søndag 11. november 2012

Vener for livet

Jesus og St. Mennas. Det såkalla «Vennskapsikonet».
Biletet er henta frå Wikipedia Commons.
I dag er det minnedag for St. Mennas. Ikkje høyrt om han, seier du? Det kan nok stemme, men du har sikkert sett bilete av han. St. Mennas er nemleg han som er «venen til Jesus» på ikonet som vert omtala som «Vennskapsikonet» eller «Jesus og venen hans». Held du til i Bjørgvin bispedømme vil du nok sjå ikonet jamnleg det neste året, sidan dette er ikonet for «Ungdomsåret», som skal markerast i 2013.
«Jesus og vennen hans», er ikonet for Ungdomsåret. Eit ikon kan vere gjenstand for refleksjon og undring over evangeliet og det kan forkynne på mange ulike nivå. I dette ikonet er nærleiken mellom Jesus og venen hans uttrykt med handa over skuldra og at dei ser på kvarandre med det eine auga og med det andre ser dei fram – på oss.
Dette seier ein på nettsida til Ungdomsåret. Men kven er eigentleg denne personen som vert portrettert medan Jesus held han rundt skuldrene?

Bulgarsk ikon som viser
Mennas i krigsrustning.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
Ein kan ikkje seie så mykje sikkert om Mennas, men dei ulike forteljingane er stort sett einige i at han levde rundt år 300, var egyptar, og gjorde teneste som soldat i den romerske hæren. Ei forteljing seier at foreldra hans var fromme kristne i øvre lag i samfunnet, men som ikkje fekk barn. Ein dag, medan mora ba om ein son forran eit ikon av Jomfru Maria, svara Maria «Amen», og få månader seinare vart Mennas født. I andre  forteljingar var han truleg kamelførar. Uansett er ein einig i at han gjekk inn i den romerske hæren. Etter nokre år deserterte han, enten for å sleppe vekk frå kristenførfylgjinga i hæren eller for å vie seg til Jesus i askese i ørkenen. Etter å ha vore i ørkenen ei stund vendte han attende til samfunnet for å døy martyrdøden. Motivasjonen for dette er også uklår. Ei forteljing seier at han fekk ei openberring av englar som krona martyrar og beskjed om at han skulle få ei slik martyrkrone. Ei anna forteljing seier at han bestemte seg for å vedkjenne seg trua si offentleg, nærast i solidaritet med alle dei kristne som vart drepne. Han dro i alle fall til sivilisasjonen og vedkjente seg trua si for styresmaktene. Enten direkte til den lokale herskaren eller på eit stort idrettsstemne. Vedkjenninga førte til at han vart torturert og halshogd. Kvar dette skjedde er ein ikkje einig om, men både Algerie og Tyrkia er mogelege stader. Liket hans vart uansett ført med kamel attende til Egypt for gravlegging. Då kamelen kom til ein stad i nærleiken av Alexandria nekta den plutseleg å gå eit skritt vidare. Dette vart tatt som eit teikn frå Gud, og Mennas vart gravlagt der.

Slike flasker fann ein mange av rundt gravplassen
til Mennas. Dei var mest truleg fylt med vatn frå
ei heilag kjelde, mykje slik Olavskjeldene i Norge
fungerte. Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Det vaks etterkvart fram ein kult rundt gravplassen til Mennas. Kanskje vart staden han var gravlagt på gløymt og oppdaga att, kanskje vart relikvia av han brukte som hjelp i krig av lokale styresmakter. Uansett vart det etterkvart bygd ei kyrkje på gravplassen hans. Rundt kyrkja vaks det fram ein stor by, men på 700-talet vart kyrkja øydelagt, og på 800-talet skjedde mykje det same med resten av byen. Muslimane tok over, og både kyrkje og den lokale helgenkulten rann ut i sanden, bokstaveleg tala.

St. Mennas vart ikkje gløymt, og faktisk forsvann heller ikkje relikvia av han, men er tatt vare på fram til i dag. Mennas har heile tida vore ein av dei viktigaste helgenane i Egypt, men gravplassen hans vart ikkje funne att før i 1905. Då vart det gjort store utgravingar der ein fann både kyrkje, kloster og mange spor av ein stor helgenkult. På midten av 1900-talet byrja ein å byggje eit nytt kloster rundt ein kilometer frå Mennas si gamle grav. I dette klosteret kviler i dag St. Mennas - venen til Jesus.

11. november er altså minnedagen til St. Mennas. Kanskje er det ein dag ein bør markere i ungdomsåret? November skal jo og vere ein særskild ungdomsmånad i ungdomsåret. Eg trur i alle fall Mennas har noko å seie til unge i dag om mange aspekt i kristenlivet. Kva kan det koste å vedkjenne seg trua si i samfunn som ikkje er så gode som vårt? Kva vil det seie å leve eit liv i bøn og forsaking, slik Mennas gjorde i ørkenen? Korleis viser vi solidaritet med lidande kristne brør og søstre? Kva vil det seie å vere «venen til Jesus», og ikkje berre «vener for livet», men og vener i døden. Dette er gode spørsmål for refleksjon og samtale, og hadde vore eit fint innslag i Ungdomsåret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar