Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.
Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.
(Matt 1, 18-25)
Viser innlegg med etiketten Johannes Suenonis' advent. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Johannes Suenonis' advent. Vis alle innlegg
søndag 23. desember 2012
søndag 16. desember 2012
Adventus filii Dei in humanum mentem
| Johannes peikar på Jesus. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg.
(Joh 5, 31-36)
Kategoriar:
Advent,
Johannes Suenonis' advent,
Kristendom,
Merkedagar,
Sitat
søndag 9. desember 2012
De adventu Domini ad judicium
| Maleri av Jacek Andrzej Rossakiewicz. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn. Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen.
Joh 16, 21-24
Kategoriar:
Advent,
Johannes Suenonis' advent,
Kristendom,
Merkedagar,
Sitat
søndag 2. desember 2012
Johannes Suenonis' advent
| Vadstena klosterkyrkje, der preika vart halde. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
Første søndag i advent handler om Herrens komme i kjød (de adventu Domini in carne), andre søndag i advent omhandler Kristi komme til dom (de adventu Domini ad judicium), tredje adventssøndag handler det om hvordan Guds sønn kommer til menneskesjelen (adventus filii Dei in humanam mentem), og på den fjerde søndagen, som også innbefatter Herrens fødselsfest, feirer vi Guds sønns komme til verden (adventus filii Dei in mundum).[1]Eg har ikkje sett etter korleis tekstane i tredje tekstrekke for Den norske kyrkje i tekstrekkene som vart introdusert første søndag i advent 2011, passar saman med overskriftene den svenske presten gav dei ulike dagane på 1300 talet. Det kan kanskje vere interessant å sjå.
Johannes Suenonis døydde i 1390 og var prest i klosteret i Vadstena. Han var ein dyktig preikeskrivar, og tok med seg nye impulsar til Vadstena frå utlandet, særleg Praha. Johannes hadde studert i Bologna og Praha og var prest i Sverige før han byrja som prest i klosteret i Vadstena i 1387. Dette var i og for seg underleg, sidan han var sekulærprest, men til dømes det at han hadde preiker på gudstenester tyder på at han vart rekna som ein ordensprest. I 1390 skulle han reise til Roma for å overtale paven til å kanonisere Birgitta, men han døydde før han kom fra.
Ein har ein del skrifter etter Johannes, og det er særleg preiker han har etterlate til oss, sjølv om det også er andre kyrkjelege skrifter som han enten har skrive sjølv eller kopiert. Preikene hans skal vere tunge greier som ikkje er rekna for vanlege folk, men som preikeopplæring for prestar. Det er sikkert i den samanhengen ein må forstå sitatet over.[2]
Dette er altså bakgrunnen for postane som kjem til å kome dei fire søndagane i advent. Velsigna adventstid!
[1] Jan Henrik Schumacher, Kirkehistorisk latinleksikon, Spartacus, Oslo, 2002. Side 17
[2] Informasjonen om Johannes Sunonis er henta frå denne artikkelen som Roger Andersson har skrive for Universitetet i Bergen.
Kategoriar:
Advent,
Johannes Suenonis' advent,
Kristendom,
Kyrkjehistorie,
Sitat
De adventu Domini in carne
| Jesus i tempelet. Maleri av Quentin Matsys. Biletet er henta frå Wikimedia Commons. |
På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: «Hosianna, Davids son!» vart dei arge og sa til han: «Høyrer du kva dei seier?» «Ja», svara Jesus. «Har de aldri lese dette ordet:
Frå munnen på småborn og spedborn
har du late lovsong lyda!»
Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
(Matt. 21, 10-17)
Kategoriar:
Advent,
Johannes Suenonis' advent,
Kristendom,
Merkedagar,
Sitat
Abonner på:
Innlegg (Atom)