mandag 20. august 2012

Alle skal ha råd til økologisk mat!

Reklameplakat på dansk matbutikk.
Det skjer positive ting på den økologiske matfronten i Norge, sjølv om vi framleis er langt frå andre land når det kjem til utval av økologiske varer. For oss som forbrukarar er det fleire fordelar med den økologiske maten.

Økologisk mat er fri for ting som genmodifikasjonar, veksthormonar og andre stoffer vi ikkje anar kva gjer med oss og naturen rundt oss på lang sikt. Det er også svært lite stoffar tilsett denne maten, og økologisk kjøt har mykje strengare krav til medisinering av dyra enn anna kjøt. Dette gjer at det er mindre sjanse for at dyremedisin, som antibiotika, går over til menneske. Målingar har vist at ved overgang frå vanleg mat til økologisk mat stupar nivået av sprøytemiddel for plantar i urinen til forsøkspersonane. Kort sagt vert kroppen vår mindre eksponert for stoffar vi aldri var meint å få i oss om vi får tilgang på økologisk mat.

I tillegg er det og store og viktige miljømessige fordelar med økologisk mat. Produksjon og transport av kunstgjødsel står for 40-60% av energibruken i vanleg jordbruk. Økologisk jordbruk brukar ikkje slike midlar, og brukar 30-50% mindre energi pr arealeining. Ved økologisk drift vil ein unngå avrenning av gifter ein brukar for å drepe ugras og dyr. Desse giftene renn mellom anna ut i elvar og vatn, og kan gjere stor skade på naturen. Det biologiske mangfaldet av dyr, plantar og insekt er større på økologiske gardar enn andre, noko som sjølvsagt er bra. Klimagassutsleppa er mindre ved økologisk drift, og det ser og ut til at økologisk drift kan auke jorda si evne til å lagre karbon.

Dyra har det også betre med økologisk drift. Dei har større plass å bevege seg på, får mindre antibiotika og ikkje noko genmodifisert mat eller veksthormonar.

Også for dei som produserer maten er økologisk drift betre. Dei vert ikkje eksponert for giftstoff som i konvensjonell drift, då desse stoffa ikkje vert brukt i økologisk drift. 20 000 menneske døyr kvart år på grunn av uforsvarleg giftsprøyting, og det er påvist samanheng mellom slik sprøyting og skadar på born som veks opp på gardsbruk.[1]

Det er også truleg at økologisk jordbruk er bra for den generelle matvaresituasjonen i verda. I 2008 sa FN-konferansen om handel og utvikling at «organic agriculture can be more conducive to food security in Africa than most conventional production systems, and that it is more likely to be sustainable in the long -term»[2] Avisa The Independent skreiv om rapporten dette er henta frå at studiet «found that organic practices outperformed traditional methods and chemical-intensive conventional farming. It also found strong environmental benefits such as improved soil fertility, better retention of water and resistance to drought.»[3] Økologisk jordbruk kan altså få opp produksjonen og vere betre for matvaresikringa i verda.

Det er altså mange svært gode grunnar til at økologiske matvarer bør få ein mykje større plass i norske butikkar. Det skjer heldigvis ein del bra. Rema 1000 forsøkte seg med kraftige priskutt på økologisk mat i sine butikkar i Oslo for ei stund sidan og Coop køyrer no ein kampanje der dei har same pris på økologisk frukt og grønt som på anna frukt og grønt.

Dette er bra. Det er også flott at prisen på økologiske varer stadig vert billigare, med Rema 1000 og Kiwi som pådrivarane. Når prisnivået har gått ned har også salet gått opp. Prisen er viktig, når vi veit at ein svært liten del av forbrukarane ser det som viktig å prioritere økologiske varer. Det er jo riktig det forbruksforskaren seier til TV2: «Det er like moralsk å forvalte familiens penger på en fornuftig måte, som å sørge for bedre dyrevelferd og miljø». Derfor er det viktig at prisen på økologiske varer går kraftig ned. Det kan ikkje vere slik at kun dei med mest pengar skal ha råd til økologisk mat, med dei positive helseeffektane det kan ha, og det kan heller ikkje vere slik at miljøskadeleg landbruk skal ha fordelar når folk skal velgje varer i butikken. Der bør dei miljøvenlege varene vere klart billegast.

Det er ulike måtar ein kan gjere dette på. Ein kan kanskje subsidiere økologisk jordbruk kraftig eller legge på avgiftar på anna jordbruk for å få prisane opp og bøndene over på økologisk drift? Eller kanskje ein kan kombinere desse verkemidla? Eller ein kan finne andre verkemiddel. Uansett er dette noko styresmaktene bør ta tak i snarast. Det må lønne seg å velgje økologisk, både for produsent og forbrukar.

[1] Opplysningane er henta frå Bioforsk
[2] UNEP-UNCTAD. (2008). Organic Agriculture and Food Security in Africa, side iii
[3] The Independent, «Organic farming 'could feed Africa'», 22. oktober 2008

4 kommentarer:

Petter sa...

Interessant! Ein kan òg kutta i subsidiane til konvensjonelt jordbruk, men det er vanskeleg å sjå for seg konsekvensane av dei ulike tiltaka.

Kristian Wølner sa...

Veldig godt innlegg, du har fått med mange av argumentene som taler for økolandbruk på en gang! Som økobonde varmer det å lese slikt innimellom alle angrep fra seniorforsker Grønlund & co! :)

Arve Kjell Uthaug sa...

Interessant innlegg. Økologisk jordbruk har utan tvil mange gode sider. Men det er likevel eitt av forholda som, etter mitt syn, er overordna dei andre Steinar nemner, nemleg at økologisk jordbruk like godt eller betre enn konvensjonelt jordbruk kan gje nok mat til ei stadig veksande befolkning.

Derfor håpar eg det er rett at økologisk produksjon er godt for matvaresituasjonen i verda. Viss ikkje det stemmer, revurderer eg mitt positive syn på økologisk jordbruk. Konvensjonelt landbruk har trass alt vist at det gjennom forbetringar i produksjonsmåte mm kan gje kraftig auke i matvareproduksjonen. Så vidt eg har skjøna, har t.d. Brasil over nokre tiår snudd frå matimport til eksport samstundes som folketalet har vakse sterkt. Kan økologisk jordbruk matcha dette?

Steinar Sneås Skauge sa...

@Arve Kjell: Det er sjølvsagt vanskeleg å seie noko bombastisk om det, men ut frå det ekspertane sa om Afrika, vil eg tru det same gjeld for Brasil.

@Petter og Kristian: Takk for hyggelege ord.

Legg inn en kommentar