torsdag 25. juli 2013

Ferdaminni fraa Sumaren 2013: Steinkrossen i Eivindvik

Steinkrossen i Eivindvik
Før vi drar frå Eivindvik er det ein siste ting ein blogg som er svak for kyrkjehistorie ikkje kan gå forbi. Det er sjølvsagt steinkrossane der. Eller... steinkrossen... Eller... Kva skal eg seie? Steinkrossen og skuret? Vi får ta det som det kjem.

I Eivindvik har det frå gamalt av stått to krossar. Kanskje tre, faktisk, men i alle fall to som vi kjenner. Soga skal ha det til at i alle fall den som stod ved kyrkja var sett opp av Olav den heilage, og dei er i alle fall rundt tusen år gamle. Ein stod ved kyrkja, og ein står på ein bø eit stykke vekke. Kanskje var området mellom krossane staden der Gulatinget først låg.

Den krossen som står på bøen seier Wikipedia er 265 cm høg, av «norsk-anglisk» type, har eit framand preg og står slik at sola skin på han heile året. På vintersolkverv står steinen slik at sola akkurat lysar opp heile krossen. Denne artikkelen på Wikipedia er det eg som har skrive brorparten av, så den skal ein ikkje kimse av!

Dette er ein flott og imponerande steinkross!

Den krossen som stod ved kyrkja var, i følgje den same artikkelen påWikipedia, 263 cm, av keltisk type og sett opp av Olav den heilage. Flotte greier, altså.

Her kviler krossen.
Kvil i fred!
Så kjem katastrofa: I april i fjor skulle ein felle eit tre for at det ikkje skulle knekke og skade krossen. Nesten som eit ondskapsfullt peik frå dei underjordiske endte dette med at ein knakk krossen rett av i prosessen. Det som stod att til mi vitjing i Eivindvik var kun nokre beskyttande plankar som såg meir ut som ein utedo enn noko anna.

Eg fekk altså ikkje sett steinkrossane i Eivindvik. Eg såg steinkrossen og leveggane. Det skal vere eit pågåande redningsprosjekt, så alt håp er ikkje ute. Eg får kanskje sett den siste steinkrossen ein gong, no med ein heller klønete siste del av den tusenårige historia.

Desse krossane har Gulen kommune naturleg nok vore stolte av. Så stolte at dei er i kommunevåpenet. Tru kva dei skal gjere med det no?
Det noverande og det eg meiner bør bli det nye kommunevåpenet til Gulen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar