torsdag 7. april 2011

Carissimi og ansvar for kyrkja

Carissimi sin logo.
Henta frå http://www.carissimi.nu/
Eg er ikkje ein av dei prestane som har skreve under på Carissimi-oppropet, og eg er heller ikkje einig med dei. Det er fleire ting eg reagerer på og er ueinig i i denne samanhengen, men det er særleg ein ting som slår meg, og det er det eg oppfattar som manglande ansvarskjensle for kyrkja.

Kyrkja har gjort eit vedtak om at vi har to syn i den saka Carissimi reagerer på, nemleg homofilisaka. Dette lever eg godt med, men Carissimi meiner det ikkje er haldbart at dette ikkje får andre konsekvensar enn det vi ser no. Dei vil ha mogelegheit for tilsyn frå biskopar som står for det same som dei sjølve. Dette er eit legitimt synspunkt som dei må få fremje, og sjølvsagt eit synspunkt vi har rom for i kyrkja. Konsekvensen ein dreg frå dette går derimot til ein konsekvens som eg stussar på. Ein har truga med og trugar framleis med å gå ut av Den norske kyrkje på grunn av dette, og Vårt Land melder at ti prestar allereie har gjort dette, sjølv om nokre av desse avgangane nok skuldast pensjonsalder og liknande.

Meiner ein noko er feil, ja grunnleggjande feil, i den læra Kyrkja forfektar, skal ein sjølvsagt kjempe mot dette slik Carissimi-prestane gjer, men eg kan ikkje forstå anna enn at den beste plassen å kjempe frå er frå innsida av kyrkja.

Gjer som Maximus, Carissimi!
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Ein av mine store heltar er Maximus bekjennaren. Han levde på 600-talet og var sentral i den såkalla monoteletistiske kontroversen der sterke kreftar i kyrkja, mellom anna patriarken av Konstantinopel fornekta delar av Jesu menneskelege natur, og hevda at han berre hadde guddommeleg vilje. Altså ei grunnleggjande vranglære som treff midt i kristologien. Maximus gjekk ikkje ut av Kyrkja. Han vart verande og kjempa mot denne læra med nebb og klør, sjølv om det kosta han både kroppsdelar og fridomen.

Hadde Maximus gjort som Carissimi-prestane trugar med, hadde det kanskje ikkje vore nokon att som kjempa for ein ortodoks kristologi!

Eg er som sagt ikkje einig med Carissimi-prestane, men eg vil på det sterkaste oppmode dei til å bli i Den norske kyrkje. Meiner dei at vi gjer noko feil, bør dei verte verande i vårt fellesskap og kjempe for si sak mellom oss. Frå utsida har dei inga gjennomslagskraft. Ein skal tenkje svært mørkt om homofilisaka om ein meiner det er verre vranglære enn alle mogelege andre vranglærer Kyrkja har vore plaga med og overvunne. Hadde dei rett-truande tatt halen mellom beina og gått, kunne Kyrkja si lære sett svært annleis ut i dag.

Mitt hjartesukk til Carissimi er: Bli blant oss og gjer så godt de kan for å overtyde oss andre om at de har rett! Hugs at carissimi tyder elskede. Det beste de kan gjere for dykkar elska Kyrkje er å stå i fellesskapen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar