lørdag 16. oktober 2010

Tor Jonsson utfordrar Kyrkja III - Livet

Kvardagssalme
Du fell på kne
ved furulegg.
Du kløyver ved,
du tømrar vegg.
og tener gud.

Du slår ei eng
og haustar korn.
Du går i seng
og avlar born
og tener gud.

Du taler mildt
til maktlaus bror,
eit stort og stilt
og ærleg ord.
Du tener gud.

Du går mot grav
du går mot natt.
Men alt du gav,
skal leva att
og tene gud.
Tankane i denne artikkelen er ei fortsetting av det eg skreiv i «Tor Jonsson utfordrar Kyrkja II - Læra»

Der Jonsson i det første diktet eg presenterte var søkjande og desperat og eit sinne mot Kyrkja og representantane for den kom fram i diktet, var det andre diktet meir sjølvransakande og seier kanskje mest om Jonsson sin eigen lengt etter kjærleik. Ingen av dikta kan seiast å formidle ein teologi som Den norske kyrkja umiddelbart kan stå inne for, sjølv om dikta bør vere utfordrande lesing som takast på alvor av alle innanfor kyrkja. I Kvardagssalme er derimot innhaldet litt annleis. Der seier Jonsson noko som ikkje bør vere framand for vår lutherske tradisjon. Han seier at det ein gjer i livet er ei gudsteneste, og at ein sjølv i dei enklaste gjeremål i kvardagen tener Gud. Dette er tankar som finn gjennklang i luthersk lære, mellom anna i Luthers store katekisme der det til dømes står
Hvis jeg gjør mitt daglige husarbeid samvittighetsfullt, så er det bedre enn alle munkers hellighet og dystre liv
Luthers store katekisme, Den første part - De ti bud: Det fjerde bud - Du skal hedre din far og din mor.[1]
Også i den daglege kvardagsteologien som ligg framme i dagen i kyrkja vår er dette tankar som er vanlege, kanskje særleg mellom meir karismatisk orientert ungdom. Ein seier gjerne at ein gjer slik og slik og gjer det som ein lovprisning til Gud. «Eg speler bass til ære for Gud.», «Eg løfter vekter til ære for Gud.», «Eg står på ski til ære for Gud.» og likande utsegn. Det er absolutt ikkje noko gale med slike utsegn, og det at ungdom gjer ting dei er flinke til samstundes som dei seier at dette er noko dei gjer til ære for Gud, er noko vi som kyrkje skal vere glade for.

Samstundes er slike utsegn eit symptom på noko som er gale i den livsstilen som vert formidla frå Kyrkja. Vi lever sekulariserte liv, der det «kristelege» vert henvist til eigne område av livet. Det er når vi går på gudstenester, er med i ulike kristne lag eller brukar tid til eigen oppbygging. Det «kristlege» i livet vert skilt ut som noko aktivitetssentrert som ein gjer til fastlagde tider i veka. Også gjennom den forkynninga som kjem frå oss prestar er dette noko som vert presentert som ein «normalordning». Vi snakkar om å «setje av tid til Jesus» og liknande. Dette gjev eit inntrykk av at kristentrua berre er noko som har påverknad på nokon område av livet. Noko ein gjer nokre timar i veka. Dette er den sekulariserte kvardagen til dei fleste av oss i kyrkja, og igjen er ikkje dette noko «dei-raudgrøne-avkristnar-Norge»-vas. Dette er konsekvensen av ein sekularisert lære og praksis hjå Kyrkja gjennom fleire år. Det er vi sjølve som har klart å redusere kristentrua til klubbar og gudstenester, strikkeringar og basarar, kor og sokneråd. Vi har sjølv klart å sekularisere trua vår og liva våre i så stor grad at vi ser oss nødt til å snakke om å «setje av tid til Jesus».

Eg trur dei som snakkar om at det gjer det og det «til ære for Gud» har sett noko av dette, sjølv om det kanskje ikkje vil bruke desse orda om dette. Det dei gjer er å sakralisere aktivitetar i liva sine. Kanskje gjer det at dei med betre samvet kan bruke tid på aktivitetar som ikkje skjer i regi av ein kyrkjelyd eller ein misjonsorganisasjon, eller kanskje har dei andre grunnar til det. Uansett er det noko resten av Kyrkja bør lære av, samstundes som vi må gå eit skritt vidare. Vi må sakralisere kvardagen. Vi må verte meir medvite at det vi gjer i kvardagen vår er, eller skal vere, å tene Gud. Når vi lever liva våre, er det som døypte lemmer på Jesu kropp. Tar vi dette på alvor, kan ein ikkje i alvor snakke om å «bruke tid med Jesus», for då er all tid med Jesus, og all tid er i Jesus. Tor Jonson snakkar i diktet om å byggje hus, om å avle born og om å hjelpe andre. Det er dagleglivet vårt han skildrar, og han seier at det vi gjer er å tene Gud. I dette har han heilt rett. Her skildrar han ei djup teologisk sanning, som vi i Kyrkja ikkje er flinke nok til å formidle.

Under Kristusbiletet
Du sit under Kristusbiletet
ein kveld på ein liten kafé.
Du er ikkje blyg som ei ungmøy.
Du slær ikkje augo ned.

Eg kjenner deg att om eg aldri,
aldri møtte deg før.
Eg sit her og spør:
Kvifor er det lagnadsrøyne
å opne ei dør?

Eg ser på di fattige ham, -
han set sine spor.
Du er frå Grågata bortanfor brua.
Eg er frå Grågrenda langt mot nord.
- Så teier vi tusen ord -

Eg sekk inn i draum. Om eit moge talent.
Om haustsol og udyrka jord.
Du græt i fylla.
Du drikk på nytt og siterar gud:
Du skal ikkje drive hor.

Eg sit under Kristusbiletet.
Ein einsleg mann
bed til eit avgudsbilete.
og gløymer sitt fedreland:

Heilage møy under krossen!
Gråt ikkje meir, du er mor
til det venaste vene eg ber i mitt hjarta:
Mi levande lengsle mot jord -
Alt vi gjer kan sjølvsagt ikkje seiast å tene Gud, sidan også gjer ting som er mot Guds vilje. Samstundes kjem vi ikkje vekk frå det at vi vart døypte til Jesu kropp. Dei døypte er Jesu kropp, og er i Jesus i det vi gjer. Liva våre er i Jesus.

Utan å gå inn på ei djup tolkning av «Under Kristusbiletet», trur eg Tor Jonson der har med seg eit perspektiv vi bør ta med oss vidare. Det vi gjer, gjer vi «under Kristusbiletet». Om vi sit på kafé, om vi græt i fylla, om vi siterar Gud. Dette gjer vi under Kristusbiletet, for alt vi gjer, gjer vi under Kristusbiletet. Eg meiner vi må sakralisere kvardagen vår, slik at vi vert klar over at alt vi gjer, gjer vi som lemmar på Kristi kropp. Med liva våre formar vi Kristusbiletet på jorda, slik at vi viser Kristus til andre. Er vi klar over dette, og handlar deretter, kan vi forme Kristusbiletet klårare, og med det vise Kristus klårare på jorda, slik Kyrkja sitt oppdrag er. Vi skal vere Kristu lemmar på jorda.

Vert vi tydlegare på dette, vil ikkje den aktivitetsbaserte kyrkja vere så relevant lenger. Kyrkja vert i større grad det den er kalla til å vere; eit samfunn av truande, eit sakramentsfellesskap, eit bønefellesskap. Då kan vi bruke kreftane våre på diakoni og forkynning, på å formidle lære og feire messer i staden for å steike pizza og strikke raggsokkar. Då viser vi i staden Kristusbiletet for samfunnet rundt oss. Den største pådrivaren for det sekulære samfunnet er det sekulariserte Kyrkja som ikkje viser Kristus i samfunnet, men aktiviserer seg sjølv med aktivitetar som i seg sjølve er meiningslause.

Ei Kyrkje som har sakralisert kvardagen og dei kvardagslege aktivitetane, vil også vere ei kyrkje det er lettare å kome inn i. Det er ei open kyrkje, der ein ikkje må ofre dei kvardagsaktivitetane ein er flink til og likar på «bruke tid med Jesus»-altaret. Det er ei Kyrkje som tar utgangshelsinga i høgmessa på alvor, med at ein går ut og tener Herren. Det vert ei kyrkje som fokuserer på det som er det sentrale, nemleg den enkelte si tru. Når trua vert styrka og bygd opp gjennom nattverdfellesskap og bøn, kan ein gå ut i dei daglege aktivitetane og formidle Kristus gjennom det ein gjer. Trua vert det definerande for alt ein gjer, trua vert ikkje definerande for noko ein gjer. På den måten vert Kyrkja opnare for nye. Ein vert ikkje oppfordra, direkte eller indirekte, til å ofre dei frikveldane ein har, men til å vere medvite at heile livet er noko ein gjer i teneste for Gud. Då vert det også meir innhald i det at fotballtreninga er noko ein gjer «til ære for Gud», i det at ein faktisk er medvite at det ei gjer der, gjer ein for å tene Gud gjennom å vise Gud.

Skriftemål og forlating for syndene må få større merksemd i ei Kyrkje der ein ser på alt ein gjer som ei teneste for Gud, og heile livet under Kristusbiletet. For ein vil ikkje alltid vise Gud i det ein gjer. Ofte vil det kanskje vere tvert om. Då må Kyrkja tilgje på vegne av Gud, slik vi har fått i oppgåve. Dette viser også Gud, då den autoriteten vi har for å tilgje synd er nettopp Jesu befaling, og grunnlaget for tilgjevinga er Jesu død og oppstode. På den måten vert også våre fall eit vitnemål om Kristus, og vi ser klårt at det vil gjer er å tene Gud. Vi lever under Kristusbiletet, og i større eller mindre grad speglar vi biletet i liva våre. Uansett vil det vi gjer vise mot Kristusbiletet. Dette må vi som Kyrkje vere medvite. Samstundes må også nattverdfellesskapet få større fokus i Kyrkja. At Kyrkja ikkje skal vere ei aktivitetsbasert kyrkje, er ikkje det same som at ein ikkje skal kome saman til messe. Det skal ein gjere så ofte ein kan. Med å fokusere meir på nattverdfellesskap og mindre på aktivitetar som verken er sakramentsfellesskap eller meiningsbærande, får ein styrke til å leve slik at ein teiknar eit tydlegare Kristusbilete med livet sitt, og tid til å teikne dette biletet i samfunnet.

Vi skal ikkje bruke meir «tid på Jesus». Vi brukar all tid i Jesus, og må oppmodast, oppfordrast og opplærast til å bruke tida godt slik at vi viser Jesus. Berre gjennom dette kan dei søkjande seie som Tor Jonson «at gode menn har sagt du vart sedd i denne grend». Å sakralisere kvardagen, er å ta dåpen på alvor.

Tor Jonson utfordrar Kyrkja i dikta sine. Det han etterspør hos Kyrkja, og det han skildrar av lengt og sakn, er noko vi bør svare på. Eg trur at han treff i mykje av kritikken sin, og eg trur vi har noko å lære frå han. Den grunnleggjande feilen vi har gjort, trur eg er at vi ikkje stolar på det vi sjølv trur på. Vi stolar ikkje nok på dåpen til å forkynne at vi skal leve i den, men baserer kyrkja på aktivitetar, vi stoler ikkje nok på teologien vår til å lære den vekk, men snakkar om banalitetar og vi stolar ikkje nok på kulten vår, men freister å gjere den meir tilgjengeleg og tidsriktig ved å flate den ut og sekularisere den. Eg trur vi må våge å sakralisere Kyrkja att. Vi må våge å vere oppriktige i det vi forkynner, annleis i det vi gjer og utøvande og utadretta i trua.

Eg vil avslutte med eit siste dikt av Tor Jonson. Her byrjar han med å konstatere det eg har vist tidlegare; at han ikkje finn Gud i kyrkja, eller tempelet i dette høvet. Derimot finn han spor av Gud i ei jente si song. Altså viser ho Gud i livet sitt. Han har tankar som kan tolkast panteistisk, men som ein også kan lese i lys av til dømes skildringa av skaparverket si lovsong i Salme 96. Ein kan sjølvsagt også tolke det som at han finn Gud i skaparverket, då det viser Guds storleik. Uansett kjem eit viktig poeng i andre verset; Gud talar gjennom våre gjerningar, slik eg har argumentert for at vi i Kyrkja må verte meir medvite. I siste verset kjem oppmodinga til oss som Kyrkje. «I sjelene til gode menn skal du gå fram med veldig lys når heile verda frys.»

Vår draum om Gud
Du teier i din tempelhall,
men talar i ein gjentetrall.
Du går i verda, trældomsstrøypt.
Og riv deg laus att, einsemddøypt.

Ditt ord er fuglesong om vår
og laufallskviskring, seinhaustår.
Du syng i skog og søv i mold
og talar i vår gjernings foll.

Du ber ditt lys. Det brenn og brenn.
I sjelene til gode menn
skal du gå fram med veldig lys
når heile verda frys.


Alle dikta eg har gjeve att i desse artiklane er henta frå Nasjonalbiblioteket si digitaliserte utgåve av Dikt i samling.

[1]Sitert frå Konkordieboken: Den evangelisk-lutherske kirkes bekjennsesesskrifter, Jens Olav Mæland (red), Lunde forlag, 2000, Side 320.145

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar