrkja, sjølv om dei i det daglege ikkje har eit nært høve til kyrkja.

Kva har så kome fram? For å byrje i Norge har Vårt Land meldt at vi som jobbar i kyrkja har større risiko for å «møte veggen» enn andre. Dette skal mellom anna kome av stort arbeidspress kombinert med ein pulverisert organisasjon. I Sverige har ein prest rykka ut i Dagen og åtvara mot politikarane sin makt i kyrkja. Han peiker på at nyorganiseringa i Svenska kyrkan mellom anna har gjort at prestane ikkje har biskopen som arbeidsgjevar, og dermed ikkje har den som fører tilsyn med dei som arbeidsgjevar. Dei er i staden tilsette av kyrkorådet, eit råd ein vel slik vi vel sokneråd. Det som er verdt å merke seg i Sverige er at dei politiske partia stiller lister også til desse vala, noko som gjer desse råda, og med det prestane sine stillingar, til ein del av det (lokal)politiske spelet. I Danmark har kyrkjeministeren satt i gang ei modernisering av kyrkja. Dette er ein prosess styrt og initiert av politikarar, ikkje av kyrkja sjølv, slik mykje er i Folkekirken. Ein dansk prest rykka ut i Kristeligt Dagblad og åtvara mot dette. Han ynskjer ei kyrkje som er kyrkje, ikkje eit instrument i «menneskets evindelige selvforherligelse og trang til selviscenesættelse» som han så treffande seier det.

Og med dette er vi ved det eg trur er kjerna i det som er ein felles problemstilling i desse tre sakene, som  kanskje verker relativt ulike. Vi har tre kyrkjer som er så opptatt av å tilfredsstille krav frå folk og politikarar at vi øydelegg mogelegheita vår til å vere Kyrkje. Kyrkjene våre tøyer seg for å tekkast politikarar med stor styringsiver over noko dei aldri skulle hatt fingrane i eller kyrkjemedlemmer som ikkje vil ha læra vår, men gjerne tar våre fine seremoniar og bygg. Store reformar slukar ressursar frå dei som jobbar i kyrkjene, medan det viktige arbeidet ikkje vert gjort; ein har ikkje tid til det mellom rapporteringar for å vise at ein gjer det ein er pålagt, møter med utval og råd for å tekkast politiske demokratiynskjer, samtalar og seremoniar med folk som bed «præsten om at nedtone alt det med Gud og Jesus, for det passede ligesom ikke ind med resten af konceptet», for igjen å sitere den danske presten, og liknande saker.

Resultatet av dette er at folk slit seg ut eller sluttar i jobbane sine, politikarar som stadig styrer kyrkjene i den til ein kvar tid høvelege retninga og perifere kyrkjemedlemmer som melder seg ut eller er skuffa fordi kyrkjene ikkje vil strekkje seg fullt så langt som dei vil, om det er snakk om vigsler på tunet, gravferder utan tekstlesingar eller andre ynskjer.

Dette gjev oss tre kyrkjer som står att som tannlause kyrkjer med utslitte medarbeidarar som ikkje har tid til å fokusere på det å vere Kyrkje, fordi ein i staden vert pålagde å vere eit allment seremoniorgan. Dei ressursane som kunne vore brukt på kyrkjelydsbygging, forkynning og undervisning vert i staden brukt på å tekkast ei folkemeining som i stor grad står for andre verdiar enn kyrkja. Det er organisert kyrkjedreping.

Eg trur løysninga er å fokusere på å vere Kyrkje. Ikkje folkekyrkjer, men kyrkjer som forkynner Ordet og forvaltar sakramenta med hovudtyngda av ressursane sine. Føler ikkje vi som jobbar i kyrkjene at det er det vi gjer, men at vi heller er eit offentleg serviceorgan vil ein møte veggen, for ein gjer ikkje det ein vil. Er det ikkje Ord og sakrament som er hovudfokus vil ikkje Kyrkja vere kyrkje i framtida men eit difust, religiøst rammeverk som i beste fall har kyrkjelege trekk. Ved å slå kursen inn på å vere Kyrkje, vil vi miste medlemmer og vi vil provosere politikarar. Det får så vere, for eg trur ikkje vi har noko anna val om vi vil ha levande kyrkjer også i framtida.

1 kommentar:

Arve Kjell Uthaug sa...

Eg er heilt samd. Poenget er, som Steinar skriv, å fokusera på å vera kyrkje som forkynner Ordet og forvaltar sakramenta.

Her er ein liten trepunktsplan, berre som eit tankeeksperiment:

1) Den norske kyrkja bør venda tilbake til ei tydeleg forankring i Skrifta og den felles kristne tradisjonen. Elles blir vi meir og meir rammeverk, mindre og mindre kyrkje.

2) Kyrkja bør gje slepp på ei finansiering gjennom statlege overføringar. Den som sit på pengesekken, har makta.

3) Vi som er vanlege, leke kristne må visa at trua og kyrkja er viktig for oss. Døme: Er fotballklubben så vrangvillig (eller tankelaus) at kampar blir lagt til gudstenestetida på søndag føremiddag, så vel kyrkjefolk å vera med på det dei meiner er viktigast.

Eigentleg trur eg kyrkja ville bety mykje meir for folk om vi kunne oppføra oss slik. Slik det no er, har vi tvert om opparbeidd oss ein unik kompetanse i å tømma kyrkjene. Det var vel ikkje det vi ville?

Legg inn en kommentar