mandag 29. juli 2013

Ferdaminni fraa Sumaren 2013: Kvekergravplassar i Stavanger

I løpet av sommaren fekk eg nokre timar å slå i hel i Stavanger. Dette er ein by eg har budd i i rundt sju år, så mykje av det som er å sjå der, har eg nok sett. Mykje, men ikkje alt.

For ikkje så lenge sidan kom eg over historia om at det var ein kvekergravplass i Stavanger, noko som skal vere eineståande for europeiske byar. Denne fekk eg sjølvsagt lyst til å sjå, så då det var tid til overs i Stavanger, fekk eg med meg heile mitt hus på gravplass-safari.

Ingen skal påstå at eg hadde gjort mykje research før denne safarien, men eg hadde fått med meg at gravplassen skulle ligge på Storhaug, og i hovudet mitt hadde dette blitt til at det var ein del av gravplassen til Frue kirke. Turen gjekk altså dit. Vel framme der byrja leitinga. Stemninga i barnevogna utvikla seg negativt, og leitinga gjekk dårleg. Naturleg nok, fann vi ut, for gravplassen låg sjølvsagt ikkje i samband med den offentlege gravplassen. Då kvekarane organiserte seg i Stavanger i 1818, ville dei ikkje ha noko med Statskyrkja å gjere, heller ikkje med gravskikkane. Det vart derfor eit behov for eigne gravplassar for kvekarar på stader der det veks fram kvekerkyrkjelydar.

Barnevogna vart bestukke med is, og litt skumlesing på Lokalhistoriewiki gjorde det klart at gravplassen låg i Muségata. Greit nok. Frå Frue kirke til Muségata er det ikkje så langt, og det er fint å gå tur der. Det er rett nok på Våland og ikkje Storhaug, men eg slo meg til ro med at eg hadde hugsa feil når det gjeldt Storhaug.

Vi promenerte altså til Muségata. Då vi kom dit gjekk vi frå museet og vekk frå sentrum. Lokalhistoriewiki kunne fortelje om gravplassen at «I dag legger man knapt merke til gravstedet når man går eller kjører forbi. Det ligger inneklemt mellom to hus, og man finner bare noen få støtter», så vi passa på å sjå godt etter. Heilt utan resultat. Vi gjekk til vi kom til Lagårdsveien, og tenkte at det var sikkert der den låg. Dei som er kjent i Stavanger vil kanskje nikke og seie at det var godt tenkt, for på ein mur langs Lagårdsveien står det med store bokstavar «Vennenes Samfunn» og eit årstal. Det burde jo vere ei grei sak. Men det var det ikkje. Vi fann ingen gravplass, og måtte ta turen attende til byen. For å unngå den bråkete Lagårdsveien, gjekk vi Muségata tilbake også.

Og det var flaks. For omtrent der vi hadde byrja såg eg plutseleg ein stein nede i ein busk på ein liten, hellelagt plass. Der var gravplassen!

Klemt mellom nummer 24 og 26, så lite at om du leiter det opp på Google Street View er det heilt skjult bak buss nr. 11. ligg den første kvekergravplassen i Norge. Kanskje den første gravplassen som ikkje låg under statleg kontroll, på svært lenge. Det ser ikkje ut som ein gravplass, men meir som ein liten park med heller og buskar. Ein slik plass ein går forbi kvar dag utan å tenke på at det er ein kulturhistorisk milepæl. På den lille plassen fekk statskyrkja eit av sine tidlege sår, og prosessen som endå ikkje er avslutta, byrja.

Glad og nøgd slo vi oss ned for å ete, men ei uro over at denne gravplassen ikkje passa med skildringane på Lokalhistoriewiki og ei melding på Twitter som viste til Wikipedia sin artikkel om ein kvekergravplass i Haukeligata på Storhaug, gjorde at vi måtte ut på leiting att. Det er nemleg ein gravplass til. Men før vi tar for oss den, må vi sjå litt meir på den i Muségata.

Gravplassen i Muségata er frå 1821, og har ei stygg historie knytta til seg. Leiaren for kvekarane i Stavanger, Elias Tastad, mista då dei eitt år gamle tvilingane sine, og han ville at dei skulle bli gravlagt utan dei statskyrkjelege seremoniane. Det ville ikkje presten, og Tastad, fekk då dette jordstykket og gravla borna sjølv. For dette vart han stilt for retten, og vart dømt til å grave dei opp att for å få dei gravlagt på ein vigsla gravplass. Han fekk også dagbøter fram til dette var i orden. Tastad nekta og tok saka heilt til Høgsterett, der han vann i 1824.[1] Gravplassen var i bruk fram til 1854, og mellom 27 og 31 menneske vart gravlagt der.[2]

Vi hadde altså no ei ny gate der det skulle ligge ein kvekergravplass, no på Storhhaug, så turen gjekk i bil til Haukeligata. Wikipedia kunne fortelje at den er på 800 m2, og dei som har vore i Haukeligata vil nok vere einig i at ein ikkje kan gøyme 800m2 med graver i den gatestubben. Det var altså ikkje nokon gravplass der. Ein ungdom med kommunevåpenet på refleksvesten sin og grasklippar, kunne fortelje oss at den einaste gravplassen han viste om var ved Varden kirke, interessant nok sidan det ikkje er gravplass der... Uansett. Vi fann etterkvart ei dame som såg ut som om ho hadde budd på Storhaug i 50 år, og ho kunne fortelje at ho viste at det var ein kvekergravplass på Storhaug, men på andre sida av haugen. Ned mot BI.

Turen gjekk mot BI, og plutseleg kom vi inn i Øvre Haukeligate. Det viste seg at nettorakelet Wikipedia hadde lurt oss. I Øvre Haukeligate 39 fann vi endeleg muren og smijernsporten til gravplassen.

I 1840-åra hadde gravplassen i Muségata byrja å bli for liten, så ein måtte finne ei ny løysing. No leika ein med tanken på å få plass på dei offentlege gravplassane, men forkasta dette, og kom ingen veg med saka før 1854.

I 1854 fekk ein plutseleg eit brev frå Carl Nymann, ein skipsreiar som då ikkje var kvekar. Brevet var eit gåvebrev der han gav eit landstykke på Storhaug til gravplass for kvekarane. I 1855 blir den nye gravplassen tatt i bruk. Interessant nok var den andre som vart gravlagt på denne gravplassen kona til Elias Tastad... Allereie i 1860 skal det ha vore 20 gravar her.[3] 

Muren rundt gravplassen kom i 1893. Det var greit med ein mur rundt ein slik plass, for dissenterar var ikkje dei mest populære i byen. Både ved gravplassen i Muségata og ved møtehuset deira hadde det vore problem med bråk. I 1896 bestemte dei at det ikkje var lov å pynte gravene med kransar og blomar, og i 1901 at det ikkje skulle vere gravmonument, men kun ein stein med det mest nødvendige.[4]

Gravplassen har ikkje alltid sett så fin ut som i dag, men til 175-årsjubileet i 1993 vart det pussa opp, og sidan då har kyrkjeverga i Stavanger stått for vedlikehaldet, noko som har gjort at gravplassen er i betre «form» en han tidvis skal ha vore. Mest kjent av dei som ligg på gravplassen er nok Asbjørn Kloster. Gravplassen er framleis i bruk, sjølv om nokre kvekarar no vert gravlagde på offentlege gravplassar. [5]

Eg hadde altå lært at det faktisk var to gamle kvekergravplassar i Stavanger. Gravplass-safarien hadde lukkast, faktisk i så stor grad at eg hadde fått med meg dobbelt så mange kvekergravplassar som eg hadde trudd. Og sidan baksetebefolkninga i bilen sovna under siste leiting på Storhaug, kan eg leve med at det vart ein god del bomturar før eg kom så langt...

Ingen andre byar i landet har noko som liknar på kvekergravplassane i Stavanger. Har ein nokre timar å slå i hel, er det absolutt verdt å ta turen til gravplassane i Muségata og Øvre Haukeligate og sjå to monument for den norske dissentarhistoria.

[1] Hans Erik Aarek, Kvekergravstedet. Øvre Haukeligate 39, Stavanger. Kvekerforlagets småskrifter nr. 46A. Side 3
[2] Ibid Side 36
[3] Ibid Side 6-8
[4] Ibid Side 12-14
[5] Ibid Side 22-27

1 kommentar:

Eli sa...

Hei, eg var hjå Kvekarane i Stavanger sist sundag, og det er ei mystisk innsikt kvekardomen gjev. Det gav meg kveik, ja glede. Men her eg bur er det ingen andre enn Jehovas Vitner som vil ha meg inn til seg, og som er motige nok til å gå frå dør til dør. Det ser ut til at kvar og ein må leva med si innsikt i si einsemd med mindre ein bur i ein større by. Beste helsing Eli

Legg inn en kommentar