torsdag 16. august 2012

Slik skal ei grav sjå ut.

Danske gravminner har tatt litt plass i det siste, men ei siste grav må med før det er slutt. Denne gravsteinen er er frå Århus domkirke, og krev merksemd på grunn av sin fjonge framtoning. Eg veit absolutt ingenting om steinen, men eg vil hevde at det har gått nedover med den nordiske gravsteinutforminga sidan denne steinen vart laga. Kven vil vel ikkje ha ein gravstein pryda av eit beinrangel som står klar med spaden?

2 kommentarer:

Arve Kjell Uthaug sa...

Verkeleg flott. Eg ser forresten at det er eit ledig felt heilt nede på steinen. Hadde det blitt laga slike steinar i dag, kunne gjerne dette feltet blitt brukt til sponsing (for å dekka litt av dei høge kostnadene med gravferdene). Det kan tenkjast fleire naturlege sponsorar, både tobakksprodusentar, bryggeri, sjokoladefabrikkar, osb.

Steinar Sneås Skauge sa...

«Det lave årstalet på denne gravsteinen har blitt gjort mogeleg takka vere god hjelp frå Tiedemanns Tobaksfabrikk, Denja salater og Coca-Cola.»

Legg inn en kommentar