mandag 4. april 2011

St. Isidors minne minnast St. Isidor


Isidor av Sevilla i bispesetet.
Biletet henta frå Wikimedia Commons.
 I dag, 4.april, er det minnedag for Isidor av Sevilla, mannen denne bloggen har tatt namnet sitt frå. Fleire har spurt meg om kven denne Isidor var, og eg vil nytte høvet til å seie litt om dette i dag.

Isidor av Sevilla var biskop i Sevilla i over tre tiår i tidleg middelalder (rundt år 600). Han jobba for å samle kunnskap, og står bak det enorme encyklopediet Etymologiæ, der han freista å samle all kunnskap han kunne for ettertida. I dette verket, som var på 20 bind, samla han mange skrifter frå dei gamle filosofane som Aristoteles og andre. Gjennom fleire hundre år var det kun gjennom Isidor sitt arbeid at det kristne Europa hadde kjennskap til desse skriftene. Han skreiv også andre vikige verk, til dømes ei historie for den iberiske halvøya, biografiar for personar som vert nemnde i Bibelen, ei synonymordbok og ei astronomisk avhandling.


Ei side frå Etymologiæ med eit typisk
T-O-kart som viser den bebudde verda.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
 Han oppretta også eit institutt og bibliotek i Sevilla så både presteskap og andre skulle få utdanning. Dette leia han sjølv, og han fekk også gjennomslag for at alle bispedøme skulle ha slike institusjonar. I desse skulane, som vart forløparar for dei seinare universiteta innførte han også faga medisin, jus, hebraisk og gresk i tillegg til dei vanlegare allmenne faga og latin.

Som biskop og teolog var han også viktig. Han jobba hardt for å overvinne arianismen som var på frammarsj i Spania, og han var ein viktig person i å gje Filioque-tillegget i Nikenum aksept i vestkyrkja. Han gjorde også ferdig den såkalla mozarabiske liturgien, ein liturgi som i dag berre vert brukt i Toledo, han samla tidlegare kyrkjelege lover og vedak i samlinga Collectio Isidoriana og skreiv ei handbok i liturgi og kyrkjeleg embedslære.

Også for Isidor var dei fire elementa
sentrale i vitskapen.
Biletet er frå Wikimedia Commons.
I 1598 vart Isidor kanonisert og i 1722 utnemd til kyrkjelærar, ei ære kun 33 personar har fått. Han har i seinare tid vorte fremja som skytshelgen for internett, noko han i praksis nok også kan seiast å ha vorte. Han har også gjeve namn til denne bloggen. Eg er ikkje i stand til å heidre minnet etter denne mannen på ein tilstrekkeleg måte med mine skriblerier, men eg kan i det minste minne folk om ei av dei verkelege kjempene i kyrkjehistoria.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar