onsdag 13. oktober 2010

Tor Jonsson utfordrar Kyrkja I - Gudstenestene

Andakt i einsemda
Kvifor, Gud, har du gått ifrå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg.

Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.

Kvar kyrkjekor er så tung og trong.
Du er berre der du vart fødd ein gong.

Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er.

Eg spør i mitt kveldsskrik: Kvi gjekk du bort,
så døden vart blomar og bar i ein port?

Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med.

Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord.

Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.

Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du vart sedd i denne grend
Det følgjande er tankar eg har gjort meg med utgangspunkt i Andrej Nebb sine musikalske tolkningar av Tor Jonsson sine dikt, slik ein finn dei på plata Kvite fulgar frå 2000. Når eg har høyrt på denne plata har det ofte slått meg at det Jonsson seier i dikta sine er ei kjempeutfordring for Kyrkja, og då kanskje særleg for vår kyrkje her i Norge. Eigentleg tenkjer eg at den beste måten å leggje fram desse tankane hadde vore i form av eit foredrag, der ein også kunne ha lytta til dei svært gripande tolkningane av dikta som Nebb står for, men all den tid foredrag ikkje er det eg driv mest med, og eg har lyst til å formulere desse tankane, vel eg å gjere det her for mine svært få eksklusive lesarar på bloggen min.

Eg meiner at dei tankane Tor Jonsson pressenterer er svært viktige for prestar og andre som har stillingar i ei kyrkje, offisielle eller uoffisielle, der dei står som forkynnarar i ord eller handlingar, eller der dei på nokon som helst måte personifiserer kristentru i samfunnet rundt seg. Jonsson er dermed relevant for alle kristne i dagens samfunn.

Tor Jonsson er kanskje ikkje den første ein skulle tenkje at kjem med dei mest konstruktive tankane for Den norske kyrkja, og kva utfordringar ho står framfor. For det første tok han sjølvmord for snart seksti år sidan, og levde derfor i ei tid som var ganske annleis enn den tida vi lever i no. For det andre er ikkje dikta hans prega av verken ei sterk tru eller av ortodoks lære. Tvert om er dei prega av tvil og truskriser, leiting og lengt etter både tru, kjærleik og eit betre liv. Og akkurat derfor er det eg meiner vi bør høyre på det Tor Jonsson seier til oss. Vi bør høyre på han og ta til oss det han seier fordi han skildrar dei som ikkje klarar å finne det vi i kyrkja har funne eller dett utanfor fordi vi i kyrkja ikkje klarar å ta vare på dei på den måten desse personane treng.

Eg kjem i det eg skriv no til å skyte meg sjølv i leggen gong på gong, og einkvar som kjenner meg og min praksis som prest vil kunne seie «Dette gjer heller ikkje du slik du seier vi bør, Steinar.», og dei vil nok oftast ha heilt rett. Det at eg og mange med meg gjer det vi gjer, er ikkje det same som at det vi gjer er riktig. Det kan hende vi faktisk burde endre på nokon av dei tinga vi gjer. Dette gjeld meg og det gjeld andre i kyrkja. Skal vi kome i ein situasjon der vi faktisk kan endre på ting, er vi nødt til å kome med alternativ, og vi er nødt til å seie at ein sjølv faktisk kan gjere ting på ein betre måte. Derfor er eg ikkje bekymra for at det kan slå attende på meg sjølv, det eg skriv. Det utløyser sjølvrefleksjon som igjen kan utløyse forbetring.

Det fyrste diktet eg vil sjå på er diktet «Andakt i einsemda». Diktet er eit desperat rop til ein gud diktaren ikkje ser eller kjenner, men som han kanskje har kjent ein gong, og kan lett få tankane inn mot klagesalmar i Bibelen som Salme 10, berre at det i dette diktet ikkje kjem nokon lovprisning og glede, slik det er i klagesalmane i Bibelen. Her er det berre desperasjon frå ein som søker, men ikkje finn. Det er ei sterk smerte i diktet, ei smerte som det verkar er retta mot, og kanskje kjem på grunn av, kyrkja og korleis ho oppfører seg. Diktet står som eit heile som ei oppmoding om hjelp som kyrkja bør svare på, men også i enkeltdelane i diktet finn vi viktige moment som bør snakkast om.

Kvifor, Gud, har du gått ifrå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg.

Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.
Slik byrjar Jonsson diktet. Det er klårt at det er ei sorg her. Anten ei sorg for eit høve til Gud som er vekke, eller eit høve som aldri har vore der. Og ei sorg for at ein ikkje finn Gud i kyrkja. Kvifor Tor Jonsson kjenner det slik, er forsåvidt ikkje så viktig. Kanskje stod prestane i vegen for han? Kanskje var det noko anna. Det som er viktig er kva vi gjer med dette.

«Der Gud er i ordom, er einsemda nær», seier Jonsson. Eg trur han har heilt rett i dette, for Gud skal ikkje fyrst og fremst finnast i orda våre, men i handlingane våre. I Den norske kyrkje set vi den verbale forkynninga svært høgt. Alt for høgt, vil eg seie. Vi har ein nesten magisk tru på at om ein berre forkynner Ordet, vil Gud gjere resten. Sanninga er ofte nærare at dei orda som vert forkynte av prestar og andre er dårleg førebudde, dårleg framførte og ofte med dårleg innhald. I tillegg gjer ein seg avhengig av at folk anten har eit nokonlunde greit høve til forkynnaren, eller klarar å sjå forbi den som forkynner og berre på bodskapen. Det er det naivt å tru at folk klarar å gjere. Vellukka forkynning med ord er avhengig av flinke forkynnarar og at forkynnaren har eit nokonlunde greit høve til tilhøyrarane. Heldigvis har ein mange flinke og omgjengelege forkynnarar i Kyrkja, men ingen når alle. Sjølv den best likte vil ha folk som ikkje kan fordra vedkomande, og for desse personane stengjer forkynnaren og orda for vegen inn i Kyrkja. Då vert det slik Jonsson seier: Gud er ikkje der hans prestar er. Vi vert ståande i vegen med våre ord, og spreier einsemd med orda som skal spreie Evangeliet.

Kva skal vi gjere med dette? Eg trur det vi først og fremst må gjere, er å nedtone preika si plass i gudstenesta og andre samlingar. Evangeliet skal ikkje snakkast, det skal gjerast. Vi må forkynne evangeliet først og fremst i det vi gjer. På same måte må gudstenestene verte meir utøvande for kyrkjelyden. Vi må få ta i bruk sansane våre. Vi må lukte, smake og høyre evangeliet. Vi må få vandre rundt i kyrkja og ta på ting. Vi må få oppleve gudstenestene utan at opplevingane skal verte «låste» av ein meir eller mindre vellukka monolog som i tid tek opp minst ein tredjedel av den veka sin tidsbruk i kyrkja. Preika talar kanskje til nokon, men for andre er ikkje preikene noko som hjelper trua. Tvert om. Dette må vi som kyrkje ta inn over oss.

Diktet seier at «I kyrkja kan ingen nå deg». Dette er sjølvsagt ikkje noko ein med ein gong vil vere einig i, men samstundes trur eg vi i dag er i ferd med å gjere kyrkja til ein stad det ikkje er så lett å nå Gud. Kyrkja vår er i dag utsett for ein sterk sekularisering, og då snakkar eg ikkje om noko slikt «dei-raudgrøne-avkristnar-Norge»-vas. Presteskap, kyrkjelydar og musikarar gjer rundt omkring i landet vårt sitt beste for at kyrkjer og forsamlingslokaler skal minne minst mogeleg om det sakrale og mest mogeleg om ein tilfeldig kommunal kantine eller seminarrom. Musikken skal ikkje skilje seg ut, men gli inn som dårlege kloner av den plattaste av dagens popmusikk. Det å kome inn i eit kyrkjerom skal vere så lite friksjonsfult som mogeleg. Det kan synast som om idealet er at ein nesten ikkje skal merke at ein har gått inn i eit spesielt rom, og dermed ikkje skal ha motforestillingar mot bodskapen ein vert presentert.

Ein føresetnad for at dette skal «virke» er at ein har (denne mangelen på) estetisk sans som samsvarar med dette. Ein skal ikkje stikke under nokon stol at også tradisjonell kyrkjearkitektur, innreiing, musikk og så bortetter har sin særeigne estetikk som det ikkje er sagt at ein vil like, men den skiljer seg ut som noko anna i dagens samfunn. Den har ikkje alltid gjort det, for den har nok vore like kontemporær som dagens estetikk er på eit eller anna tidspunkt, men i dagens samfunn og kultur skiljer den seg ut. Eg trur at det at den skiljer seg ut, trass alt, er positivt. Det gjer at ein merker at det er noko anna som er fokuset i desse romma og samanhengane enn det som er fokuset andre stadar. Eg seier ikkje at vi skal konservere verken innreiing eller musikk frå noko historisk stadium som noko betre enn andre stadium, men eg trur vi skal vere forsiktige med å forflate og vulgarisere. Lat kyrkja og gudstenesta skilje seg ut. Lat den vere noko å jobbe med. Då trur eg det er lettare å finne Gud. Den sekulariseringa av kyrkjerom og seremoniar som skjer i dag gjer ikkje noko anna enn å setje presten, pastoren eller lovsongsleiaren i sentrum. Og då er vi attende til problemet med prestar som står i vegen for evangeliet. Med å appellere for sterkt til det som er «kult» eller «in» eller lett fordøyeleg når ein kanskje nokon, men ein støter samstundes andre frå seg. Trua på at om ein sekulariserer det sakrale vil folk sjå Gud lettare trur eg er den største løgna i dagens kyrkje, og noko som, om det slår nok om seg, kan gjere at Jonsson får rett når han seier at i kyrkja kan ingen nå Gud.

Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er.
Vår kyrkje er fokusert på den «personlege opplevinga av Gud». Dette gjeld sjølvsagt det eg har skissert opp som noko eg ynskjer meg; den meir sanselege gudstenesta med mindre fokus på preiker, men det gjeld i særleg grad den sekulariserte gudstenesta, med sitt fokus på å «nå folk der dei er», gje folk «ei oppleving», «tale deira språk» og så bortetter. Når ein så i tillegg sper på med songar som helst skal vere i det ein - med ein språkbruk som ekskluderar store delar av kyrkjehistoria sin tradisjon - kallar for lovsangsstil, der tekstane skal vere positive, tilbedande, jublande og som uttrykk for personleg glede og tru, har ein fått eit kultisk liv som er sentrert på den enkelte tilbedar sin eigen nasetipp og kjensleliv. Kjenner ein ikkje då eit nærver av Gud, eller kjenner ein på tvil, fell ein gjennom. Ein får ikkje uttrykk for sine kjensler og sitt trusliv i det forflata, sekulære gudstenestetilbodet ein gje, då gudstenestene vert ein del av sjølvrealiseringa til middelklassen. Dei vert personfokuserte, overveldande positive og med mangel på opning for tvil, smerte og det å ikkje lukkast. Preikene i gudstenestene kan lett forsterke dette, men den største faren ligg i frie vitnesbyrd og liknande. Vitnesbyrda vert ofte manifestasjonar av den sjølvsentrerte, grunne, sekulære kristendomen som handlar om eige liv, egne kjensler, eiga helse og eigen økonomi. Vitnesbyrda handlar om korleis Gud svarar mine bøner, hjelper meg å forstå Bibeltekstar, gjev meg glede og likande. Kjenner ein ikkje på tilsvarande kjensler er ikkje slike vitnesbyrd oppmuntrande, men direkte nedbrytande. Vitnesbyrd av denne typen er kanskje styrkande for trua til dei som allereie er truande, men for dei som søker er dei heller ekskluderande og nedbrytande. Eg har ein tanke om at slike vitnesbyrd er viktigare for sjølvbiletet til dei som er «innanfor» i kyrkjelyden enn dei er trusstyrkande for både dei som er innanfor og utanfor. Vitnesbyrdet sin funksjon vert å styrke kyrkjelyden i eit syn på seg sjølv som «utvalde» eller «spesielle», medan det vert presentert som noko som skal vere trusstyrkande. Problemet er berre at for ein som lengtar etter ei tru, er det å høyre at andre har denne trua og desse opplevingane som å strø salt i opne sår.   

Gudstenestene våre gjev nok Jonsson mykje rett. Dei er ikkje staden for søkjarar. Dei er heller ikkje automatisk staden for tilbedarar. Dette har ein sett og freista å gjere noko med det. Problemet er at det ein at for ofte har gjort er å sekularisere gudstenestene. Ein har diagnostisert problemet rett, men gått i feil retning for å rydde opp.

Fleire tankar kjem i Tor Jonsson utfordrar Kyrkja II - Læra.

3 kommentarer:

Øystein Skauge sa...

Du skriv:"Vi må få ta i bruk sansane våre. Vi må lukte, smake og høyre evangeliet. Vi må få vandre rundt i kyrkja og ta på ting. Vi må få oppleve gudstenestene utan at opplevingane skal verte «låste» av ein meir eller mindre vellukka monolog som i tid tek opp minst ein tredjedel av den veka sin tidsbruk i kyrkja. Preika talar kanskje til nokon, men for andre er ikkje preikene noko som hjelper trua. Tvert om".

Du har rett i det om å ta i bruk sansane i større utstrekning. Men du overser hørselen her. Den er faktisk også med. Du overser at mange faktisk tenkjer over det dei høyrer både i liturgi, tonar, salmar og i forkynning. Men det er slett ikkje sant at ei preike tek opp tredjedelen av tida i ei gudstenste. Sjølv varer mine gudstenester kanskje fem kvarter. Preika er på max eit av dei, og eg trur eg bruker meir tid til preike enn gjennomsnittspresten. Her overdriv du så mykje at det rett og slett svekkar kvaliteten på innlegget ditt.

Du har mange gode og viktige poeng. Men ein ting har du totalt neglisjert: Den teologiske tynga som ligg f.eks.i Rom 10,13-17 eller Jes.52,7 og mange andre stader.

Du er inne på viktige og vanskeleg ting når du snakkar om det frie vitnemålet. Eg trur det skal ha svært liten plass i ei gudsteneste. Men det finst ein "Sitz im Leben" også for det. Truleg utanfor ei vanleg høgmesse.

Du har skrive eit spanande blogginnlegg som godt kan publiserast vidare ut om du bearbeiderer det. Utgangspunktet med Tor Jonsson er flott. Eg kjenner diktaren dårleg, men diktet du har teke fram er talande og velfungerande.

Steinar Sneås Skauge sa...

Eg trur du vil finne noko av det du etterspør i neste artikkel om dette. Den kjem nok i morgon og handlar om innhaldet i forkynninga.

Ellers meiner eg at kultiske handlingar og forkynning i form av talar godt kan skiljast. Skiljer ein det kan ein halde betre preiker, og ein kan ha eit meir einheitleg fokus på gudstenestene, der dei vert samlingar rundt bøn og nattverd i staden for å skulle vere samlingar med alt mogeleg frå barnekor og dåpsfamiliar til minneord for dei døde, preiker med drama, samling rundt nattverdsbordet, femtiårskonfirmantar som vinker og bøn for verda. Slikt sender tankane i alle retningar og jagar folk frå kyrkja.

Little Man From Another Place sa...

Mange gode og interessante tanker her!

Legg inn en kommentar