fredag 10. juni 2016

Eit skummelt steg på ein farleg veg

Det ser ut til at SV får fleirtal for ei ny lov om statsstøtte til trussamfunn. Det er lett å forstå kva dei vil ramme, og det er også lett å sympatisere med dette. Samstundes kan denne lova brukast som eit effektivt verkemiddel for ein autoritær stat. Slike lova bør vi halde oss vekke frå.

Lova seier kort fortalt at om eit trussamfunn oppmodar til lovbrot kan dei bli fråteke stattsøtta. Intensjonen er å hindre terrorekruttering, omskjæring av kvinner, vald mot barn og mange ting vi absolutt ikkje ynskjer å ha i samfunnet vårt. Det er lett å forstå at ein ynskjer sterke verkemiddel for å hindre slikt. Samstundes er ikkje dette vegen å gå, i alle fall om ikkje det ligg svært presise formuleringar med tanke på kva type lovbrot det er snakk om inne i den endelege lovformuleringa.

For om lova er så generell som det som vert sagt i Dagbladet, altså at stattsøtta kan bli trukke om ein oppmodar til lovbrot, kan ein autoritær stat bruke lova til å kneble motstand frå kyrkjer og andre trussamfunn. Lat oss berre sjå på nokre hypotetiske døme.

Den norske kyrkje har engasjert seg sterkt i klimaspørsmålet. Om nokon frå kyrkja eller kyrkja sentralt ein dag går ut og seier at vi oppmodar folk til å begå sivil ulydnad for til dømes å hindre ei oljeutbygging, ei gruve eller liknande, kan lova brukast til å stoppe statsstøtte til ei brysam kyrkje.

Den norske kyrkje har også vore aktiv i spørsmål som har med asyl og flyktningar å gjere. Vi godtek kyrkjeasyl, sjølv om vi ikkje oppmodar til det. Kan ei slik lov kanskje brukast til å ta frå kyrkja statsstøtte?

Det er også historiske døme på korleis kyrkjer har stilt seg opp mot makta, der ingen vil seie at dette var gale. Med fare for å «hitle» lova: Den ikkje-nazifiserte kyrkja i Tyskland var delaktig i lovbrot mot nazilovene. Dei skjulte og hjalp jøder. Sett i ettertid var dette sjølvsagt det einaste rette å gjere, men det var likefult eit lovbrot.

Det er som sagt lett å forstå intensjonane bak lova. Problemet er at lova kan dra landet vårt i ei meir autoritær retning. I eit samfunn der ein har liberale styresmakter som handhever lova på ei god måte kan det hende at ho kan fungere etter intensjonane, men ein lagar samstundes eit lovverk som kan misbrukast til å rydde opposisjon av vegen. Det må vere mogeleg å nå dei same måla utan å ta i bruk eit lovverk som har diktatorisk potensiale i seg.

Vegen frå demokrati til politistat er kortare enn vi likar å tenke på. Summen av mange lover - lover om overvaking til dømes - kan gjere vegen endå kortare om feil folk ein gong får makta. Derfor er slike lover som dette skumle steg på ein farleg veg, og noko som ikkje bør gå gjennom den lovgjevande forsamlinga i Norge. Kom opp med noko betre!

1 kommentar:

Arve Kjell Uthaug sa...

Sluttar meg til heilt og fullt. Vissa om at ein sjølv forvaltar dei forteffelege verdiane, kombinert med at ein sit med politisk makt i samfunnet, er ein farleg miks.

Ei anna sak er om modellen med å finansiera trussamfunn via statsbudsjettet er særleg sunn. Eg trur det skaper klientbindingar som gjer at trussamfunna misser karakter og kraft.

Legg inn en kommentar