søndag 22. mars 2020

Tankar på Maria bodskapsdag.


Fram mot Maria bodskapsdag har dette ikonet frå Polen vore med meg i tankane. Ikonet har gjort at den polske aktivisten Elzbieta Podlesna vert forfulgt av polske styresmakter som i tospann med sterke krefter i kyrkja i Polen slår knallhardt ned på krefter som jobbar for demokrati og skeive rettar. Prawo i Sprawiedliwość (PiS, norsk: Lov- og rettferdspartiet), vil ha eit samfunn bygd på rekasjonære, autoritære verdiar, og i kampen for dette har dei alliert seg med sterke krefter i den polske kyrkja.

På Maria bodskapsdag møter vi ei ung jente som får ei enorm oppgåve. Det er ikkje det etablerte samfunnet vi feirar i dag. Forteljinga viser korleis Gud jobbar på utsida av det som er godteke. Gud jobbar gjennom den unge, ugifte jenta som vert gravid i eit strengt patriarkalsk samfunn. Gjennom ei jente som ikkje hadde makt, truleg heller ikkje særleg økonomiske midlar, og som var ein del av eit okkupert folkeslag i ein utkant av eit imperium. Gud jobba gjennom det som skapte uro og kanskje avsky hos dei som stod for det etablerte, for det "fine" og "rette". Gjennom ei som havna på utsida av samfunnet. Ikkje berre jobba Gud gjennom ho som havna på utsida av det etablerte, men ho havna der nettopp på grunn av det ho sa ja til. Då ho sa ja til å gjere det Gud bad ho om, sa ho ja til å havne på utsida sidan det var måten Gud valgte å jobbe på.

Pussy Riot ser også til Maria i kampen mot autoritære styresmakter som går i tospann med kyrkja. Dei syng på russisk, men songen kan høyrast i ein nydeleg utgåve av Moddi, der teksten er nokonlunde den same som i omsetjingar av songen i media (Som her og her. Moddi sin her) For låta og musikvideoen hamna dei i fengsel. Dei vart anklaga for blasfemi. Så kan ein spørje seg kven som er mest blasfemisk av ei kyrkje som jobbar tett saman med Putin sitt regime som systematisk bryt ned menneskerettane i kampen for eit samfunn som liknar på det polske styresmakter vil ha, eller eit band som peiker på at denne alliansen mellom kyrkjemakt og sekulær makt går ut over nokon. Den går ut over kvinner, dei som ikkje passar inn i den tradisjonelle, statlege definisjonen av "familie", dei som trur annleis enn den ortodokse kyrkja og dei som av andre grunnar havnar på utsida av det "fine" og det "rette". Det går ut over slike som Maria.

Pussy Riot ber Maria vere feminist. Det burde vere ukontroversielt. Forteljinga om Maria burde få oss til å tenke feministisk og jobbe for rettane til kvinner som Maria. Den burde få oss til å tenke som aktivistar for ulike saker som handlar om rettane til dei som fell utanfor det etablerte, "rette", samfunnet. For i forteljinga om Maria ser vi at Gud sjølv jobbar på utsida og gjennom dei som fell utanfor. Det er som om Gud sjølv protesterer mot det etablerte, det "fine" og det "rette".

Det er lett å peike på kvar kyrkja i Polen og Russland gjer feil. Viktigare for oss er jo eigentleg kvar kyrkja i Norge gjer feil. Kvar står vi på feil side og held fram unødvendige normer og reglar om kva som er "riktig", "fint", "sømmeleg" og "kristent" på ein måte som skadar menneske og held dei ute frå fellesskapen i kyrkja?

Det er spørsmålet både ikonet og Punk Prayer får fram i meg i møte med teksten om Maria. Eg veit ikkje svaret, men eg trur vi kontinuerleg må stille oss spørsmålet og be om hjelp til å finne svar. Kyrie eleison!

Ver helsa, Maria, du som har fått nåde,
Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner,
og velsigna er ditt livs frukt, Jesus.
Heilage Maria, Guds mor,
be for oss syndarar,
no og i vår dødstime.
Amen.

mandag 25. februar 2019

Ol'Larsianarane

Det er mykje snakk om læstadianarar for tida, i alle fall her oppe i nord. Det passar derfor godt å sjå på ein annan gjeng med "-ianarar": Ol'larsianarane.

Vi skal til Meløy, sør for Bodø, på 1890-talet. På den tida kom Ole Larsen frå Buksnes i det som er Vestvågøy kommune i Lofoten i dag til Nordbygden. Eg reknar med at Nordbygden vil ligge nord for Reipå, men her er eg i reine spekulasjonar. Denne Ole Larsen var i følgje sokneprest Oluf Folden i Meløy ein "berygtet" mann. Det skuldast etter det som vert sagt at han var "en kvinnebedårer". Det er mogeleg dette var til hjelp i å byggje er rørsle, men det ser også ut som om det var med på å sprenge den.

Ole Larsen var predikant. I Buksnes hadde det vakse fram eit miljø rundt han med folk som meldte seg ut av statskyrkja og starta sin eigen kyrkjelyd. Denne vart kjent under namnet Ol'Larsianarane . I Buksnes skal dette ha starta i 1891. Kvifor Larsen kom til Meløy veit eg ingenting om, men han kom tydlegvis dit ein tur. Der spreidde vekkinga seg. Det ser ut som om rørsla i Meløy var sentrert rundt andre menn enn Ole Larsen, så det er mogeleg han drog nord til Lofoten att. Eg veit ikkje. I Meløy var dei sentrale i alle fall Kristian Didriksen, Andreas Brun som var predikant og Kristoffer Karstensen som hadde dåp, nattverd og stod for gravferder og forkynning.

Kva stod denne rørsla for? Likna dei på læstadianarane anna enn i namnet? Dagmar Sivertsen slår i boka Læstadianismen i Norge fast at "alle er vel enige" om at dei ikkje var læstadianarar, sjølv om dei støtta seg på Læstadius. I ein artikkel i Meløy Historielag sin årbok nr. 8 kan vi lese eit sitat frå sokneprest Folden om rørsla:
De siger bl.a at ingen kan frelses uden gjennom kristen broders formidling, at bibelen inneholder kun papir og sverte og Guds ord bliver det først ved at det formidles ved et troende menneske. "Ordet ble kjød" siger de gjelder endnu i bokstavelig forstand om Guds ord. Det må blive kjød og udgå beåndet fra et menneske. Man må ikke sige til en bekymret sjæl: Gå til Jesus, men Kom til Jesus, fordi han alene er at finde hos og ved de troende.
Ol'Larsianarane hadde møter i heimane rundt Reipå. Dei var ikkje så mange, kanskje 25 på ein god dag, men det vert spekulert i om Fore kirke på Reipå vart bygd for å demme opp for Ol'larsianarane. Møtene deira var lange, dei bad og song, kom med vitnesbyrd og som hos læstadianarane var høgtlesning frå preikesamlingar sentralt. Kven dei las veit eg ikkje. Ikkje uventa stod synd og nåde sentralt og dei hadde tydlegvis eit sterkt fokus på dei ti boda. Forkynninga skal ha vore svært inderleg, med tårefylte talar. Helgedagsfreden stod også svært sterkt, både i form av at ein kledde seg opp og at ein ikkje jobba.

Dei hadde sin eigen sakramentforvaltning med dåp og nattverd, og på Nedstranda, mest truleg i området rundt Reipå, fekk dei sin eigen gravplass. Nattverdelementa var krumkaker utan sukker og saft. Dei meldte seg også ut av statskyrkja, noko som var eit svært radikalt grep, og som gjorde at dei skilte seg ut frå mange av dei andre vekkingane som for over landet. Rørsla var antistatskyrkjeleg i si kjerne.

Mi kjelde til dette er i hovudsak ei bygdebok frå Meløy, men dei har også satt spor etter seg i Lofoten. I årboka til Vestvågøy historielag i 1995 er det ein artkkel om Ol'Larsianarane der. Eg har dessverre ikkje fått lest denne, men det er lett å sjå for seg at dei vart større der Ole Larsen kom frå enn på Reipå. Men eg veit ikkje. Det hadde vore spanande å vite meir om rørsla i Lofoten, og om dei spreidde seg til andre stader.

På Reipå var rørsla levande fram til krigsåra. Det hadde vorte mindre aktivitet frå 30-talet etter at Andreas Brun døydde og mange i rørsla meldte seg inn i Frikyrkja.  Kristoffer Karstensen, mannen som hadde sakramentforvaltninga, meldte seg inn at i statskyrkja, skuffa over kvinnehistoriene til Ole Larsen som etterkvart kom til overflata.

Eg skulle gjerne ha funne ut meir om denne gjengen. Ei anna "-ianar"-gruppe i Nord-Norge. Med andre trekk enn læstadianarane, sjølv om desse også skal ha støtta seg på Læstadius. Og med eit #meetoo-skjær over det heile. Det er nok meir å ta tak i her. Og var dei andre stader? Kva er samanhengen mellom Reipå og Buksnes? Kvifor berre der? Her trengs det meir informasjon!

Kjelder
"Ol'Larsianerne - en menighet som snart er glemt", Øystein Skauge, Årbok nr. 8. Meløy historielag
Læstadianismen i Norge, Dagmar Sivertsen. (E-bok)
Fore kirke 100 år, Unni Torsvik (Lenke)

fredag 18. januar 2019

Med hjarta på rette staden

Relikvieskrinet som forsvann.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons og er tatt av Bkwillwm.
CC BY-SA 3.0
Den trufaste lesar med god husk vil hugse at vi for snart sju år sidan såg på saka om relikviet som forsvann frå Christ Church Cathedral i Dublin. Relikviet det var snakk om var hjartet til Laurentius O'Toole, som berre forsvann frå kyrkja.

Sidan eg har brukt mykje tid saman med snøskuffa og lydbøker i det siste, har eg mellom anna hatt gleda av å høyre den strålande The Audiobook of The Year 2018 frå gjengen som står bak den endå meir strålande podcasten No Such Thing as a Fish. Og her dukka plutseleg hjartet til St. Laurentius opp att. Sjølve hjartet dukka ikkje opp der, men i ein park i Dublin, men eg fekk høyre att det var funne her.

I april 2018, seks år etter at det forsvann, dukka nemleg relikviet opp att. Politiet fann det i god stand i ein park i Dublin. Kven som tok det og korleis det hamna i parken verkar det som ein ikkje veit. Men kanskje eg kjem med ei ny oppdatering om sju år.

No har i alle fall St. Isidors minne tatt folkeopplysninga på alvor. Christ Church Catherdral, Dublin har hjarta på rette staden!

tirsdag 13. november 2018

Det verste presten i skandinavisk historie?


Det har vore stille frå St. Isidors minne i lang tid no. Men det er framleis kuriositetar å ta tak i, så det er for tidleg å skrive dødsattest.

Sidan det er så lenge sidan sist, passar det å ta for oss ein mann som kan få ein heidersplass i St. Isidors minne sin oversikt over ubruklege folk i kyrkjehistoria. Vi har allereie vore inne på gode døme på denne i kyrkjehistoria, og vi kjem sikkert innom fleire i framtida. Men det skal godt gjerast om den svenske presten vi skal møte no ikkje ragar høgt oppe når dei mest ubruklege, dustete, onde og skrotete kyrkjefolka skal kårast. Vi drar til Sverige for rundt 150 år sidan.

Anders Lindbäck vart født i 1803, og vaks opp i det som må ha vore ganske så streng fattigdom. I ungdommen tok ein onkel seg av han og sørga for at han fekk seg utdanning slik at han etterkvart vart prest, slik onkelen også var. Han vart ordinert i 1831, og jobba så som sockenadjunkt i tretti år. Eg trur sockenadjunkt var ei form for underordna prestestilling, men eg kan ta feil.

Så i 1861 fekk han sitt eige sokn og vart kyrkoherde, sokneprest, i Silbodals socken i Värmland som er sør-vest i Sverige. Og det var her det skar seg så grundig.

I Silbodal møtte han på stor fattigdom, som han sikkert kjende seg att i. Han ville hjelpe folket ut av fattigdommen og gjorde først mykje godt arbeid og vart populær. Då han såg på alkoholmisbruk som ein av grunnane til fattigdommen og derfor også angreip alkoholen fall nok populariteten hans. Han vart sikkert ikkje meir populær då han la ned kyrkjerådet for å få full kontroll på fattighjelpa. Men det skulle bli verre. Og det var truleg fattigstellet som førte til katastrofen.

Ein veit ikkje heilt kvifor han gjorde det han gjorde. Han sa sjølv at det var av barmhjertigheit. Han ville skåne folk for det harde livet. I retten sa han også at det var økonomien som gjorde at han tok vala han gjorde. For det var mange fattige å hjelpe. Og fattigkassa var ikkje så stor. Så då var det kanskje betre om det var færre folk å dele pengane mellom?

Hausten og vinteren 1864 dro Anders Lindbäck på heimebesøk til fattige i Silbodal. Der gav han dei nattverd, noko prestar ofte gjer. Der Lindbäck skilde seg frå sine kollegaer var at han hadde blanda arsenikk i vinen. Seks personar vart først forgifta av nattverden han gav dei. To av desse døydde. Foreløpig var det ingen som fatta mistanke.

Men så forgifta han ein barndomsvenn som verken var fattig eller sjuk, og plutseleg vart folk i stuss rundt kva som skjedde rundt denne presten. Ein grov opp det siste liket og fann ut at han hadde døydd av arsenikkforgiftning. Då grov ein opp fleire graver og fann ut at dette også gjaldt to andre.

Lindbäck vart sjølvsagt dømt, og han fekk dødsstraff. Den vart aldri gjennomført, for han hengde seg i fengselet 20. november 1865.

Eit praktdøme på ein kyrkehistorisk skroting, altså. Sokneprest og seriemordar. Heldigvis ein heller original kombinasjon. Og om det faktisk var slik at han gjorde dette for å få færre folk å dele fattigkassa på..... Det er noko ekkelt malthusisk over det som i såfall nesten gjer det endå verre...

Kyrkja var i alle fall ikkje betre før. Det er sikkert


søndag 24. juni 2018

Då Cuba sitt fotballandslag spelte i tysk fjerdedivisjon

Bonner SC
I desse VM-tider ligg det naturleg også for St. Isidors minne å ta for seg landslagsfotball. Eg vil ikkje fokusere på dei landa som er i VM, men derimot gå i andre enden av kvalitetsskalaen. Vi skal sjå på Cuba, og den gongen landslaget deira gjekk til tysk fjerdedivisjon.

Etter at Fidel Castro tok makta på Cuba, har landet alltid vore håplaust dårlege i fotball. Noko av forklaringa på dette ligg i at spelarar som var gode nok til å spele utanfor Cuba og gjekk til utanlandske lag vart bannlyst frå landslaget. Dette gjorde at om ein ville spele på landslaget måtte ein ta til takke med dårlege kampar i serien i heimlandet. Altså fekk ein aldri fram verkeleg gode spelarar. Dette gjorde at då den første FIFA-rankingen for landslag kom i 1993, var Cuba på 159. plass. Sidan totalitære regime ofte ser på fotball som ein god propagandakanal, var det klart at noko måtte gjerast.

Eit anna lag som heller aldri har fått det til, er Bonner SC frå Bonn i Tyskland. Dei har stort sett halde seg mellom tredje og femte nivå i Tyskland. I 1998, medan Cuba var rangert som det 107. beste laget i verda, såg trenaren til Bonner, Hans-Robert Viol, ein video av ein kamp mellom Cuba og Brasil. Cuba tapte sjølvsagt, men Viol fekk det for seg at nokre av dei cubanske spelarane kunne passe hos Bonner SC, og han gjorde framstøt for å få dei til Tyskland.

Cubanarane ville halde laget sitt samla, og ville ikkje sleppe dei spelarane Viol bad om, så Viol gjorde det ein kvar optimistisk trenar ville gjort. Han sa at om han ikkje fekk hente to-tre landslagsspelarar, kunne han ta heile gjengen. Dette var tydlegvis ein tanke det cubanske fotballforbundet likte, for med velsigning frå Fidel Castro sjølv gav dei tommel opp til dette og sendte femten spelarar, ein kokk, ein tolk, ein massør og to trenarar til tysk fjerdedivisjon. Kravet frå det cubanske fotballforbundet sin side var enkelt nok for tyskarane å oppfylle: Spelarane skulle ikkje få løn. I staden fekk det cubanske fotballforbundet litt utstyr i betaling. Ballar og slikt. Og så håpte leiarane i Cuba at spelarane skulle lære tysk strategi, disiplin og anna som er kjekt å kunne, og bli eit knakande godt fotballag.

Vi har aldri høyrt noko særleg om det cubanske fotballeventyret etter 1998 i ettertid, og det er ikkje så rart. Ingen hadde noko erfaring med at eit heilt landslag meldte overgang til ein klubb i eit anna land, så det vart naturleg nok litt oppstyr i dei som held styr på regelverket i fotballverda. Bonner SC var så langt nede i systemet at regelen om berre tre spelarar utanfor EØS-området ikkje angjekk dei. Så den saken var grei. Dei kunne i teorien køyre med heile gjengen samstundes. Truleg var ikkje cubanarane særleg gode, for sjølv i ein treningskamp for eit lag på nivå fire i Tyskland, ser det ut som om berre fem cubanarar fekk spele.

Likevel var verken dei gamle spelarane på Bonner SC eller det tyske fotballforbundet særleg glade for opplegget.  Fotballpresidenten i regionen greip til slutt inn og klarte å få nekta visum for gjengen frå Cuba, og mesteparten måtte dra heim att utan at Cuba sitt landslag vart ein sentral del av det tyske ligasystemet.

Nokre få cubanarar vart att og har gjort seg kjente gjennom store bragdar som å spele mot B-laga til klubbar som Köln og Borussia Mönchengladbach. Bonner SC rykka ned til nivå fem same sesong som dei hadde cubanarane på besøk, og Cuba rauk ut av neste VM-kvalifisering på straffer mot fotballstormakten Barbados.

Alt i alt ein total fiasko, altså. Men ein slik historie eg blir glad av.

Kjelde: FC FIDEL: WHEN CUBA JOINED THE GERMAN FOURTH TIER


søndag 17. juni 2018

Fin bok frå Sumaya Jirde Ali

For ei veke sidan las eg den lille boka Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jirde Ali. Eg kjente at den greip meg. Det var ei god bok som fleire bør lese.

Sumaya Jirde Ali er sikkert kjent for dei fleste som rotar seg innom St. Isidors minne. Det er ho som vart årets bodøværing i fjor, ho som skriv i mange aviser og ho som vart møtt med ein skitstorm utan like før 8. mars i år. Ho er ein av dei vi kjem til å høyre mykje frå framover, tippar eg.

Ikkje ver redd for sånne som meg handlar litt om dette, men mest handlar det om å vekse opp som somalisk jente i Bodø. I alle fall er det det som sit att hos meg. Den glade oppveksten der ho vart akseptert i klassen og på skulen, men oppdaga at andre afrikanarar ikkje vart det. For dei var ikkje «ein av dei», som dei andre i klassen sa. 

Dette temaet der Ali viser korleis ho, som etter alle solemerker for ein som berre har observert ho gjennom media er av dei sentrale i det norske samfunnet, igjen og igjen merkar at ho er ikkje heilt som «alle andre» vert sentralt. «Alle andre» ser ikkje på henne som ein av fellesskapen. 

Ali er svart. Ho går med hijab. Ho er ung kvinne som kjem med klare meiningar offentleg. Ho er på mange måtar alt kommentarfeltbermen hatar inkarnert i ein person. Og på grunn av dette har ho blitt møtt med det mest avskyelege det norske samfunnet har å by på. Ho er innom dette, men som sagt er det ikkje det som greip meg mest.

Det er der ho skildrar korleis kommentarar om eller til andre muslimar eller innvandrarar går inn på henne, og der ho skildrar korleis ein muslimsk ungdom i Bodø må finne ut kvar ho høyrer heime i eit samfunn som ofte ser på henne som eit trugsmål og eit framandelement, og lar ho få høyre det. Kanskje ikkje så ofte i form av det som vert sagt direkte til henne, men gjennom alt som blir sagt om grupper ho er ein del av. Somaliarar, innvandrarar, muslimar. Ikkje minst gjer det inntrykk når ho skildrar korleis retorikken under flyktningekrisa høyrast ut for ein som sjølv har kome til landet som flyktning.

På desse områda ser eg for meg at det ho skriv er noko som svært mange vil kjenne seg att i. Ikkje berre innvandrarar eller muslimar, men også folk frå andre grupper som hamnar i unåde i det offentlege ordskifte. Eg trur at kjenslene ho skildrar er eit vaneg resultat av at vi lar kommentarfelta få gløde av stadig nye måtar å fortelje kor mykje ein avskyr andre folk, og gjennom dette også forme korleis vi snakkar om andre folk og grupper utanfor nettet.

Trolla i kommentarfelta vil aldri lese Ikkje ver redd sånne som meg. Men tenk om dei kunne det. Tenk om dei kunne forstå smerta dei skaper. Dei er kanskje redde, slik Ali hintar til med tittelen sin, som ho forøvrig har lånt frå ein kronikk skriven av ei kvinne som kom som flyktning under flyktningekrisa, men dei skapar jammen mykje frykt og uhygge også.

Har eg lært noko nytt av boka? Noko eg ikkje visste eller kunne tenke meg til? Kanskje ikkje, men å høyre korleis det kan opplevast å vekse opp som minoritet i Norge gjennom denne boka var uansett ei sterk oppleving.

Ikkje ver redd sånne som meg er berre rundt 90 sider. Ein les boka på kort tid, og ho er i tillegg skrive på gromspråket nynorsk. Ein har altså inga god grunn for å hoppe over denne boka. Derimot er det mange gode grunnar til å lese henne.   

torsdag 1. februar 2018

Fort Blunder

Ein høyrer frå tid til anna om «militær presisjon». Dette skal vistnok vere noko positivt, sidan dei grønkledde har ry på seg for å vite kva dei gjer. Lat oss ta ein kikk på det beste i militær presisjon.

Vi skal til 1816 og grensa mellom USA og Canada. Til Lake Champlain. Om vi står i USA er vi heilt nord-aust i staten New York, og er ein i Canada står ein i provinsen Quebeck. Mellom New York og Vermont ligg Lake Champlain, som også går inn i Canada, men vi held oss altså på vestsida av sjøen, og då er det New York som gjeld.

Frå 1812-1815 rasa Den britisk-amerikanske krigen, som slutta utan nokon klar vinnar. Amerikanarane bestemte seg for å forsterke grenseforsvaret sitt for å stå betre rusta i ein eventuell ny krig mot dei i nord, og det vart bestemt å bygge eit fort ved Lake Camplain.

Ein byrja å bygge eit åttekanta fort med ni meter høge murar. Her skulle ein kunne stå imot eit skikkeleg angrep. President James Monroe var på besøk og inspiserte det uferdige fortet og alt så fint og flott ut. Heilt til nokon tok ein ny titt på kartet...

Då ein eller annan luring bestemte seg for å sjå skikkeleg etter kvar fortet låg, viste det seg nemleg at fortet låg over ein kilometer inne på canadisk territorium. USA hadde nesten bygd eit skikkeleg solid grensefort for naboen dei nettopp hadde vore i krig med.

Naturleg nok bygde dei ikkje ferdig fortet sitt. Det vart etterkvart plukka ned av folk i området og brukt til meir fredlege hus. 

USA bygde i staden Fort Montgomery, truleg etter å ha sett både to og tre gonger på kartet, og det første fortet har fått inn i historia med det treffande namnet «Fort Blunder». Eit klassisk døme på militær presisjon.

søndag 19. november 2017

Peder Palladius' Visitasbok - Til folket

Lurar du på kven Peder Palladius er, eller kva bok dette er henta frå, finn du meir om dette i denne posten.

Vi har sett kva Peder Palladius hadde å seie til kyrkjeverjene. No skal vi sjå kva han har å seie til folket.

Palladius var ikkje så glad i folk som ikkje gjekk til gudsteneste. Og han la ikkje noko mellom når han skulle seie dette.
Han [Jesus] lar sin klokke lyde her for dine ører, han roper til deg og sier: Kom til meg, kom til meg, alle som sliter med synd eller sorg, jeg vil gi dere hvile. Og han har jo gitt deg dine fem sanser så du ikke er uvettig eller gal og renner om i skog og mark og ikke kan høre og vite hans vilje. Dersom du overhører hans bud første gang, annen gang, tredje gang og ikke bryr deg om din sognekirke, men vanærer hans salige ord, - husk mitt ord, husk mitt ord - han vil straffe deg på buskap og pengepung! Han har vel et ris å slå deg med! Han har kopper, pest, koldbrann, febersyke og andre plager å slå deg med. Ja står du ham hardt imot, har han vel en levende djevel å slå deg med i kroppen din; han gjør deg arveløs til himmelens gods og knekker din nakke i helvetes avgrunn. Og vil du ikke komme hiit når du hører klokken gå, når du ser din granne og gjenbo komme og du vet at din sogneprest kommer og at det salige ord skal forkynnes her, mens du sitter og sturer hjemme, enda du ikke har noen skikkelig grunn for å være borte herfra, da kan Gud vel knekke din nakke og la deg bære hit til kirkegården uten din vilje, lenge før du selv hadde tenkt å komme hit på den måten.
Den sat!

Vi trur ofte at folk var så strenge med barnelydar i kyrkja før i tida. Det er mogeleg dei var det i hundreåra mellom, men høyr kva den første biskopen etter reformasjonen seier.
Derfor er det en framifrå god skikk at folk også tar småbarna sine med seg til kirken og har dem på fanget, så de i tide kan vennes til gudsfrykt.; det skal tidlig krøkes, som god krok kan bli. Mor kan jo bare gå litt på kirkegulvet med barnet sitt når det ikke vil tie, inntil det sovner eller tier igjen, slik som gode kristne gjør overalt der hvor Guds sanne og klare evangelium forkynnes.
Og så er det viktig å ta med seg både ungdom og tenestefolk til gudsteneste.
Dere vet så vel hvilke ulemper det fører med seg at de unge, med ungdommens blod, skal ligge hemme mens far og mor eller husbond og husmor er i kirken: det avles horeri, det avles tyveri og annen last av det, så dere kommer i skam og skade for barn og tjenestefolk før dere dør fra verden. Du kan ikke gå herfra og to dine hender som Pilatus gjorde og late som du er uskyldig og som det ikke kom deg ved, når dine tjenestefolk belokkes og beligges i ditt hus
Til slutt: Eg veit ikkje kva som skjedde i Bergen på denne tida, men Palladius hadde eitt og anna å utsette på bergensarane.
Gud gi oss en stadig fred, så vår nådige Herre Konge engang kan få has på den forbannede hordom og den skamløshet som skjer i Bergen i Norge, som den menige mann, både lek og lærd, klager på. 

lørdag 18. november 2017

Peder Palladius' Visitasbok - Til kyrkjeverjene

Lurar du på kven Peder Palladius er, eller kva bok dette er henta frå, finn du meir om dette i denne posten.

Dei første Peder Palladius tar for seg i visitasboka er kyrkjeverjene. Dei skal ta vare på kyrkjene, inventaret og kyrkjegarden. Lat oss høyre noko av det Palladius har å seie til dei.

For det første kan vi lese at uttrykket «Der hvor solen aldri skinner» har bytta meining på 500 år. Her handlar det om innsida av kyrkja.
Så gjelder det tette vinduer. Dere vet jo vel at snø kan gyve og fyke inn der som solen ikke kan skinne.
Pynten skal kyrkjeverjene overlate til «de gode koner og piker»
De gode koner og piker skal venne seg til å bære forklærne sine fulle av blomster og lauv om sommeren når de kommer til kirke. De skal strø det på golvet i husbondens og sine egne stoler, så en kan få lyst til å søke hit inn når dere holder det så fagert og fint.
Eit lite stikk mot papistane tar han seg tid til når han snakkar om at kyrkjegarden skal vere fin.
[...] godtfolk kan gå hit på kirkegården til fedrenes graver, ikke for å be til Gud for dem (Gud være lov, det trengs ikke; de som alt er herfra har sin dom, og vår dom står enda igjen), men for å minnes her ved fedrenes grav at du selv også skal dø. 
Høgt gras på kyrkjegarden var ein styggedom (det er det framleis), men det var verre ting på 1500-talet. Då regjerte djevelen! Heldigvis hadde ein kyrkjeverjene til å halde fortet mot djevelen sine herjingar.
Ingen må tillate at de rir og renner inn på kirkegården i bryllupstider. Det hørte djevelen til, slik som den sviringen og svermingen man hadde i kirken på andre eller tredje bryllupsdagen, det som nå er blitt rettens sak å gjøre opp med. Dette skal nå kirkeverjene ta vare på, slik som de er tiltrodd det.
Palladius var ikkje så glad i sidealter. Lat oss høyre kva han instruerer kyrkjeverjene om dei.
Liksom hver kirke har nok med en prekestol, så har den heller ikke bruk for mer enn ett eneste alter. [...] De andre alterne er det derfor ikke noe bruk for lenger, enda papistene også vil holde dem ved makt, så de skal stå der og vente på en ny tid da kremmerhandelen og tuskingen deres kan komme opp igjen, [...] Gud i himmelen fri oss fra andre villfaringer, så sant som vi er blitt fri fra pavens og munkenes villfaring som vi har hatt mer enn nok av. [...] Derfor kan kirkeverjene ta dem ned og bruke slik styggedom og skrot til andre ting i kirken. 
Vi tenker gjerne at universell utforming er eit moderne fenomen. Tru på nytt!
Det alteret som er nærmest prekestolen kan dere ta bort og i stedet sette en stol der til alle dem i sognet som Gud har lagt hånden sin på, så de er blitt tunghørte, så de kan stå nær ved prekestolen og bedre får høre de salige Guds ord. 
Til slutt: Eg veit at enkelte kyrkjeverjer ikkje alltid går til gudsteneste. Peder Palladius har eitt og anna å seie til dei.
Men er det tvert imot slik at du ikke har lyst til å høre ordet fra din sogneprests munn, at du ikke kommer til kirken din og gjerne lar stolen din stå tom om søndagen og andre helligdager, fører et skammelig liv tvert imot Guds ord, ikke engang tenker på at du er døpt, og ikke går til alters, da trenger du ikke spørre granner og gjenboere til råds, men ditt eget hjerte skal overtyde deg og si at det er et sikkert tegn på at du er besatt med en djevel fra helvete. 
Det kjem fleire postar med Palladius sine beskjedar til dei nyreformerte,

fredag 17. november 2017

Peder Palladius' Visitasbok

Peder Palladius.
Henta frå Wikimedia Commons.
Sidan eg har den gleda av å jobbe med folk som også kan finne glede i kyrkjehistoriske kuriositetar, har eg fått låne eit eksemplar av Visitasboka til Peder Palladius. «Kva er dette for noko?» spør du kanskje no, og det skal du få svar på.

Peder Palladius var den første superintendenten i Sjælland stift etter reformasjonen. Sidan har var først i stillinga, måtte han finne ut korleis han skulle gjere ting, og han skreiv ei bok korleis ein skulle ha bispevisitasar. Den er truleg skrive rundt 1540/41 som hjelp for ein annan biskop som skulle ta til i jobben.[1] Boka vert rekna som ei av dei viktigaste kjeldene for kunnskap om kyrkje- og kultur på 1500-talet i Danmark. Det er ho sikkert, men det er ikkje det vi skal sjå på. Sidan dette er St. Isidors minne og ikkje ein doktordisputas, ser vi heller på dei delane av boka som vi i alle fall kan håpe ser meir underlege ut i dag enn dei gjorde for rundt 500 år sidan.

Når det er sagt: Peder Paladius var ikkje ein kven som helst i den lutherske kyrkjehistoria. Han stod bak omsetjingar til dansk av fleire skrifter av Martin Luther, mellom anna noko såpass vesentleg som den lille katekisma, og han omsette Kirkeordinansen til dansk. Han var også ein del av komiteen som stod bak Christian IIIs Bibel.

Visitasboka var ikkje noko som skulle trykkast. Den vart truleg kopiert mellom biskopane (Jada! Superintendentane....) og var til hjelp i deira arbeid. Gjennom det som stod der skulle biskopane få hjelp til å bevare det beste frå den gamle trua, men samstundes skape ei ny kyrkje. Ein kan forstå at dei ikkje ville gjere denne jobben utan nokon form for rettleiing. At Palladius tok på seg å gje denne rettleiinga, seier noko om at han var ein formidabel figur, og ein særs viktig mann i kyrkja på den tida. Ikkje berre i Danmark, men også i Norge og på Island.

Palladius døydde i berre 56 år gamal i 1560.

Glimt inn i visitasvegleiinga hans kjem i postar i tida framover.


Fotnoter
[1] K. Støylen, Forord til Peder Palladius' Visitasbok, J. Chr. Boktrykkeri, Oslo, s. 13.

mandag 2. oktober 2017

Ein helt. Ein vaskeekte helt!

På St. Isidors minne har vi fleire gonger sett på prestar som langt frå var ein pryd for standen. I dag skal vi igjen møte ein mann som vart dømt frå både presteembedet og eigedom, men denne gangen er det snakk om ein helt. Ein verkeleg helt.

I 1694 dukkar det opp ein prest i Karlsøy, nord for Tromsø. Kvar han kom frå, når han var fødd og slikt veit vi ikkje, men vi veit derimot at han var gift med Rebecca Elisabeth Heggelund, niesa til kong Fredrik IV. Slike slektsband til monarkiet er ikkje noko eg brukar å henge meg opp i, men som vi skal sjå, vert dette ein viktig detalj i forteljinga om Michael Jensøn Heggelund.

Korleis Heggelund var som prest, veit eg ikkje. Som vi skal forstå var han høgt akta av lokalbefolkninga, medan ein mann som Thomas von Westen sa at han «kan ikke male herr Michael og hans menighet med tilstrekkelige mørke farger». Dette var mange av dei geistlege einige i, sjølv om dei måtte innrømme at Heggelund var eit stort medmenneske og gjorde det han kunne for å hjelpe dei som trengte hjelp, trass i at han sjølv ofte levde i fattigdom.

Og det er i dette at han gjorde det han kunne for å hjelpe andre at han viste seg som ein ekte helt. På våren 1701 kom ei sak opp for Helgøens tinglag. Anne Larsdatter stod tiltala for å ha fått eit barn utanfor ekteskap, og tatt livet av barnet rett etter fødselen. Ho vart dømt til å bli hengt før hovudet skulle setjast på stake til skrekk og åtvaring. Sidan amtmannen ikkje var tilstades under rettsaka, måtte ho vente i ni månader i fengsel for at han skulle stadfeste domen. Då amtmannen endeleg var ferdig i januar 1702 vart Heggelund med til fengselet for å møte Anne Larsdatter.

Då ho forstod kva som skulle skje fekk ho naturleg nok panikk, og Heggelund fekk stor medkjensle med henne. Han forsøkte å få utsett avrettinga, utan å lukkast. Det vart slått fast at den skulle skje neste dag. Det einaste han kunne gjere, var å følge henne til galgen dagen etter.

Då han kom til galgen ropte han ut over den store menneskemengda som var samla der: «Finnes det da i hele denne forsamling ikke en eneste som føler så mye medlidenhet med denne arme synderinne at han vil ta henne bort fra en så forsmedelig død?» Kva skulle dette bety, tenker du kanskje? Jo, det hadde seg slik, at skikken på den tida var om nokon ville gifte seg med den dødsdømte vart dødsdomen oppheva. Michael Jensøn Heggelund hadde ein plan!

For frå folkemengda ropte ein mann at han ville gifte seg med Anne Larsdatter, og ut frå mengda kom ein av tenestemennene til presten. Fullmektig Løvberg som var ansvarleg for avrettinga protesterte kraftig, men Heggelund tok på seg alt ansvar og skreiv ei trulovingserklæring der og då, før han tok med seg det nye paret heim til prestegarden.

Anne Larsdatter budde på prestegarden og jobba som barnepike og tjenestejente i fleire år. Noko bryllaup vart det derimot aldri, og det vart etterkvart klart for alle at heile trulovinga var noko Heggelund og tenesteguten hadde kome opp med for å redde henne.

Prosten i Tromsø såg også dette, og han sendte saka til regjeringa som vidare bad teologane på det teologiske fakultetet i København sjå på saka. Dei kom til at det var «ingen anledning, hverken i Guds lover eller kongens til denne herr Michale Heggelunds formastelse, at han under dekke av en forlovelse med en mannsperson som kom løpende og begjærte synderinnen til ekte på retterstedet, har villet forhindre eksekusjonen og 'justisius' fremgang etter en formell, lovmessig dom...» og så vidare, og så vidare. Heggelund fekk altså ikkje mykje støtte. Kvinna fekk derimot ei ny rettsak, då alt hadde blitt kludra til «ved sådan en prests misgjerning».

I 1704 vart Heggelund så dømt til å miste embedet og godset sitt. Han anka sjølvsagt, men båten anken var på forliste og det heile vart derfor rettskraftig før han fekk gjort noko meir. Og no kjem dei kongelege banda inn i biletet. Kona drog nemleg til København då dei fekk vite at Michael mista alt. Der fekk ho snakka med onkelen, og mannen fekk både jobb og gods attende.

Det skjedde ikkje før på hausten i 1706. Då hadde Heggelund allereie vore to år utan jord eller inntekt i tilleg til at det var uår i Nord-Norge,  og han klarte ikkje byrden av å ha Anne Larsdatter buande hos seg lenger. Ho var nemleg no plassert i ei form for varetekt hos han. Ho vart derfor overført til varetekt hos lensmannen. Der satt ho truleg resten av livet. Ho vart på nytt dømt til døden i 1710, og truleg avretta i 1715. Trass i sin iherdige kamp tapte altså Heggelund.

Men Heggelund gav seg mest truleg ikkje med dette. I 1722 sat det ei ny kvinne i arresten. Kirsten Larsdatter hadde gjort seg skuld i same brot som Anne Larsdatter, altså tatt livet av sitt nyfødde barn. Ho vart dømt til å bli halshogd, og venta på avrettinga. Ei natt løfta nokon taket av arresten og fekk Kirsten vekk frå øya, over til fastlandet og ut av landet. Mest truleg var det heile arrangert av vår ven Michael Jensøn Heggelund.

I 1729, etter 35 år som prest på Karsøy (med ein aldri så liten pause, som vi har vore inne på....) døydde Heggelund.  Karlsøy si kyrkjehistorie Kirke under nordlyset av Ulf L. Vinje seier det fint:

«Hans ettermæle bærer i seg en egen glans, en æra som forteller om en mann, et menneske som kjempet for nestekjærlighet, for rettferdighet mot urett og blind jus. Han trenger ingen bauta. Den reiste han selv den gangen han virket her ute.»

Kjelde: Kirke under nordlyset av Ulf L. Vinje, Karlsøy kulturkontor 1995. Side 58-64

 



mandag 25. september 2017

Endeleg ein skandale frå Manger

Manger har ei kyrkjehistorie dei kan vere stolt av. Dei har hatt Katarinakyrkja frå 1100-talet. Dei har hatt Michael Sars. Dei har hatt ei skeiv kyrkje som stod i fare for å dette ned. Og dei var ansvarleg for mannen vi skal sjå på no....

Ser ein i lista over prestar i Manger, finn ein ein kar med namn Hans Withe. Withte var nok ein bra fyr «der skal have havt et ikke ringe Ord for sin Lærdom.» Då kongen hamna i pengetrøbbel på 1700-talet kjøpte With like godt Manger kyrkje saman med kyrkjene på Sæbø, Hordabø og Herdla saman med alt av jord og godt som høyrde med. Og han tok faktisk godt vare på kyrkjene, ulikt mange andre kyrkjeeigarar. Han gjorde også andre ting enn å eige kyrkjer. Han lagde også ungar, og det er sonen til Hans vi skal sjå på no. I 1717 fekk Hans sonen Johan Whitte (eller White eller Withe....) saman med kona si Anna Maria medan dei budde på Manger.

Eg kom over Johan i festskriftet for Lyngen kirke i Troms frå 1981, då Lyngen kirke var 250 år. I 1747 dukka nemleg Johan opp som prest i Lyngen. Prestane i Lyngen hadde på den tida tittelen «misjonær», men vi heng oss ikkje opp i dette no. Han var berre i Lyngen i eitt år, før han det som vert omtala som  «viktige» (med hermeteikn!) hendingar gjorde at han måtte til København. Det var jo artig å finne ein stril i Troms, men det var ikkje det som fanga merksemda mi. Det gjorde denne setninga om seinare prestegjerning i Bergen, der han «fikk vansker med myndighetene fordi han ekteviet hjemme i huset uten kgl. tillatelse». Dette førte, kanskje ikkje overraskande til suspensjon.

«Artig,» tenkte eg. «Kanskje finn eg meir om denne fyren?»

Og det gjorde eg! Her har vi å gjere med ein fyr som ikkje tar så tungt på autoritetar. Rundt 1760 byrja det å sirkulere eit skrift i Bergen. Skriftet tok for seg ei rekke av dei viktigaste personane i byen på denne tida og latterleggjorde dei i verseform. Skriftet gjev ein kanselliråd som hadde havna i klammeri med ein av prestane i byen heltestatus, medan presten, som hadde nekta kanselliråden nattverd, truleg ikkje kom så godt frå det heile. Skriftet solgte så godt ein kan vente seg frå denne type skrift, og måtte trykkast i nytt opplag. For å gjere heile saka verre, kom det fram at forfattaren var ein prest i Bergen med namn Johan Whitte. Vår man. Biskop Ole Tidemand tok affære. Vi kan gå ut frå at han gav Whitte ein kraftig oppstramming, og det gjekk mange brev mellom dei to i Bergen og kongens menn i København. Biskopen vart naturleg nok kraftig audmjuka av at skriftet, som vendte seg mot eliten, og prestane, i Bergen kom frå kyrkja sjølv, og for å gjere audmjukinga komplett vart vår mann, som ein underleg vri på heile saka, forfremma etter at han sjølvsagt fekk ei offentleg reprimande.

I 1762 vart han personalkapellan i Korskirken, og seinare res.kap. i same kyrkje, heilt til det igjen skar seg «fordi han uden kgl. Tilladelse copulerede hjemme i Huset». Det er ei formulering det er schwung over! «Uden kgl. Tilladelse copulerede hjemme i Huset»!

Johan Whitte døydde i 1775. Om han hadde kongelig tillating for dette, veit eg ikkje.

Så der har de den, Manger! De har ikkje berre Sars og den skeive kyrkja. De har også presten som skapte rabalder i bergenseliten og kopulerte utan kongeleg løyve.

torsdag 24. august 2017

Boktrykkaren i Mainz

Universitetet i Kassel si utgåve av Gutenbergbibelen.
Biletet er tatt av Universitetsbiblioteket i Kassel
og ligg på Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)
Det er reformasjonsår i år. 500 år sidan Martin Luther for alvor sette i gang spetakkelet. Vi kjenner historia, og gjer vi det ikkje poppar det opp med lutherseminar, -kveldar og -festar rundt i heile Europa for tida, så det bør i alle fall vere mogeleg å bli kjent med historia.

I dag er det kanskje ein merkedag for reformasjonen. Eg vil tru dagen går ganske stille forbi i mange av markeringane, og det er mogeleg det er heilt på sin plass, for eg vil seie at eg ikkje heilt er overbevist om at dagen i dag verkeleg er dagen, men uansett: Både Christianity Today og Wikipedia hevdar at 24. august 1456 stod Johann Gutenberg med den første utgåva av den såkalla «Gutenbergbibelen» i handa. Andre - og sikkert betre - kjelder som British Library og University of Texas seier at det skjedde eit år eller to før dette, men slike bagatellar som kva som er i historisk korrekt kan vi ikkje bli styrte av. Det vart i alle fall trykt ein Bibel på midten av 1450-talet, og det er vanskeleg å sjå for seg reformasjonen og framveksten av lutherske kyrkjer slik vi kjenner dei i dag utan Johann Gutenberg og hans boktrykkarrevolusjon.

Det var sjølvsagt ikkje berre kyrkja Gutenberg var med på å snu opp ned på. Heile kunnskapssamfunnet er basert på at vi når vi ynskjer det har lett tilgang på informasjon. Dette var det Gutenberg som skaffa oss. Det var han som gjorde at bøker og andre trykksaker vart mogeleg å kjøpe for fleire enn dei aller rikaste. Masseproduksjon av kunnskap, og med det kunnskapssamfunnet bygger på Gutenberg.

Gutenberg vart drive av eit ynskje om å at alle skulle ha tilgang på Bibelen. Det var det som var motivasjonen hans for å utvikle boktrykkinga slik han gjorde. Naturleg nok var også den første masseproduserte boka hans nettopp Bibelen.

Gutenberg sin visjon om at Bibelen skulle vere tilgjengeleg for alle, var ein visjon han delte med Martin Luther. Guthenberg trykte Bibelen på latin, medan Luther omsetje den til tysk. Men utan Gutenberg hadde nok ikkje den tyske omsetjinga blitt så viktig som han vart. Det er mogeleg at utan Gutenberg hadde kunnskap om Luther vore noko kun vi som har studert kyrkjehistorie hadde hatt kjennskap til, og då berre som historia om ein brysom munk som til slutt vart kasta ut av kyrkja.

Reformasjonen starta på sett og vis med boktrykkaren i Mainz, så det er berre rett og rimeleg at vi minnast også han i reformasjonsåret 2017. Så då får det heller vere at eg mistenker at dette med datoen i dag berre er sprøyt...

mandag 21. august 2017

Eg har ein draum

På søndag var eg på Alfheim og såg TIL spele mot Ålesund. Før kampen var det sang, slik det skal vere. Ein eller annan lokal helt sang «Hjerte mett har æ i Tromsø», ei låt Jørn Hoel står bak som er lokalpatriotisk sjåvinisme av beste slag. Slik som gjev ein nyinnflytta tromsøværing som meg ei aldri så lita tåre i augekrogen. For den er jo så sann, den sangen. Tromsø er ein nydeleg by. Den er sann på same måte som all lokalpatriotisme er sann. Staden vi kjem frå er den beste plassen landet vårt har å by på. Det er det som gjer lokalpatriotisme så vakkert. Det er den sannaste, reinaste kjensla vi har. 

Sjølvsagt veit vi at det ikkje er sant. Sjølvsagt er det flott i Tromsø, men gjestane på Alfheim kom frå Ålesund. Dei har sin del vakker natur å slå i bordet med, dei og. Og det er jo ikkje så verst i Trondheim heller. Eller i Bergen. Eller i Oslo, kan vi kanskje lure oss til å seie etter nokre halvliterar med ein eller annan hyggeleg fyr frå hovudstaden.

For lokalpatriotismen veit at den er subjektiv. Den veit at sjølv om den er 100% rett, er den like rett for alle dei andre. Det er det som gjer den vakker. Den er vakker i sin falske botn. Vakker i det at den er feil og rett på same tid.

Sjå på oss når vi møter nokon frå andre stader i landet. Kjem det ein trønder står bergensar og stril side ved side. Då er lokale skilnader lagt bak dei. Og rotar ein svenske seg inn i diskusjonen, vert bergensaren og trønderen nesten som barndomsvener. Ingenting kan skilje dei. Då har dei ein felles fiende. Og her byrjar det å bli stygt. No har lokalpatriotismen forsvunne, og den nasjonale patriotismen tatt over.

Vi høyrer frå tid til anna om «the global village», den globale landsbyen. Poenget med termen er at heile verda kjem inn i stova vår gjennom massemedia. Det som før var langt vekke, har no blitt nært. Lat oss heller snakke om «den globale bygda». Vi har fleire bygder enn landsbyar i landet vårt, og eg vil kalle landet vårt for «den globale bygda».

Noko av det vakre med lokalpatriotismen er at den klarar å ta til seg dei nye. For når eg, ein vestlending utan rett vokal som personleg pronomen, kjem til Tromsø, er eg ikkje eit trugsmål. Eg er berre ein som har sett lyset. Eg har sett at Tromsø er den vakraste byen på jord, «ei rose fra is», som dei syng på Alfheim. Eg er kanskje ikkje ein av dei endå, men eg kan kanskje bli det. Og eg er i alle fall ein som ser at dei har rett.

Lokalpatriotismen rommar dei som kjem utanfrå. Lokalpatriotismen treng dei som kjem utanfrå, for utan tilflyttarar som kan seie kor godt dei har fått det på sin nye heimstad, har ikkje lokalpatriotismen noko anna enn nedarva stoltheit over fjordar og fjell og eitt og anna gamalt ysteri å fare med. Lokalpatriotismen treng vitne.

Lokalpatrioten i Tromsø kan fint takle ein lokalpatriot frå Vestlandet. Lokalpatrioten i Hemsedal gler seg over ein tilflytta siddis. Men av ein eller annan grunn klarar vi ikkje å gle oss over at vår globale bygd, landet vårt, får tilfang frå lokalpatriotar frå andre bygder.

Eg har ein draum. Eg er ikkje nokon Martin Luther King, men medan eg følte lokalpatriotismen slå mot meg på Alfheim drøymde eg om at vi skal møte dei som flyttar til vår globale bygd slik eg romantisk og idylliserande påstår at vi møter dei som flyttar til vår lokale bygd. Som endå ein lokalpatriot som er i ferd med å oppdage at ho har flytta til den vakraste staden på jord, og som blir tatt inn i det patriotiske lokalsamfunnet som held oppe dette lokale eventyret. Eg har ein draum....

tirsdag 20. juni 2017

Georges Lemaître - Fleire slike

Georges Lemaître har drodla pilar og bokstavar på
på ei tavle. Sannsynlegvis er det genialt.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
20. juni 1966 mista verda Georges Lemaître. Eg skal ikkje forsøke å påstå at eg forstod alt han dreiv med, men eg forstår nok til å skjøne at det var store greier. Lemaître var katolsk prest, men det er først og fremst som astronom og fysikar han er kjent.

Innan naturvitskapen dreiv han med store ting. Det var han som kom opp med «Big Bang-teorien», det var han som kom opp med teorien om korleis universet utvidar seg og det var han som kom opp med det meste som Hubble har fått æra for. Eg veit ikkje kva denne Hubble dreiv med, men han fekk oppkalla eit digert teleskop etter seg, så noko bra må det ha vore. Lemaître var altså ein knakande god kar på sitt felt.

Som teolog var han sikkert grei nok. Eg veit ikkje. Han har ikkje sett store spor etter seg der, utan det trekk ned.

Når vi i dag plagast både med kreasjonisme og ID som kjem krypande over havet frå dårlege «teologar» i USA, og som til og med byrjar å få fotfeste i lågkyrkjelege miljø i Norge, og med nyateistar som legg frem eit verdsbilete der myter om ein uungåeleg konflikt mellom kyrkje og naturvitskap står sentralt, treng vi å løfte fram slike folk som Lemaître.

For det første: «Big Bang-teorien» vart først lagt fram av han. Ein katolsk prest. Det er som oftast ikkje denne teorien kreasjonistane har mest problem med, men det er likevel verdt å merke seg. Ein av dei heilt sentrale teoriane (i alle fall slik eg med min minimale forståing for slikt forstår det) i naturvitskapen vart lagt fram av ein katolsk prest.

For det andre: Då han la fram denne teorien hoppa pave Pius XII tydelegvis i taket av glede. For no hadde Lemaître bevist den katolske trua, meinte han. Lemaître gjekk då til paven og bad han, sikkert med finare ord, om å halde kjeft og ikkje snakke om naturvitskap att. Noko paven tok til seg, og gjorde. For Lemaître meinte at dette var to einingar ein ikkje skulle blande. Det er to ting som held seg på ulike plan og som verken var i konflikt eller bygde på kvarandre.

For det tredje: Lemaître viser tydeleg kor lite den konstruerte konflikten mellom religion og naturvitskap har for seg, og kor lite forankra det er i det verkelege liv. Dei einaste som har noko å vinne på dette er fundamentalistiske krefter på religiøs eller ikkje-religiøs side. Gjennom heile historia finn ein slike døme på religiøse menneske som har gjort store og viktige naturvitskaplege oppdagingar. Og som ikkje har sett på dette som nokon konflikt eller noko rart. Kyrkja har sjølvsagt tråkka feil nokre gonger i historia, det vil ho sikkert gjere i framtida også, men det er inga «naturlov» at det må skje. Det heng mellom anna saman med at vi ikkje er gode på slikt som naturvitskapen driv med. Det er rett og slett ikkje vår heimebane.

Lat oss derfor minnast Lemaître og håpe og be om at fleire som han dukkar opp. Kyrkja treng dei og naturvitskapen treng dei. Så få vi heller leve med at vi ikkje forstår halvparten av det dei driv med...

mandag 10. april 2017

Svartekunster i Trondenes?

I Trondenes kirke skal det ha gått føre seg!
Biletet er tatt av Simo Räsänen og ligg på Wikimedia Commons.
(CC BY-SA 3.0)
Frå 1731 til 1744 var Svend Peller sokneprest i Torsken på Senja. Peller var ein omdiskutert fyr, kan ein nok seie. Det gjekk rykte på bygda om at han hadde i eige den legendariske Svarteboka, og han vart mykje brukt for å reinske opp i åndeverda i bygdene rundt Torsken. Han skal også ha vore flink med det vi i dag ville ha kalla for psykisk sjuke, og tilsaman gjorde alt dette at han skal ha vore godt likt av folk flest.

Kanskje var det derfor det bryja å gå rykter om korleis han ordna opp då han i 1734 vart kalla inn til Trondenes for å stå skulerett for biskopen i Nidaros og alle prestane i «al Senjens Land».

Peller måtte svare for seg då biskopen hadde fått nyss i at han var for hard på flaska og hadde ein del andre praksisar som ikkje passa med embedet som sokneprest. Soga seier at Peller stod inne i kyrkja, saman med alle prestane i området og biskopen. Der vart han dømt til å miste kappe og krage, og sjølvsagt jobben i same slengen. Men Peller var ikkje rådlaus. Han tok opp ein mus frå hatten sin, (Kven går rundt med mus i hatten?) og denne musa skapte seg om til Satan sjølv. Eller kanskje det er meir rett å seie at Styggen hadde forkledd seg som mus? I alle fall steig han fram og fanga heile presteskapet i kyrkja, medan Peller sjølv gjekk sin veg. Etter ei stund fekk biskopen sendt bod etter Peller som, mot at han fekk fortsette som prest i Torsken, løyste både biskop og presteskap frå den heller kjedelege situasjonen dei var i.

Ein kan også lese om det som skjedde i visitasmeldinga til biskopen. Han skriv at Peller var kalla inn på teppet, og at han innrømma at han kanskje hadde noko å gå på med tanke på oppførsel. Dei andre prestane i prostiet bad om at Peller måtte få fortsette, og dette gjekk biskopen med på då han fekk eit skriftleg løfte frå Peller om at han mellom anna skulle halde seg vekke frå brennevin.

Ikkje eitt ord om sataniske mus i visitasrapporten, altså...

Så då er det opp til oss å vurdere kven vi trur på. Biskopen i domen i sør eller bygdefolket på Senja?

Kjelde: Torsken kirke 200 år 1784-1984.

onsdag 5. april 2017

Derfel og profetien

Det er på tide å ta fram ein helgen att. I dag ser vi på Derfel, eller Derfel den sterke. Derfel levde på 500-talet i Wales, og vi høyrer først om han som soldat. Han skal ha kjempa i slaget om Camlannkong Arthur si side. Som med mange av dei keltiske heilage er vi altså på legendarisk grunn her.

Ein eller annan gong etter slaget skal han ha blitt munk. Kanskje var han einebuar ei stund, men han skal etterkvart ha grunnlagt klosteret ved/i Llandderfel (Jada. Walisiske namn er noko for seg sjølve...) Etterkvart døydde han. Wikipedia seier i 660, men då har han i alle fall blitt haug-gamal.

I Llandderdel lagde dei ein trestatue av Derfel. Denne stod der til 1538. Dei som kjenner kyrkjehistoria veit at det var den tida då Thomas Cromwell sin reformasjon var på sitt mest rabiat, og ein av Cromwell sine menn tok med seg statuen for å stoppe dei svære pilegrimsvandringane til den 5. april kvart år.

22. mai 1538 var Cromwell i siget og skulle brenne ein stakkar fransiskanar, John Forest, i Smithfield. Rett før dei tente bålet heiv dei på statuen av St. Derfel, og med dette oppfyllte ein på underleg vis ein gamal walisisk profeti. Dei hadde nemleg lenge sagt at statuen ein dag skulle brenne ned ein skog....

Det var St. Derfel som har minnedag i dag, 5. april.  

tirsdag 25. oktober 2016

Isbjørnkongen

Livet tok meg for ei stund sidan til Tromsø, og på eit obligatorisk stopp på ein av attraksjonane i byen kom eg over eit slags minnesmerke for Henry Rudi, mannen som har fått tilnamnet «Isbjørnkongen». Eg er svært usikker på om isbjørnane vart spurt då dei gav denne mannen namn, for det han gjorde får min forfar Tor Tarjeison Austad til å bleikne totalt. Austad tok livet av 65 bjørnar i skogane på Austlandet på 1800-talet. For dette fekk han kallenamnet «Den gjævaste bjønneskyttaren». Han når ikkje Isbjørnkongen til kneskålene ein gong, for Henry Rudi tok livet av 713 isbjørn på byrjinga av 1900-talet. For å klare dette var han gjennom heile 27 overvintringar i isaudet i nord.

No er eg ikkje tilhengar av å ta livet av bjørn anten den er brun eller kvit, men det er likevel eit imponerande stykke arbeid, og ein må sjå i augene at det var andre tider. 713 isbjørn og 27 overvintringar før det var snakk om helikopter, satelitt-telefonar og klede med gore-tex. Kva kan ein seie om ein slik mann?

Han har i alle fall ein rekord som ingen kjem til å slå, og godt er det. Tenk kva 713 isbjørn utgjer av dagens isbjørnar....


fredag 19. august 2016

Lord of the Dance

I heimen har vi i det siste høyrt mykje på ein song vi absolutt burde fått inn i den norske salmekanonen. Sangen er «Lord of the Dance» av Sydney Carter, ei perle av ein song.

Mange kjenner sikkert salmen «Da jeg trengte en neste». Personleg er eg ikkje overbegeistra for denne salmen. Tekstmessig er ho grei, men melodien vert fort ganske... langdryg... Den godaste Carter har fått med denne salmen i både den noverande og den forrige salmeboka, men om berre ein av hans songar skal vere ein del av norsk salmekanon, burde det vere «Lord of the Dance».

Først nokre ord om Sydney Carter. Han var ein engelsk visesangar som hadde ein relativt blomstrande karriere, der han mellom anna jobba saman med Pete Seeger. Han skreiv ein del liturgisk musikk og songar for kyrkjebruk, og dette vart mykje brukt sjølv om Carter sjølv var notorisk omdiskutert på grunn av sin lauslege omgang med kyrkjelege dogme. Han vart til slutt gravlagt i Church of England, men såg kanskje meir på seg sjøl som ein kveker.

Shiva som Nataraja. «Dansens herre» eller «Lord of the Dance».
Biletet er tatt av StaraBlazkova frå tsjekkisk Wikipedia og ligg
Wikimedia Commons. (CC BY-SA 3.0)
Når han skreiv «Lord of the Dance» var det faktisk ein gamal kvekermelodi han brukte. Teksten er inspirert av ein statue av den hinduistiske guden Shiva, manifistert som Nataraja som er sanskrit og betyr «Dansens herre» eller «Lord of the Dance». I hinduistisk lære dansar Nataraja ein kosmisk dans som øydelegg verda og førebur henne på ei nyskaping, ikkje heilt ulikt kristen eskatologi.

Carter gjev tittelen «Lord of the Dance» til Jesus, og fortel om korleis Jesus dansar gjennom verda. Frå skapinga til oppstoda. Første vers i songen, der Jesus dansar under skapinga kan minne om orda frå Ordtøka 8, der visdomen leikar under skapinga. Vidare dansar han seg til stallen i Betlehem og vidare til krangel med farisearar, helbredingar, kall av læresveinar, krossfesting, oppstode og inn i liva til dei truande. Evangeliet fortalt med hinduistisk bruk av bilete. Alt med eit superfengande refreng.
Dance, dance, wherever you may be
I am the lord of the dance, said he
And I lead you all, wherever you may be
And I lead you all in the dance, said he
Sydney Carter var som sagt ikkje så nøye på å holde seg innanfor grensene for etablert dogmatikk. Han sa sjølv dette om Jesus i songen, og kanskje finn vi her ei forklaring på kvifor vi ikkje har tatt han i bruk i Norge?
I see Christ as the incarnation of the piper who is calling us. He dances that shape and pattern which is at the heart of our reality. By Christ I mean not only Jesus; in other times and places, other planets, there may be other Lords of the Dance. But Jesus is the one I know of first and best. I sing of the dancing pattern in the life and words of Jesus.

Songen er mykje brukt i engelsktalande kyrkjer. Og kvifor skulle han ikkje vere det? Dette er ein strålande salme.  Sjeldan eller aldri har vel hinduisme og kristendom blitt kombinert på ein flottare måte!

Ta deg bryet med å lese teksten her, og høyr The Dubliners spele songen i filmen under. Eg trur ikkje dei har med alle versa når dei syng han, men når ein kan melodien klarar ein jo fint å synge sjølv. Denne songen må inn i norske gudstenester!

onsdag 10. august 2016

For eit ettermæle

Eg har i det siste jobba litt med Meland kyrkje si historie, og derfor bladd litt i jubileumsboka som kom då kyrkja var 100 år i 1966. I denne boka går ein gjennom alle prestane som har tenestegjort i Meland sidan 1300-talet, i alle fall dei ein har hatt kjeldestoff om. Ein av dei eg tilfeldigvis las om var Lorentz Stibolt som var prest i Hamre prestegjeld frå 1825 til 1832. Meland var på denne tida ein del av Hamre prestegjeld, og Stibolt var derfor prest også i Meland. Eg veit ikkje om Stibolt var ein brukbar prest, men dette er i alle fall ettermælet han har fått. Eg siterer alt som står om han.
Lorentz Stibolt, (1825-1832)
Han hadde fin eksamen, var veikhelsa, eigensindig og nervelinn. Flink fløytespelar var han, og ein raring. Sognefolket trudde han var synsk. Mot embedsbrør var han avvisande, og mot prost og bisp var han kald. Han tok avskil for helsa si skuld, bygde seg ei hytte i Gjærvikjæ, ein stad ved strandi, heiter «Krabbeuræ». Der levde han einsam i mange år.
Kjelda for kunnskapen om Stibolt seier vel eigentleg det meste om ettermælet han fekk. Ho er oppgjeven slik: «De Traph: En underlig præst, Personalhist. Tidsskr. 1896».

Så kan ein lure på kva som kjem til å bli hugsa om meg...