torsdag 7. juli 2016

London Bridge - I Arizona....

London Bridge i Lake Havasu City, Arizona.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Vi kjenner alle London Bridge. Eller kjenner og kjenner... Vi kjenner brua frå songen. Den om at heile greia er i ferd med å dette ned. Og saka er at London Bridge var i ferd med å bryte saman på 1960-talet. Ho braut ikkje saman, og står framleis. Men av alle plassar står ho no i Lake Havasu City i Arizona. Historia er som følgjer.

I 1831 stod den skotske ingeniøren John Rennie bak oppføringa av ei ny bru som skulle erstatte den gamle London Bridge frå middelalderen. Eller det vil seie, John Rennie hadde då vore død i ti år, men han hadde gjort planarbeidet og sonen hans med det enkle namnet John Rennie the Younger fullførte brua. 1831-brua var ei viktoriansk granittbru, kva no det måtte seie. Ho var i alle fall laga av granitt og ser grei nok ut på dei gamle bileta frå London. I glansdagane gjekk over åtte tusen menneske over brua kvar time. Det er mange folk! Men glansdagane varte ikkje, og då folk på 1960-talet byrja å køyre bil i staden for å gå, tålte ikkje brua den nye vekta. Brua klarte seg, for så vidt, men grunnen under var i ferd med å bli feid avgarde av elva i kombinasjon med den aukte vekta, så brua stod i fare for å kollapse og ho var heller ikkje særleg godt eigna for biltrafikk. Ein fann ut at det ikkje var nokon god plan å fikse på den gamle brua, så ein bestemte seg for å bygge ei heilt ny bru. Og det var då ein kar i styringa i London fann ut at dei kunne jo forsøke å selge den gamle brua til amerikanarane.

London Bridge i London(!)
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Dette var ikkje like sprøtt som det kan høyrast ut for i dag. Amerikanarane dreiv og kjøpte gamle hus frå Europa på denne tida. Dei fekk frakta dei over havet og bygde dei opp at rundt om kring i den nye verda. Og kva gjev vel meir uttrykk for ei lang historie enn ei solid bru? London Bridge vart derfor lagt ut for sal, og ein amerikansk oljeriking slo til.

Her er det tørt land. Her treng vi ei bru! Frå bygginga i Arizona.
Biletet er tatt av Provelt og ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)
Robert McCulloch hadde grunnlagt Lake Havasu City i Arizona, og no ville han gjere byen til ein turistmagnet. Han kjøpte London Bridge for rundt to og ein halv million dollar og fekk ho sendt i delar til USA. 23. september 1968 byrja bygginga av brua i Arizona og i 1971 stod ho ferdig. I god kremmartradisjon nøya ikkje McCulloch seg med berre ei bru. Han fekk også bygd ein slags engelsk landsby med butikkar, resturantar og slikt rundt brua. Det vart aldri nokon suksess og besøkande der går vistnok ofte skuffa heima att. Utan at eg kan skjøne at dei kan ha hatt særleg høge forventningar i utgangspunktet....

Dette er jo ikkje så rart, tenker du kanskje no. Dei trengte sikkert ei bru i Lake Havasu City. Saka er at dei gjorde ikkje det. Brua batt saman fastlandet og ei halvøy. Der halvøya hang saman med land. Så samstundes som dei bygde brua, eller i alle fall i same periode, laga dei også ein kanal under brua. Så ho går over vatn. For halvøya er ikkje landfast lenger. Brua måtte jo ha ei reell nytte...

Så der er ho. London Bridge i Arizona. Flytta frå ein av dei mest spanande byane i verda til det som verkar som ein av dei kjedelegaste byane i verda. Det kan sjå ut som om det er ein interessant ting i heile Lake Havasu City, og det er brua frå London.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar