onsdag 15. august 2012

Slik slutta ein tidsalder

Dei siste «adelige jomfruer»,
Sissel og Hilleborg Lykke.
Vi skal igjen ta turen til Mariager kirke i Danmark og dei døde ein finn der, og igjen skal vi til reformasjonstida.

Mariager kloster var eit av to birgittinerkloster i Danmark, og vart formelt stifta i 1446. Då reformasjonen kom rundt hundre år seinare hadde klosteret fått enorme eigedomar, og var ein maktfaktor i landet. For å gå inn i birgittinerordenen måtte ein, eg veit ikkje om det framleis er slik, ha med seg nok pengar eller eigedomar inn i klosterlivet til at det dekka utgiftene for resten av livet. Dette skal ha gjort at det vart mange frå fine familier i ordenen, og det gjorde også at klostera fekk store rikdomar. Då reformasjonen kom til Danmark hadde klosteret på grunn av dette rundt 600 gardar på nordaust-Jylland.

I 1536 kom reformasjonen, og med det forsvann også klosteret slik det hadde vore. Kongen overtok eigedomane til klosteret, men han lot munkar og nonner få bu i Mariager resten av livet. Klosteret levde vidare som «protestantisk stiftelse for adelige jomfruer»[1] fram til 1885.

Det er desse adelege jomfruene vi skal stoppe ved. Dei to siste av desse var søstrene Sissel og Hilleborg Lykke. Sissel Lykke var den siste abbedissa i det protestantiske klosteret. Ho døydde i 1582. Etter dette budde Hilleborg åleine i klosteret i tre år før ho og forsvann i 1585. Med dette var nonneklosteret i Mariager endeleg eit tilbakelagt kapittel, og det vert sagt at middelalderen i Mariager tok slutt då Hilleborg døydde.

I Mariager kirke heng det ei minnetavle for desse søstrene. Tavla vart laga rundt 1600, og seier oss nøyaktig når dei to døydde, og med det også nøyaktig når middelalderen slutta. Hilleborg døydde 8. november 1585, då klokka hadde slått tolv. «Det sker ikke så tit, at en historisk epokes ophør endog kendes på klokkeslæt».[2]

[1] Per Sloth Carlsen, Klosterkirken i Mariager, 2003, side 8.
[2] Ibid, side 16

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar