torsdag 7. juli 2016

London Bridge - I Arizona....

London Bridge i Lake Havasu City, Arizona.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi kjenner alle London Bridge. Eller kjenner og kjenner... Vi kjenner brua frå songen. Den om at heile greia er i ferd med å dette ned. Og saka er at London Bridge var i ferd med å bryte saman på 1960-talet. Ho braut ikkje saman, og står framleis. Men av alle plassar står ho no i Lake Havasu City i Arizona. Historia er som følgjer.

I 1831 stod den skotske ingeniøren John Rennie bak oppføringa av ei ny bru som skulle erstatte den gamle London Bridge frå middelalderen. Eller det vil seie, John Rennie hadde då vore død i ti år, men han hadde gjort planarbeidet og sonen hans med det enkle namnet John Rennie the Younger fullførte brua. 1831-brua var ei viktoriansk granittbru, kva no det måtte seie. Ho var i alle fall laga av granitt og ser grei nok ut på dei gamle bileta frå London. I glansdagane gjekk over åtte tusen menneske over brua kvar time. Det er mange folk! Men glansdagane varte ikkje, og då folk på 1960-talet byrja å køyre bil i staden for å gå, tålte ikkje brua den nye vekta. Brua klarte seg, for så vidt, men grunnen under var i ferd med å bli feid avgarde av elva i kombinasjon med den aukte vekta, så brua stod i fare for å kollapse og ho var heller ikkje særleg godt eigna for biltrafikk. Ein fann ut at det ikkje var nokon god plan å fikse på den gamle brua, så ein bestemte seg for å bygge ei heilt ny bru. Og det var då ein kar i styringa i London fann ut at dei kunne jo forsøke å selge den gamle brua til amerikanarane.

London Bridge i London(!)
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Dette var ikkje like sprøtt som det kan høyrast ut for i dag. Amerikanarane dreiv og kjøpte gamle hus frå Europa på denne tida. Dei fekk frakta dei over havet og bygde dei opp at rundt om kring i den nye verda. Og kva gjev vel meir uttrykk for ei lang historie enn ei solid bru? London Bridge vart derfor lagt ut for sal, og ein amerikansk oljeriking slo til.

Her er det tørt land. Her treng vi ei bru! Frå bygginga i Arizona.
Biletet er tatt av Provelt og ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)
Robert McCulloch hadde grunnlagt Lake Havasu City i Arizona, og no ville han gjere byen til ein turistmagnet. Han kjøpte London Bridge for rundt to og ein halv million dollar og fekk ho sendt i delar til USA. 23. september 1968 byrja bygginga av brua i Arizona og i 1971 stod ho ferdig. I god kremmartradisjon nøya ikkje McCulloch seg med berre ei bru. Han fekk også bygd ein slags engelsk landsby med butikkar, resturantar og slikt rundt brua. Det vart aldri nokon suksess og besøkande der går vistnok ofte skuffa heima att. Utan at eg kan skjøne at dei kan ha hatt særleg høge forventningar i utgangspunktet....

Dette er jo ikkje så rart, tenker du kanskje no. Dei trengte sikkert ei bru i Lake Havasu City. Saka er at dei gjorde ikkje det. Brua batt saman fastlandet og ei halvøy. Der halvøya hang saman med land. Så samstundes som dei bygde brua, eller i alle fall i same periode, laga dei også ein kanal under brua. Så ho går over vatn. For halvøya er ikkje landfast lenger. Brua måtte jo ha ei reell nytte...

Så der er ho. London Bridge i Arizona. Flytta frå ein av dei mest spanande byane i verda til det som verkar som ein av dei kjedelegaste byane i verda. Det kan sjå ut som om det er ein interessant ting i heile Lake Havasu City, og det er brua frå London.

fredag 10. juni 2016

Eit skummelt steg på ein farleg veg

Det ser ut til at SV får fleirtal for ei ny lov om statsstøtte til trussamfunn. Det er lett å forstå kva dei vil ramme, og det er også lett å sympatisere med dette. Samstundes kan denne lova brukast som eit effektivt verkemiddel for ein autoritær stat. Slike lova bør vi halde oss vekke frå.

Lova seier kort fortalt at om eit trussamfunn oppmodar til lovbrot kan dei bli fråteke stattsøtta. Intensjonen er å hindre terrorekruttering, omskjæring av kvinner, vald mot barn og mange ting vi absolutt ikkje ynskjer å ha i samfunnet vårt. Det er lett å forstå at ein ynskjer sterke verkemiddel for å hindre slikt. Samstundes er ikkje dette vegen å gå, i alle fall om ikkje det ligg svært presise formuleringar med tanke på kva type lovbrot det er snakk om inne i den endelege lovformuleringa.

For om lova er så generell som det som vert sagt i Dagbladet, altså at stattsøtta kan bli trukke om ein oppmodar til lovbrot, kan ein autoritær stat bruke lova til å kneble motstand frå kyrkjer og andre trussamfunn. Lat oss berre sjå på nokre hypotetiske døme.

Den norske kyrkje har engasjert seg sterkt i klimaspørsmålet. Om nokon frå kyrkja eller kyrkja sentralt ein dag går ut og seier at vi oppmodar folk til å begå sivil ulydnad for til dømes å hindre ei oljeutbygging, ei gruve eller liknande, kan lova brukast til å stoppe statsstøtte til ei brysam kyrkje.

Den norske kyrkje har også vore aktiv i spørsmål som har med asyl og flyktningar å gjere. Vi godtek kyrkjeasyl, sjølv om vi ikkje oppmodar til det. Kan ei slik lov kanskje brukast til å ta frå kyrkja statsstøtte?

Det er også historiske døme på korleis kyrkjer har stilt seg opp mot makta, der ingen vil seie at dette var gale. Med fare for å «hitle» lova: Den ikkje-nazifiserte kyrkja i Tyskland var delaktig i lovbrot mot nazilovene. Dei skjulte og hjalp jøder. Sett i ettertid var dette sjølvsagt det einaste rette å gjere, men det var likefult eit lovbrot.

Det er som sagt lett å forstå intensjonane bak lova. Problemet er at lova kan dra landet vårt i ei meir autoritær retning. I eit samfunn der ein har liberale styresmakter som handhever lova på ei god måte kan det hende at ho kan fungere etter intensjonane, men ein lagar samstundes eit lovverk som kan misbrukast til å rydde opposisjon av vegen. Det må vere mogeleg å nå dei same måla utan å ta i bruk eit lovverk som har diktatorisk potensiale i seg.

Vegen frå demokrati til politistat er kortare enn vi likar å tenke på. Summen av mange lover - lover om overvaking til dømes - kan gjere vegen endå kortare om feil folk ein gong får makta. Derfor er slike lover som dette skumle steg på ein farleg veg, og noko som ikkje bør gå gjennom den lovgjevande forsamlinga i Norge. Kom opp med noko betre!

fredag 15. april 2016

«There is no just war!»

For dei av oss som held ikkjevaldeleg motstand for å vere den beste måten å møte ondskap og maktmisbruk på, har dei siste åra vert ei tung tid. For korleis møter ein noko som herjingane til Daesh og deira likesinna? Å snakke om ikkjevaldeleg motstand verkar lett som utopisk svermeri. Likevel vil eg ikkje sleppe denne tanken.

For meg er dette grunna ikkje berre i ikkjevaldeleg teori som From Dictatorship to Democracy av den amerikanske forskaren Gene Sharp, men i hovudsak av det eg forstår av Jesu lære. For meg er det umogeleg å forstå Jesus på nokon annan måte enn at ikkjevald følgjer som ein naturleg konsekvens av det han seier. Desverre har eg i hovudsak ikkje med meg kyrkja i dette synet. Rett nok har dei tre «fredskyrkjene» mennonittane, brødrekyrkja og kvekarane stått for dette i lang tid, og dei har også fått med seg ei og anna anna gruppe, men det er tynt i rekkene. John Howard Yoder, kanskje den teologen som har påverka meg mest, argumenterte strålande godt for saka, utan å få særleg mykje gjennomslag, kanskje fordi han var mennonitt? Ein han påverka, og som har hatt mykje større verkekraft er Stanley Hauerwas, som trass i at han vert rekna som ein av dei fremste teologane i dag, ikkje når gjennom med bodskapen i særleg stor grad. Den einaste som verkeleg har fått gjennomslag for ikkjevaldeleg motstand med kristen grunngjeving er nok Martin Luther King Jr., men av ein eller annan grunn forplanta ikkje den relativt suksessfulle taktikken hans seg til resten av kyrkja eller samfunnet i særleg stor grad. Kva som gjer dette, er veldig uklart for meg, då den tidlege kyrkja såg ikkjevald som det einaste rette. Det er derfor lett å tenkje at ikkjevald burde vore meir vanleg i teologisk tankegang.

Det er derfor veldig gledelege nyhende som kjem frå Den katolske kyrkja no. På den eine sida er det naturleg, då dei har fokus på historia og tradisjonen, og derfor lettare kan fiske fram kyrkjefedrene og den tidlege kyrkja. På den andre sida er det ei bombe. For dei kan vere i ferd med å forkaste læra si om rettvis krig. Ei lære dei kan spore til kolossar som Augustin og Tomas Aquinas. Og det sterke kreftar vil erstatte læra med, er ikkjevaldeleg motstand!

Det har blitt halde ein konferanse i Vatikanet denne veka. Ein skikkeleg storkonferanse arrangert av Det pavelege rådet for rettferd og fred og Pax Christi, med rundt 80 deltakarar. Og dei har verkeleg slått på stortromma i det dei seier når dei ber pave Frans om å omformulere læra om valdsbruk. «There is no just war», slår dei fast. Vidare seier dei at «Too often the 'just war theory' has been used to endorse rather than prevent or limit war, [...] Suggesting that a 'just war' is possible also undermines the moral imperative to develop tools and capacities for nonviolent transformation of conflict.» Så slår dei fast det eg har meint heile tida: «We need a new framework that is consistent with Gospel nonviolence» og foreslår at «the Catholic Church develop and consider shifting to a Just Peace approach based on Gospel nonviolence.»

Vi kan gje ordet til den ugandiske erkebiskopen John Baptist Odama:
I came a long distance for this conference, with a very clear mind that violence is outlived.
[...]
It is out of date for our world of today.
[...]
We have to sound this with a strong voice. Any war is a destruction. There is no justice in destruction. - It is outdated.
Kan det seiast betre? Og det heile vert endå sterkare når det kjem frå ein erkebiskop i ein region som har fått kjenne herjingane til Al Shabab og Boko Haram på kroppen.

Utsegna frå konferansen slår fast: «The time has come for our Church to be a living witness and to invest far greater human and financial resources in promoting a spirituality and practice of active nonviolence.» Dei seier også at dei har pave Frans med på laget, og at han er ivrig på å få ein endring på dette feltet. Og er det nokon som kan klare det, må det vere Frans.

Denne konferansen i Vatikanet som sikkert kjem til å bli heilt gløymt i norske media, er nok noko av det viktigaste som har skjedd i Kyrkja på aldri så lenge. For alle oss som ynskjer at dette skal vinne fram er det to ting å gjere: Ora et labora. Bøn og arbeid.

tirsdag 1. mars 2016

Jesus, epletreet

Via diverse omvegar kom eg over denne nydelege salmen som i følgje Wikipedia mest truleg er frå 1700-talet. Eg har aldri vore borti salmen før, og eg har heller aldri vore borti symbolikken. Jesus som epletreet. Wikipedia fortel at biletet kjem frå Høgsongen 2,3 der vi kan lese:
Som et epletre blant trærne i skogen,
slik er kjæresten min blant sønnene.
Jeg nyter å sitte i hans skygge,
hans frukt er søt for ganen
Dette har ein, ikkje overraskande, sett på som eit bilete på Jesus.

Salmen kjem sansynlegvis frå metodistane, medan den første gong stod på trykk i ei salmebok frå baptistkyrkja.

Utfordringa til norske komponistar er sjølvsagt enkel: Ein finfin melodi til epletresalmen.

Om teksten er vanskeleg å lese, kan ein trykke på biletet for å få det større.

onsdag 20. januar 2016

Ettertida vil dømme oss hardt

I dag såg eg nokon som skreiv på Facebook noko ala «Tenk at vi stod og såg på utan å seie noko medan leiarane våre kasta ut folk som trengde hjelp i 30 minusgrader. Ettertida vil dømme oss hardt.» Desse orda traff meg, for dei sette ord på noko eg har tenkt på lenge. Kvifor seier vi så lite?

Samstundes som retorikk og handlingar vert hardare og hardare, kan de verke som om dei fleste av oss som vanlegvis tar til motmæle no er stille. Underteikna inkludert. Vi som har som vane å kritisere innstrammingar og urealistiske krav for å få vere i landet vårt, vi har tatt pause no når det verkeleg gjeld. Når innstrammingane har gått heilt av hengslene, når krava for å få bli her ikkje berre er urealistiske, men også umenneskelege, når menneske i naud vert sett på som problem og ein fare. Då held vi kjeft. Kvifor?

Eg har tenkt mykje på dette. For det er no vi burde gått i tog i alle byar og tettstader og krevd at alle ansvarlege statsrådar burde gått av. Det er no alle kyrkjer burde halde forbønsgudstenester for landet vårt. Det er no fagforbunda burde hatt generalstreik. Det er no det gjeld. Og i staden klagar vi på dårleg brøyta vegar og dårleg utval på Netflix.

Korleis vart det slik? Eg trur vi er litt slått ut av råskapen i det som skjer. Kynismen og mangelen på empati er lammande. Eg trur vi ikkje orkar kampen mot ein overmakt som framstår som uovervinneleg. Når nærast eit samla Storting stiller seg bak ein politikk som for få år sidan hadde gjeve dei fleste gåsehud verkar kampen nyttelaus. Eg trur vi ikkje orkar flaumen av troll i kommentarfelta. Dei som hevdar seg knebla og nekta ytringsfridom. Eg trur ikkje det berre er kvinnelege samfunnsdebattantar dei held utanfor. Eg trur dei også er i ferd med å knekke den frie debatten og dei liberale stemmene. For vi orkar ikkje hetsen og gidd ikkje å fore trolla med endå eit kommentarfelt dei kan herje i.

Men dette er sjølvsagt berre dårlege bortforklaringar. For det er ikkje vi som sit utan framtid i overfylte flyktningeleirar. Det er ikkje vi som går over Balkan i sprengkulda. Det er ikkje vi som står åleine i Russland. Det er ikkje vi som står i fare for å bli offer for kyniske menneskesmuglarar i Sahara.

Vi skulle gått i tog. Vi skulle skrive innlegg i avisene. Vi skulle ha protestert i alle kanalar og på alle måtar. Men vi gjer det ikkje og ettertida vil dømme oss hardt.

Mea maxima culpa!

fredag 18. desember 2015

Hanno

Samtidig teikning av Hanno.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Frå tid til anna dukkar det opp ein og annan elefant i den europeiske historia, men Hanno dukka opp midt i Vatikanet. Det gjer at vi må ta ein liten kikk på den største som nokon gong har budd i kyrkjesenteret.

I 1514 fekk pave Leo X ei gåve. Leo X er paven vi kjenner som han som strevde med Martin Luther og til slutt ekskommuniserte han. Gåva kom frå Manuel I som var konge av Portugal. Manuel hadde sendt den fire år gamle kvite, indiske elefanten Hanno til paven, og som seg hør og bør, vart Hanno yndlingsdyret til paven. Dette kan henge saman med at då den digre elefanten kom inn i Roma for første gong, pynta slik berre kongar og pavar kan pynte, skal han ha gått fram til paven, knela, reist seg og blåst tre høge fanfareliknande blås med snabelen. Så fylte han vatn i snabelen og spruta på alle som var der, inkludert paven. Det er ein stilfull entre! Hanno fekk seg eit eige hus (kanskje vi kan kalle det for eit fjøs?) mellom Peterskyrkja og Det apostiliske palass, så ein kan på ingen måte seie at han vart stua vekk i Vatikanet.

Hanno i ein av prosesjonane der Paven ville gjere
narr av nokon. Her Baraballo.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons
Paven likte å ha med Hanno i prosesjonar. Prosesjonane skal ikkje alltid ha hatt dei beste baktankar, og vart gjerne gjort for å gjere narr av folk. I tillegg var ikkje Hanno så begeistra for trompetar, kanonar og anna støy som fulgte med, så fleire gonger enda dette med at han vart redd og skapte kaos i byen. Folk vart til og med drepne på grunn av dette.

I 1566 døydde Hanno. Paven skal ha vore med han heilt til det siste. Stakkaren tålte ikkje maten i Vatikanet, og vart forstoppa. Då dei prøvde å løyse dette med å gje han avføringsmiddel med gull, skar alt seg og han døydde.

Hanno vart gravlagt på Cortile del Belvedere, eit stort torgliknande område i Vatikanet. Der låg han meir eller mindre gløymt fram til 1962, då ein fann beina hans medan ein gravde for å lage varme- og kjøleanlegg. Eg veit ikkje noko om varme- og kjøleanlegget, men Hanno skal ha blitt gravd ned att der han låg, så framleis skal det altså ligge ein elefant gravlagt i Vatikanet.

Slik var altså historia om Hanno. Den største i Vatikanet si historie.

søndag 6. desember 2015

Eit fromt barn

Niolas av Myra
Biletet er henta
frå WikimediaCommons.
Det er minnedag for Nikolas av Myra i dag. Den eigentlege julenissen. Vi kostar derfor på oss ei lita anekdote frå barndommen hans. Den er nok ikkje sann, men slike smålege krav kan vi ikkje stille til gode historier.

Som barn var Nikolas ein asket av dimensjonar. Kyrkja sine fastereglar sa at ein skulle faste på onsdagar og fredagar. Og som det fromme, lille barnet han var, tok Nikolas dette på alvor. På onsdagar og fredagar nekta han nemleg å vere med på meir enn ei runde amming, og dette måtte skje om kvelden, slik fastereglane sa.

Det er eit fromt barn, det!