fredag 7. desember 2012

Folkefrelsar til oss kom

Den heilage Ambrosius.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Denne veka har St. Isidors minne, på grunn av sjukdom og dårleg tid, forbigått minnedagane til både Johannes av Damaskus og Nikolas av Myrra i den totale stille. I dag er det Ambrosius av Milano som har minnedag. Vi kan ikkje gå forbi også han, så vi tar med oss salmen, Folkefrelsar til oss kom, vidare i adventstida. Salmen står som dei fleste veit som nummer ein i Norsk Salmebok, og er den eldste salmen i boka. Enkelte vil kanskje hevde at det og er den finaste salmen i salmeboka og at det kun har gått nedover med salmekunsten sidan Ambrosius skreiv dette på slutten av 300-talet.

Folkefrelsar, til oss kom,
fødd av møy i armodsdom! 
Heile verdi undrast på 
kvi du soleîs koma må.  
Herrens under her me ser, 
ved Guds Ande dette skjer. 
Livsens ord frå himmerik 
vert i kjøt og blod oss lik.  
Utan synd han boren er 
Som all synd for verdi ber. 
Han er både Gud og mann, 
alle folk han frelsa kann.  
Frå Gud Fader kom han her, 
heim til Gud hans vegar ber, 
Ned han fór til helheims land, 
upp fór til Guds høgre hand. 
Du som er Gud Fader lik, 
Ver i vanmakt sigerrik! 
Med din guddomsvelde kom, 
styrk oss i vår armodsdom.  
Klårt di krubbe skina kann, 
ljoset nytt i natti rann, 
naud og natt til ende er, 
trui alltid ljoset ser.  
Lov og takk, du Herre kjære, 
som til verdi komen er! 
Fader god og Ande blid, 
lov og takk til evig tid!

søndag 2. desember 2012

Johannes Suenonis' advent

Vadstena klosterkyrkje, der preika vart halde.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Om nokon har sett dagens første bloggpost, har dei kanskje undra seg over tittelen på posten, «De adventu Domini in carne», eller på at bloggposten utelukkande inneheld dagens evangelietekst og eit bilete. Planen min er at det skal kome ein liknande bloggpost kvar søndag i adventstida. Titlane på dei fire søndagane er frå ei preike Johannes Suenonis hadde i klosteret i Vadstena på slutten av 1300-talet:
Første søndag i advent handler om Herrens komme i kjød (de adventu Domini in carne), andre søndag i advent omhandler Kristi komme til dom (de adventu Domini ad judicium), tredje adventssøndag handler det om hvordan Guds sønn kommer til menneskesjelen (adventus filii Dei in humanam mentem), og på den fjerde søndagen, som også innbefatter Herrens fødselsfest, feirer vi Guds sønns komme til verden (adventus filii Dei in mundum).[1]
Eg har ikkje sett etter korleis tekstane i tredje tekstrekke for Den norske kyrkje i tekstrekkene som vart introdusert første søndag i advent 2011,  passar saman med overskriftene den svenske presten gav dei ulike dagane på 1300 talet. Det kan kanskje vere interessant å sjå.

Johannes Suenonis døydde i 1390 og var prest i klosteret i Vadstena. Han var ein dyktig preikeskrivar, og tok med seg nye impulsar til Vadstena frå utlandet, særleg Praha. Johannes hadde studert i Bologna og Praha og var prest i Sverige før han byrja som prest i klosteret i Vadstena i 1387. Dette var i og for seg underleg, sidan han var sekulærprest, men til dømes det at han hadde preiker på gudstenester tyder på at han vart rekna som ein ordensprest. I 1390 skulle han reise til Roma for å overtale paven til å kanonisere Birgitta, men han døydde før han kom fra.

Ein har ein del skrifter etter Johannes, og det er særleg preiker han har etterlate til oss, sjølv om det også er andre kyrkjelege skrifter som han enten har skrive sjølv eller kopiert. Preikene hans skal vere tunge greier som ikkje er rekna for vanlege folk, men som preikeopplæring for prestar. Det er sikkert i den samanhengen ein må forstå sitatet over.[2]

Dette er altså bakgrunnen for postane som kjem til å kome dei fire søndagane i advent. Velsigna adventstid!

[1] Jan Henrik Schumacher, Kirkehistorisk latinleksikon, Spartacus, Oslo, 2002. Side 17
[2] Informasjonen om Johannes Sunonis er henta frå denne artikkelen som Roger Andersson har skrive for Universitetet i Bergen.

De adventu Domini in carne

Jesus i tempelet.
Maleri av Quentin Matsys.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer og sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhòle
     På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
     Frå munnen på småborn og spedborn 
     har du late lovsong lyda!»
Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
     (Matt. 21, 10-17)

torsdag 22. november 2012

Klimakutt - Ein tragedie på 83 sekund.

tirsdag 20. november 2012

Er kristne først og fremst redde for døden?

Eg har nettopp lese Nostradamus' testamente, forøvrig ei bok alle bør lese, og i boka dukka det opp ein påstand ein ofte høyrer frå ateistar, nemleg desse orda som kjem frå den ateistiske nevrobiologen William Blackmore:
Troen ligger i oss. Hvorfor? fordi det finnes en gud som har plantet troen i oss? Eller fordi vi så enderlig ønsker at det skal finnes en gud, en mening, en sammenheng, en skaper, en igangsetter. Og først og fremst: en barmhjertig farsfigur som venter på oss etter døden, som trøster og lindrer, og som gjør døden til en overgang - ikke en avslutning.[1]
Dette er eit postulat ein møter ofte. At truande først og fremst trur fordi ein ynskjer eit alternativ til døden. Men stemmer dette? Er det det som er den vanlege «motivasjonen» til truande? Eg er ikkje så sikker.

Det er sjølvsagt vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg, å skulle snakke på vegne av alle, men mitt inntrykk når eg snakkar med folk som har ei eller anna form for tru, og då særleg ei kristen tru, er at det er andre ting som er det som først og fremst er sentralt i trua deira i det daglege livet.

Eg vil dele dei kristne inn i tre grupper, og meiner her med «kristne» folk som er engasjerte i ulike formar for kyrkjelydsarbeid sidan eg meiner det ikkje gjev særleg meining å diskutere ei hypotetisk tru ein ikkje ser praktiske utslag av.

Den eine gruppa truande er det ein med eit samleord kan kalle for «karismatikarar». Dette er menneske som vil vere opptatte av «teikn og under», altså at konkrete hendingar skjer i livet deira. Dette kan vere at folk vert friske av bøn, at dei talar i tunger, profeterer eller mange andre former for guddommeleg inngripen i livet deira. Dei vil ha stort fokus på at Gud grip inn i verda her og no, at Gudsriket er mellom oss, at det er deira oppgåve å formidle Guds kjærleik til andre menneske og så bortetter. Alt noko som skjer her og no. På denne sida av døden.

Den andre gruppa vil eg med eit samleord kalle for «tilbedarar». Dette er dei som er opptatt av lovsong, liturgi, meditasjon kristen kunst og så bortetter. Desse folka meiner at ein er kalla til å lovprise Gud, og at det ein finn rundt seg i skaparverket, den grenselause kjærleiken Gud viste oss i Kristus eller kva ellers ein måtte vere begeistra for, forpliktar eller i det minste inspirerar til å lovprise Gud. Ein har eit fokus på her og no, og korleis menneska i livet skal lovprise den evige Gud.

Den tredje gruppa mi er «aktivistane». Desse finn ein i Korsvei, Kirkens Bymisjon, politikk, hjelpe- og miljøorganisasjonar og likande. Og sjølvsagt som misjonærar og forkynnarar. Desse folka meiner at bodskapen ein finn i Bibelen forpliktar dei truande på eit sett med normar som fører til handling her og no. Det kan vere å jobbe for ein mer rettvis fordeling av materielle goder. Det kan vere å arbeide for miljøet. Det kan vere å sjå til at sjuke får besøk eller at fattige barn får i seg mat. Det kan vere å koke kaffi og blande saft på bedehuset. Eller det kan vere noko heilt anna. Dei ser seg kalla til å jobbe for at verda skal verte ein betre plass her og no og for at evangeliet skal nå stadig fleire menneske.

Det er sjølvsagt overlapp mellom desse tre kategoriane, og alle er nok heller karikert i framstillinga, men  eg vil påstå at dei aller fleste praktiserande kristne kan ein plassere meir eller mindre inn i desse tre kategoriane. Felles for alle tre er at fokuset ligg på her og no. Det er her det skjer. Det er no som er den viktige tida. Livet er noko som skjer før døden, og kristentrua dreier seg i praksis om det som skjer i livet.

Døden, og med den vona om det evige livet, har sjølvsagt ein plass i kristentrua til alle desse tre gruppene, men det er ikkje det som er det sentrale i det daglege. Det sentrale i det daglege er opplevingane, tilbedinga og oppgåvene. Det sentrale er Gud i verda i dag. Det som skjer etter døden, det skjer etter døden. Ein har det med seg som ei hyggeleg framtidsvon, men eg vil påstå at for dei fleste er det ikkje det som er det sentrale i dagleglivet eller i truslivet.

Dette er ikkje nokon vitskapeleg analyse, men mitt høgst personlege inntrykk etter å ha levd i kristen-Norge i ein del år og høyrt både forkynning og personlege vitnemål om truslivet. Døden er sjelden eit tema. Ein snakkar om livet. Ein snakkar om her og no.

Kvifor lever den då så godt, denne påstanden om at truande er truande først og fremst fordi dei er redde for døden? Igjen kan eg berre vise til mine eigne tankar, men eg trur det heng saman med at mange først og fremst møter kristen tru i gravferder. Då er det naturleg nok ein del snakk om døden, og naturleg nok løfter ein fram den kristne vona i møte med døden: Vona om evig liv i Kristus. Gravferdsforkynning handlar i liten grad om her og no, og i stor grad om at døden er «en overgang - ikke en avslutning». Er det gravferder som er der ein møter kristendom, vil ein kunne få dette inntrykket, eller ein kan få stadfesta det ein har høyrd om at folk trur kun fordi dei er redde for døden. Og så er det jo greit å kunne seie at trua eigentleg er «ei krykke» for folk. Eller ei trøyst. Eller noko svake folk treng for å klare livet.

Sanninga er heller at for svært mange er trua ikkje ei trøyst eller ei krykke. Det er ei oppgåve. Trua er noko som forpliktar dei til eit liv der dei skal leve ut visse ideal, anten dette er sosialetiske, liturgiske eller andelege i tydinga at dei skal oppleve eller utløyse andelege manifestasjonar. For svært mange vil dette vere meir utfordrande enn trøystande, meir som ei hinderløype enn ei krykke. Men vi gjer det likevel, fordi vi meiner det er rett og fordi vi meiner det er det Gud vil med liva våre. Vi gjer det med glede eller av plikt, men vi ser det som ein del av det å vere truande, og for dei aller fleste som praktiserer kristen tru vil nok dette aspektet vere langt meir framtredande i dagleglivet enn vona om evig liv, sjølv om denne vona sjølvsagt er der. «Motivasjonen» for dei truande ligg ikkje i det som skjer etter døden, men i å tene Gud her og no rett og slett fordi ein har ei overbevisning om at den kristne trua er rett og meiner Gud fortener å bli tena og har kalla oss til teneste. Det som måtte skje etter døden vert meir for ein bonus å rekne. Samstundes trur eg at folk treng noko meir til å motivere seg en ei von om noko som skjer i framtida ein gong. Dei treng noko her og no for halde oppe eit levande trusliv.

Lat oss til slutt ta med den mest brukte bøna i kristendomen. «Herrens bøn» har vi frå Jesus sjølv. Den vert brukt i alle tenkelege kristne samanhengar, og nemner ikkje livet etter døden med eitt ord. Det er noko som er underforstått, noko som ligg bak men som ein ikkje fokuserer på fordi det som er viktig for det levande mennesket skjer her og no, slik eg meiner også dei truande sine liv først og fremst har fokus og motivasjon her og no, ikkje på at døden er «en overgang - ikke en avslutning»
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød, og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.
[1]  Tom Egeland, Nostradamus' testamente, Aschehoug, Oslo 2012. Side 572

søndag 18. november 2012

Helgen med hundehovud

St. Kristoffer med hundehovud.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Hinduistane har Ganesha, ein triveleg gud med elefanthovud, og nyleg oppdaga eg at vi også kan stille opp med dyrehovudar på menneskekroppar i kristendomen også. Eg fekk boka Icons av Eva Haustein-Bartsch, og kom der over eit underleg ikon av St. Stefanus og St. Kristoffer. At to martyrar er på same ikon er ikkje så rart, men at den eine har hundehovud - det er rart!

Boka kunne fortelje følgjande om St. Kristoffer.
According to legend, the future saint came from a race of dog-headed cannibals and was originally called Reprobus (Lat: the cursed). His conversion to Christianity and his baptism brought him not only a new name, Christophoros (Greek: the Christ-bearer), but also a human figure and the ability to speak. From Samos in Lycia he travelled the country as a missionary, preaching the gospel. He succeeded in convincing many of the Christian message, as God reinforced his preaching with miracles, for example the flowering of his staff.
St. Kristoffer har vore, og er, ein svært populær helgen i heile Europa, men det er kun i austkyrkja han har blitt framstilt med hundehovud. Verken Oxford Dictionary of Saints eller Catholic Encyclopedia nemner til dømes dette med eit ord, noko som forsåvidt ikkje er så rart all den tid kannibalar med hundehovud ikkje er ein særleg vanleg folkegruppe her i vest...

Den legenda som er vanleg her i vest er artig den også. Legenda seier at Kristoffer vart fødd av hedenske foreldre og fekk namnet Offero. Han var ein kjempestor mann, og fann ut at han ville tene den største av alle herrar. Først tente han kongen i landet der han budde, men han fann ut at kongen frykta Djevelen, og han gjekk derfor heller i teneste for han. Offero forstod etterkvart at Djevelen frykta Kristus, og fekk råd om å tene Kristus med det han kunne best. Offero vart derfor fergemann og frakta folk over ei elv.

Kristoffer med Jesus på skuldra.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Ei natt bar han eit lite barn på skuldrene sine over elva i eit forferdeleg uver. Medan han bar barnet vart det tyngre og tyngre og tyngre og tyngre. Då han endeleg kom over på den andre sida sa barnet til han at han hadde bore vekta av heile verda sine synder på skuldrene sine. Barnet bad Offero setje staven sin i bakken, og då han gjorde dette spirte staven med blomar og dadlar. Offero forstod no at barnet var Jesus, og han vart døypt. Frå då av hadde han navnet Kristoforos - Han som bar Kristus.

Kristoffer byrja no å forkynne evangeliet, noko som førte til at han enda livet sitt som martyr.

Mange har sikkert sett bilete av St. Kristoffer på medaljongar og liknande. Han er skytshelgen for reisande, bilistar, syklistar, pilotar, sjømenn og mange andre grupper av folk.

Vatikanet tok festdagen for Kristoffer ut av den offisielle kalenderen i 1969, kanskje på grunn av det ikkje heilt umerkelege legendariske innhaldet i forteljinga om han, sjølv i den vestlege versjonen. Dette vart møtt med store protestar i fleire land. Populariteten til Kristoffer stod imidlertid over kalendernederlaget, og sjølv Vatikanet skal ha bedt St. Kristoffer om å gå i forbøn for den elektriske bilen til paven. Det vert sagt at Kristoffer alltid skal reise saman med mennesker på reise. Dette gjer at ein ofte ser medaljongar med b77rilete av han festa til bilnøklar og liknande.

søndag 11. november 2012

Vener for livet

Jesus og St. Mennas. Det såkalla «Vennskapsikonet».
Biletet er henta frå Wikipedia Commons.
I dag er det minnedag for St. Mennas. Ikkje høyrt om han, seier du? Det kan nok stemme, men du har sikkert sett bilete av han. St. Mennas er nemleg han som er «venen til Jesus» på ikonet som vert omtala som «Vennskapsikonet» eller «Jesus og venen hans». Held du til i Bjørgvin bispedømme vil du nok sjå ikonet jamnleg det neste året, sidan dette er ikonet for «Ungdomsåret», som skal markerast i 2013.
«Jesus og vennen hans», er ikonet for Ungdomsåret. Eit ikon kan vere gjenstand for refleksjon og undring over evangeliet og det kan forkynne på mange ulike nivå. I dette ikonet er nærleiken mellom Jesus og venen hans uttrykt med handa over skuldra og at dei ser på kvarandre med det eine auga og med det andre ser dei fram – på oss.
Dette seier ein på nettsida til Ungdomsåret. Men kven er eigentleg denne personen som vert portrettert medan Jesus held han rundt skuldrene?

Bulgarsk ikon som viser
Mennas i krigsrustning.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Ein kan ikkje seie så mykje sikkert om Mennas, men dei ulike forteljingane er stort sett einige i at han levde rundt år 300, var egyptar, og gjorde teneste som soldat i den romerske hæren. Ei forteljing seier at foreldra hans var fromme kristne i øvre lag i samfunnet, men som ikkje fekk barn. Ein dag, medan mora ba om ein son forran eit ikon av Jomfru Maria, svara Maria «Amen», og få månader seinare vart Mennas født. I andre  forteljingar var han truleg kamelførar. Uansett er ein einig i at han gjekk inn i den romerske hæren. Etter nokre år deserterte han, enten for å sleppe vekk frå kristenførfylgjinga i hæren eller for å vie seg til Jesus i askese i ørkenen. Etter å ha vore i ørkenen ei stund vendte han attende til samfunnet for å døy martyrdøden. Motivasjonen for dette er også uklår. Ei forteljing seier at han fekk ei openberring av englar som krona martyrar og beskjed om at han skulle få ei slik martyrkrone. Ei anna forteljing seier at han bestemte seg for å vedkjenne seg trua si offentleg, nærast i solidaritet med alle dei kristne som vart drepne. Han dro i alle fall til sivilisasjonen og vedkjente seg trua si for styresmaktene. Enten direkte til den lokale herskaren eller på eit stort idrettsstemne. Vedkjenninga førte til at han vart torturert og halshogd. Kvar dette skjedde er ein ikkje einig om, men både Algerie og Tyrkia er mogelege stader. Liket hans vart uansett ført med kamel attende til Egypt for gravlegging. Då kamelen kom til ein stad i nærleiken av Alexandria nekta den plutseleg å gå eit skritt vidare. Dette vart tatt som eit teikn frå Gud, og Mennas vart gravlagt der.

Slike flasker fann ein mange av rundt gravplassen
til Mennas. Dei var mest truleg fylt med vatn frå
ei heilag kjelde, mykje slik Olavskjeldene i Norge
fungerte. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det vaks etterkvart fram ein kult rundt gravplassen til Mennas. Kanskje vart staden han var gravlagt på gløymt og oppdaga att, kanskje vart relikvia av han brukte som hjelp i krig av lokale styresmakter. Uansett vart det etterkvart bygd ei kyrkje på gravplassen hans. Rundt kyrkja vaks det fram ein stor by, men på 700-talet vart kyrkja øydelagt, og på 800-talet skjedde mykje det same med resten av byen. Muslimane tok over, og både kyrkje og den lokale helgenkulten rann ut i sanden, bokstaveleg tala.

St. Mennas vart ikkje gløymt, og faktisk forsvann heller ikkje relikvia av han, men er tatt vare på fram til i dag. Mennas har heile tida vore ein av dei viktigaste helgenane i Egypt, men gravplassen hans vart ikkje funne att før i 1905. Då vart det gjort store utgravingar der ein fann både kyrkje, kloster og mange spor av ein stor helgenkult. På midten av 1900-talet byrja ein å byggje eit nytt kloster rundt ein kilometer frå Mennas si gamle grav. I dette klosteret kviler i dag St. Mennas - venen til Jesus.

11. november er altså minnedagen til St. Mennas. Kanskje er det ein dag ein bør markere i ungdomsåret? November skal jo og vere ein særskild ungdomsmånad i ungdomsåret. Eg trur i alle fall Mennas har noko å seie til unge i dag om mange aspekt i kristenlivet. Kva kan det koste å vedkjenne seg trua si i samfunn som ikkje er så gode som vårt? Kva vil det seie å leve eit liv i bøn og forsaking, slik Mennas gjorde i ørkenen? Korleis viser vi solidaritet med lidande kristne brør og søstre? Kva vil det seie å vere «venen til Jesus», og ikkje berre «vener for livet», men og vener i døden. Dette er gode spørsmål for refleksjon og samtale, og hadde vore eit fint innslag i Ungdomsåret.