onsdag 1. august 2012

Sakralt øl

Ein verkebyll for paven.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Ein treff relativt ofte på øl i kyrkjehistoria, både som inntekstkilde for kloster, som hyggedrikk for munkar og teologar, som fastenæring for munkar og sjølvsagt som hoggestabbe for pietistar.

Noko ein og kan slumpe til å møte på er forteljinga om då ølet fekkt ein sakral bruk. Dette er ei forteljing som absolutt høyrer heime på St. Isidors minne, og det er på mange måtar naturleg at dei historiske hendingane fann stad i trønderhovudstaden Nidaros.

Frå 1231 til 1252 var Sigurd Eindridesson erkebiskop i Nidaros. Han hadde hadde tydlegvis ein del problem med presteskapet sitt. Dei gifta seg, som om dei skulle vere lekfolk og dei slurva med nattverdelementa, der dei både brukte oblatar i staden for brød og øl i staden for vin. Dette tok han opp med paven, som bad han rydde opp i 1237.

Det er mogeleg Sigurd fekk rydda opp, men den sakrale ølbruken må ha fortsatt, for i 1241 kjem det eit nytt brev frå paven. Denne gongen hadde Sigurd informert om at ein nokre gongar i Norge døypte born i øl i staden for vatn. Sigurd hevda at dette var på grunn av at ein av og til ikkje fekk tak i vatn, noko som alle som er kjent i Norge nok vil meine er ei heller skral grunngjeving. Denne opplysninga var ikkje populær i Roma, og 8. juli 1241 skreiv pave Gregor IX fylgjande:
Sidan evangeliet lærer oss at ein må bli født på nytt av vatn og Den heilage ande, kan ikkje dei som har blitt døypte i øl reknast som rett døypte.[1]
Det er kanskje ikkje så mykje Norge har bidratt med i dei store teologiske spørsmåla, men vi har i alle fall fått klarlagt kvar skapet skal stå når det gjeld sakral ølbruk.

[1] Frå brevet Cum, sicut ex. Sitatet er omsett frå artikkelen om dåp i Catholic Encyclopedia.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hm... mang ein russedåp som må reknast for ugyldig då.
-signe

Steinar Sneås Skauge sa...

Det er vel sikkert like greit at ingen pave har uttala seg om akkurat den tradisjonen.

Legg inn en kommentar