torsdag 14. oktober 2010

Tor Jonsson utfordrar Kyrkja II - Læra

Andakt i einsemda
Kvifor, Gud, har du gått ifrå meg?
I kyrkja kan ingen nå deg.

Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.

Kvar kyrkjekor er så tung og trong.
Du er berre der du vart fødd ein gong.

Alle prestar trur du er nær.
Eg har ikkje Gud og spør kvar du er.

Eg spør i mitt kveldsskrik: Kvi gjekk du bort,
så døden vart blomar og bar i ein port?

Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med.

Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord.

Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.

Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du vart sedd i denne grend
Tankane rundt denne tematikken byrjar i artikkelen «Tor Jonsson utfordrar Kyrkja I - Gudstenestene».
Du er berre der du vart fødd ein gong.
Forteljinga om Jesu fødsel er stort sett den einaste jesusforteljinga som verkeleg fenger i dag. Den forteljinga kan folk, og den forteljinga drar folk til gudstenester. Går folk på ei gudsteneste i året, er det på julafta dei kjem. Den eine dagen i året når kyrkja enormt mange folk. Då kan ein setje eit stort spørjeteikn ved kvifor forteljinga om det som skjedde i jula har blitt redusert til ein pastellfarga forteljing om glitterdryssande englar, ein nyvaska baby og ein Maria med så lite smerter at epidural verkar som den reinaste tortur. Juleevangeliet har blitt redusert til noko søtt og koseleg som ikkje kan støyte nokon, og her kan ein ikkje skulde på handelsstanden eller kome med noko «dei-raudgrøne-avkristnar-Norge»-vas. Dette er Kyrkja si skuld, fordi vi har brukt våre tilmålte preikeminutt ikkje til å forkynne evangeliet, men til å kosesnakke om eslar og «lamonger».

I eit pluralistisk samfunn der folk ikkje kjenner innhaldet i den kristne trua, har kyrkja her ein kjempemogelegheit til å forkynne det grunnleggjande i kristen tru, nemleg inkarnasjonen. Det som skjedde i jula var at Gud vart menneske slik at han seinare kunne døy og stå opp att.  Preikene på julaftan må vere grundige teologiske leksjonar som viser kva jula faktisk seier, dei skal ikkje vere koseprat om ein småleande Josef eller gjetarar som gjekk frå arbeidet sitt. Desse figurane i forteljinga er statistar, kulissar, men av ein eller annan grunn er det dei vi heng oss opp i i staden for den sentrale teologien som ligg i julemysteriet; inkarnasjonen. Det vi gjer i jula kan ein kalle for sekularisering av evangeliet. Vi snakkar om alt anna enn det sentrale og det folk treng å lære, nemleg at Gud tok bolig i blant oss. Prestane våre kan dette også, for dei snakkar ofte strålande om dette temaet for tomme kyrkjer på fyrste juledag. I vår frykt for ei sakral og teologisk metta kyrkje, gøymer vi innholdet den dagen folk høyrer på oss, og vel heller å spele på kjenslene til alle som vil høyre om koslege, lubne babyar.

Kanskje skal vi ta utgangspunkt i denne lille babyen, for som Jonsson seier, er det berre der mange ser Gud. Den einaste gongen mange vil snakke om noko som kan tolkast religiøst er i samband med den lille babyen i stallen. Det er greit nok, og det er ei kjempegåve til kyrkja. Men då må vi bruke dette til å snakke om det sentrale, ta utgangspunkt i babyen for å gje folk opplæring i teologi og den kristne trua. Ikkje tulle oss bort i fabuleringar om kor glade dei vise mennene måtte vere for endeleg å vere framme.

Juleforkynninga skal ikkje først og fremst tale om det nusselege eller spele på dei sentimentale kjenslene i folkesjela. Den skal drøfte inkarnasjonsmysteriet. Utan dette er ikkje forteljinga om fødselen i Betlehem noko meir enn ein forteljing om ein gut som vart fødd i relativt stusslege høve for to tusen år sidan. Ein forteljing som kan vere gripande nok, men som det går 15 på dusinet av. Er det ikkje meir, kan vi like godt la vere å tale. Derfor må vi snakke om det at Gud kom til jorda som menneske. Frelseshistoria er avhengig av inkarnasjonen, men det verkar som vi gløymer dette når lukta av grantre når nasebora våre.
Sume vil ha ein gud av tre,
andre ein gud til å prata med.

Sume vil ha ein gud av ord,
andre ein gud til si odelsjord.

Sume seier du er i alt,
i stjerner og dyr og dove salt.
I julepreikene våre skal vi ikkje gje folk det dei vil ha. Vi skal gje dei inkarnasjonsmysteriet. Vi skal gje dei kjernebodskapen i evangeliet, sjølv om dei kjem for syngande englar og smilande oksar. På same måten skal vi  ikkje forme forkynninga vår etter kva folk ynskjer, kva «folkesjela» til ein kvar tid måtte «føle» at Gud er. Lenge før den ekstreme livssynsfragmenteringa som har kome med inntoget av Vannmannens tidsalder - eller New Age - var eit faktum, skildra Jonsson situasjonen ganske presist i desse linjene. Jonsson skildrar panteisme, gudebilete, astrologi og diverse andre tankar. Dette er ikkje tankar vi som Kyrkje kan svare stadfestande på. Det er tankar som ligg utanfor vår teologiske sfære, og som vi derfor må avvise. Dette må vi ha mot til å gjere. Det er elementært at vi frir oss frå «stryke-med-håra»-mentaliteten som pregar kyrkja vår i større og større grad. Vi tener ingenting på å vere lause og utan prinsipp i møte med nye andelege straumningar.  Det tyder på ein kyrkjeleg mangel på sjølvtillit som det ikkje er grunn til at vi skal ha.

Eg trur at denne mangelen på sjølvtillit kjem av mangel på kunnskap om eigen tru og tradisjon. I møte med mykje av den nye andelegdomen kan vi møte den med relevante svar frå kristen tradisjon. I møte med dei som vil ha gudebilete kan vi vise dei våre krusifiks. I møte med dei som vil meditere kan vi vise dei vaskeekte kristen meditasjon. I møte med dei som leiter etter det guddommelege i menneske kan vi vise dei den ortodokse kyrkja si lære om kva det vil seie at mennesket er skapt i Guds bilete. Ja, vi kan til og med vise ting som ikkje er rotfesta i gamle kristne tradisjonar, men som er heilt nye, men framleis ortodokse kristne praksisar. Vi kan peike på nokre ting som kristne praksisar og seie at skal du vere kristen er det visse rammer, men innanfor desse rammene er det stor variasjon. Vi kan ikkje omfamne den pluralistiske tidsanda og tru at den før eller seinare vil føre folk inn i Kyrkja. Det vil den ikkje. Det er vår oppgåve. Skal den andelege openheita ein ser i samfunnet i dag føre folk inn i Kyrkja, må vi møte dei med sakrale praksisar og forkynning og lære som svarar til deira behov. Vi kan ikkje møte dei med sekulariserte kultiske rom og sjølvsentrerte vitnemål om ein god Gud dei andre ikkje kjenner sjølv.
Eg veit ikkje meir enn at gode menn
har sagt du vart sedd i denne grend
Vi må leve liva våre slik at vi kan vere speglar for Kristi kjærleik til folk rundt oss. Vi må lære teologien vår til andre slik at det er Kristus dei høyrer om av oss. Vi må gjere dei kultiske samlingane våre til samlingar der folk møter Gud, ikkje menneska som står bak samlinga.

Utfordringa for oss som Kyrkje er ikkje mindre enn at vi skal leve liva våre slik at folk ser Kristus gjennom oss. Gjennom det vi gjer, skal folk sjå Kristus i kvar grend. Dette må liva våre spegle og det må det vi forkynner og lærer spegle. Det vi lærer skal spegle den inkarnerte, krossfeste og oppstandne Kristus, og dette skal vi forkynne slik at folk kjenner det att når vi lever slik at folk møter Kristus gjennom oss. For å gjere dette, må vi sakralisere kvardagen, (Noko eg vil skrive om i Tor Jonsson utfordrar Kyrkja III - Livet) vi må spisse forkynninga og vi må vere klare i læra vår.


Fattig ynskje
Var eg ein Gud
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
Var eg ein Gud
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.
Når eg seier at vi må spisse forkynninga vår, er det to ting eg meiner. Det eine er at vi må fokusere på mysteriet i den inkarnerte, krossfeste og oppstandne Kristus i staden for koslege småhistoriar som er underhaldande og fine, men ikkje lærer oss noko om Gud. Det andre er det Jonsson ville ha skapt om han var ein gud. Han ville ha skapt to ting: Kjærleik og død. Desse to tinga er det vi skal preike om. Kjærleik og død. Preiker som ikkje handlar om kjærleik og død bør ikkje haldast, då dei til sjuande og sist ikkje er kristne preiker. For heile vår tru kan summerast opp i desse to orda: Kjærleik og død. Kjærleik til Gud og nesten. Kjærleik frå Gud til det skapte. Kjærleiken mellom dei tre personane i treeininga. Kjærleiken som gjorde at Gud lot seg drepe. Døden som vart knust av kjærleiken. Kjærleiken som vann over døden. Kjærleiken i Kyrkja mellom dei truande. Døden som fører oss inn i den evige kjærleiken. Kan ein ikkje sette desse to orda som overskrift for ei preike, bør den ikkje haldast.

Problemet er at slike preiker vert halde. Eg høyrer frå tid til anna, og stadig oftare, preiker som ikkje kan oppsummerast av desse orda. Preiker som handlar om korleis organisere livet sitt, korleis få betre tid, korleis få suksess. Kort sagt sjølvutvikling. Kristendomen er ikkje ein sjølvutviklingsreligion. Den er ein sjølvutslettingsreligion. Vi skal auke for at Kristus skal vekse. Kyrkja må stå opp mot denne forvridde formen for «forkynning» som breier om seg. Det er ikkje kristendom. Det er ikkje oppbyggeleg, og det er ikkje noko som har ein plass i kyrkja. I kyrkja skal vi snakke om «kjærleik og død, berre kjærleik og død».

Eg meiner vi i større grad bør skilje dei kultiske handlingane våre frå den forkynninga som er i form av preiker. Samstundes kan preikene ha ein funksjon, men då er det heilt naudsynt at dei handlar om kjærleik og død. Preiker som ikkje handlar om dette og som kjem som ein del av kyrkjelyden sin hovudsamling i veka, er sabotasje mot Kyrkja. Det er sekularisering av den sakrale arenaen denne samlinga skal vere, og er ikkje noko vi kan finne oss i. Eg trur slike preiker er med på å gje Tor Jonsson rett når han seier følgjande:
I kyrkja kan ingen nå deg.

Der Gud er i ordom, er einsemda nær.
Du er ikkje der dine prestar er.
Fleire tankar rundt Jonsson sine dikt og Kyrkja i Tor Jonson utfordrar Kyrkja III - Livet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar