lørdag 13. juli 2013

Ferdaminni fraa Sumaren 2013: Mathilde Marie Meyer

Heile gravsteinen til Mathilde Marie Meyer.
Det låg mykje rot oppå steinen, så derfor er
biletet kutta så underleg...
Detalj av teksten ligg nederst i artikkelen.
Vi held oss i Eivindvik, og skal i dag sjå på ein av dei mest rørande gravsteinane eg har sett. Grava er grava til Mathilde Marie Meyer, ei dame som vart litt over 38 år. Ho hadde sju born og var prestekone. Teksten på gravsteinen er detaljert og personleg i mykje større grad enn det ein vanlegvis ser på graver rundt omkring. Her er det ikkje noko «Kvil i fred», nei, her er det ei personleg melding frå ektemannen om kvinna han hadde levd saman med i 15 år og fått sju barn med. Steinen lar oss også stå att med nokre spørsmål. Kvifor var ho i Bø i Vesterålen, og korleis i alle dagar fekk dei ho derifrå til Eivindvik for gravferd med den kommunikasjonen ein hadde i 1854? Ein hadde ikkje akkurat fly eller båtar med kjølerom på den tida.

Nokre spørsmål kan ein få eit hint om svaret på. Mathilde var gift med Arnold Meyer, barnebarnet til den Arnold Meyer som var sokneprest i Lindås og døydde i 1815. Arnold, altså Mathilde sin ektemann, var prest i Bø i Vesterålen frå 1846 og prost frå 1852. Derfor står det altså at Mathilde var «provstinde», og vi kan nok også der ane eit svar på kva ho gjorde i Bø. Kanskje hadde ho ikkje dratt til Eivindvik endå? Kanskje hadde ingen av dei gjort det? 18. november 1853 vart i alle fall Arnold prest i Eivindvik,[1]  altså ganske rett etter Niels Griis Alstrup Dahl som eg snakka om i siste bloggpost.  Om det tyder at Arnold fekk jobben då eller at han byrja då, veit eg ikkje.Det kan altså vere at han tok med seg den døde kona på flyttelasset då han flytta sørover, eller ho kan ha blitt att ei stund etter at han dro. 12. mars 1854 døydde ho i alle fall i Bø i Vesterålen, og vart gravlagt i Eivindvik i Gulen. Arnold vart seinare sokneprest i Os, og døydde i Bergen.

Mathilde Marie Kruuse vart født i Bergen i 1816 og var dotter av Synnøve Margrethe Steeman og Johan Jakob Kruuse som var skipsførar og seinare vart kjøpmann. I 1839 gifta ho seg med Arnold i domkyrkja i Bergen, og dei fekk sju born saman.[2]   Av desse sju var det seks jenter, og alle jentene budde saman med faren i Eivindvik i folketellinga i 1865.

Det er ikkje mykje, men det er vel kanskje så mykje ein kan finne ut om ei ganske vanleg kvinne frå byrjinga av 1800-talet. Det gjer teksten på gravsteinen endå vakrare. Det er kanskje det einaste biletet vi har av denne kvinna som sjølv i døden vart definert gjennom mannen som «provstinde». Kanskje såg mannen at denne kvinna fortente meir enn å bli hugsa kun som eit namn som står med sidan av namnet hans i biografien om presten i kyrkjeannalane, og sørga for at grava hennar skulle vise at dette var ei flott og høgt elska dame. Kanskje ville Arnold at Mathilde skulle få skine i døden. At ho ikkje lenger skulle stå i skuggen av embedsektemannen.

Det er mogeleg eg romatiserar, men eg lar meg få lov til å gjere det. Eg likar å tenke at denne grava gjev alle dei anonyme kvinnenamna som av og til tittar fram i historiebøkene ein personlegdom.
Herunder hviler Stövet af
min trofaste og elskelige Hustrue Provstinde
MATHILDE MARIE MEYER
föd KRUUSE d: 16 Januar 1816
i Bergen, efter 15 Aars kjærligt
Ægteskab bortkaldt fra mig og
vore 7 Börn d: 12 Marts 1854 paa
Bö Præstegaard i Vesteraalen.
[1] Johan Fredrik Lampe, Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen, Volum 2, Cammermeyers boghandel, 1896. side 268
[2] Ibid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar