mandag 11. april 2011

"...står om enn tårnene faller..."

Østre Porsgrunn kirke brann ned til grunnen i natt, noko som på mange måtar er trist, særleg om det skulle vise seg at brannen var påsett. Frå det eg les på kunsthistorie.com kan det sjå ut som om dette var ei flott kyrkje med historisk verdi, og med dette eit tap for Kyrkja og samfunnet.

Biletet av kyrkja er henta frå kunsthistorie.com.
Brukast på dei vilkåra ein finn der.
Samstundes er det verdt å minne om kva Kyrkja verkeleg er. Confessio Augustana seier at kyrkja er samfunnet av dei truande. Kyrkja er ikkje bygga vi samlast i, og er heller ikkje avhengige av desse bygga. Kyrkjebygga våre er i utgangspunktet ikkje meir enn hjelpemiddel i Kyrkja sitt oppdrag: Å forkynne Evangeliet og forvalte sakramenta. At enkelte bygg har historisk og kulturell verdi i tillegg til dette er ein bonus, og noko vi kan vere takksame for, men vi må ikkje gløyme at Kyrkja ikkje er avhengig av bygga. Bygga er derimot avhengige av Kyrkja for å ha sin fulle funksjon.

Det som har skjedd i Porsgrunn er trist for kyrkjelyden som har mista samlingslokalet sitt. Eg vonar dei har gode alternativ, slik at dette ikkje vil ramme kyrkjelydsarbeidet. Det ser også ut som at det er trist fordi samfunnet har mista eit kulturhistorisk minnesmerke.

For Kyrkja er derimot ikkje ein slik brann nokon krise. Tvert om ser ein ofte at kyrkjelyder som har opplevd slike brannar blomstrar opp i ettertid, og dei får ofte meir tenelege kyrkjebygg. Og for Kyrkja og det oppdraget vi skal oppføre, er det ikkje slik at eit gamalt bygg er betre eller meir heilag enn eit nytt. Alle bygg som vart brukt som forsamlingslokale for Kyrkja tener den same nytta, som ein stad der Evangeliet vert forkynna og sakramenta forvalta.

Eg vil avslutte med å sitere nokre vers frå ein salme av N.F.S. Gruntvig.

Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene faller;
tårnene mange sank i grus, klokker enn kimer og kaller,
kaller på gammel og på ung, mest dog på sjelen trett og tung,
syk for den evige hvile.

[...]

Vi er Guds hus og kirke nu, bygget av levende stener,
som under kors med ærlig hu troen og dåpen forener.
Var vi på jord ei mer enn to, bygge dog ville han og bo
hos oss med hele sin nåde.

Samles vi kan da med vår drott selv i den laveste hytte,
finne med Peter der er godt, tok ei all verden i bytte.
Ånd er og liv i hver en stund ordet til oss av Jesu munn,
ordet kun helliger huset.

Dog våre hus med kirkenavn bygget til Frelserens ære,
der han de små tar mildt i favn, er oss som hjemmet så kjære.
Herlige ting er i dem sagt, der har han gjort med oss sin pakt,
han som oss himmelrik sjenker!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar