fredag 3. august 2012

Blasfemiforbod?

Via Twitter kom eg over ei sak frå Tyskland der ein katolsk erkebiskop ynskjer lovar mot blasfemi. Han ynskjer at dei som sårar truande må få reaksjonar, og også i nokre høve straffast. Utan å gå djupt inn i materien vil eg reflektere litt rundt dette.

Lovar mot blasfemi kjem og går i ulike samfunn, og er stadig ei kjelde til debatt, kanskje særleg i Europa i dag, der ulike grupper føler seg krenka frå ulikt hald. Noko med god grunn, noko utan grunn.

Det å krenke andre kun for å krenke andre, er ein uetisk handling. Det er mobbing, rett og slett. Slike handlingar høyrer ikkje heime i ein danna omgangsform, og er noko ein bør ta avstand frå, anten det gjeld krenkingar av enkeltmenneske eller grupper, religiøse eller andre.

Samstundes er det slik at ein del utsegn vil kunne opplevast som krenkande, kanskje til og med djupt krenkande og blasfemisk, utan at det er meint som noko anna enn eit legitimt debattinnlegg eller kanskje til og med ikkje ein gong er meint å skulle nå dei som føler seg krenka. Når ein kristen seier at Muhammed ikkje er eit sedebod frå Gud, kan det opplevast krenkande for muslimar, ja kanskje til og med som blasfemi. Likeeins om ein muslim seier at Jesus ikkje er Gud, men «kun» ein profet, vil det kunne opplevast som blasfemisk av kristne. Når ein ateist seier at den gud ein møter i Bibelen er ein hevngjerrig gud ein ikkje kan tru på, vil mange føle dette krenkande. Ikkje i nokon av desse scenarioa er det nokon form for ynskje om å krenke andre som ligg bak, men eit legitimt ynskje om å forfekte sitt verdsbilete. Sjølv om ein seier noko i ordna former, for eit særskild publikum og så bortetter, kan altså andre grupper i samfunnet føle seg krenka og utsett for blasfemi. Det kan til og med hevdast at dei kjenner det slik med rette, sett frå deira perspektiv.

Desse enkle døma viser raskt at lover mot blasfemi vil vere meiningslause, då det er umogeleg å ha ein samfunnsdebatt eller religionsdebatt i eit pluralistisk samfunn utan at det ein seier kan reknast som blasfemi av enkelte i samfunnet. Denne typen for «blasfemi» er ikkje eit problem, men ein naturleg del av eit levande, multireligiøst samfunn.

Utsegn som medvite ynskjer å krenke andre må vi finne andre løysningar på, anten det gjeld dei som ynskjer å krenke ulike religiøse grupper, etnisitetar, kroppsfasongar eller kva det måtte vere. I møte med slikt må vi halde fast at vi ynskjer eit samfunn bygd på respekt. Vi som er kristne kan også hugse Jesu ord i Lukasevangeliet  «Elsk fiendane dykkar, gjer vel mot dei som hatar dykk, velsign dei som forbannar dykk, og be for dei som mishandlar dykk. Slår nokon deg på det eine kinnet, så byd fram det andre òg.» Ord eg trur og ikkje-kristne kan dra lærdom frå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar