torsdag 12. april 2012

Den koselegaste guden i pantheonet? III

Inari og revane.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Etter å ha vore innom hinduismen, representert ved Ganesha, og egyptisk religion, representert med Bes, skal vi i dag ta turen til shintoismen med eit streiftog innom buddhismen og hinduismen i jakta på den koselegaste guden i pantheonet. Reisa er forvirrande, og mi framstilling har preg av dette, kanskje har eg  ikkje ein gong forstått alt rett, heller. Austlege religionar er forvirrande på meg, så eg stiller meg open for oppklaringar. Koseleg er det uansett.

Vi skal til den shintoistiske guden Inari, ein populær gud i Japan, der 32 000 tempel, meir enn ein tredjedel av alle shintotempla i landet, er via til han.

Inari med to kvite revar.
Biletet er henta frå denne nettsida.
Inari er ein japansk gud for fruktbarheit, velstand, risavlingar og revar, og det er revane som gjer Inari til eit koseleg syn. Fyren sjølv, eg vel å omtale han som mann i første omgang, er nemleg ikkje så mykje å sjå til. Rett nok kjem han i ulike inkarnasjonar (om ein kan bruke dette ordet på shintoistiske gudar?) som ein gamal mann, ei kvinne, ein androgyn bodhisattva, ein slange eller ein drake, og desse kan nok vere koselege nok, men det koselege med Inari er at i tempela som er via til han er statuane av han alltid flankert av kvite revar. Revane til Inari er bodbringarar for han og han vert assosiert med revar i så stor grad at i nyare japanske framstillingar vert ikkje lenger han avbilda, men i staden er det ein av revane hans som vert avbilda.

Som sagt har Inari også ei kvinneleg side, og no startar verkeleg det forvirrande. Dei kvinnelege framtoningane til Inari vert, av grunnar eg ikkje klarar å forstå, assosiert med den hinduistiske guddinna Dakini, eller Dakiniten, som igjen vert assosiert med Daikoku-ten, ein japansk, buddhistisk ris- og jordbruksgud. Og då er vi attende til revane. For Daikoku-ten vert, i fylgje Wikipedia, framstilt som ridande på ein kvit rev.[1]
Daikoku-ten rir på ein rev.
Biletet er henta frå WikimediaCommons.

Den buddhistiske guddinna(?) som rir på ein rev er altså, det kvinnelege motstykket til den shintoistiske guden med kvite revar som bodbringarar. Det er mykje eg ikkje forstår i dette, og mykje eg kan ha framstilt feil, men ein kjem uansett ikkje vekk frå at Inari legg inn ein god sjølvpresentasjon i konkuransen om å vere den koselegaste guden i pantheonet. Det vert ikkje mykje koselegare enn ein gud som alltid er flanker av ein rev eller to!

[1] Denne sida fremstiller han, mellom anna, som ein tjukk, smilande fyr. Det er forsåvidt triveleg nok, men har kanskje ikkje så mykje med revar å gjere. Japansk Wikipedia har derimot den reveridande guddommen som hovudbilete, så eg går ut i frå at det er riktig.

2 kommentarer:

Audun Emil Husa sa...

Denne var riktig så trivelig. Har ikkje nokon kandidat som kan utfordre ein gud som rir på revar sånn på sittande rev, men skal leite lenge og lenger enn langt.

Audun Emil Husa sa...

OK. Då har eg halde det tredje auge vidåpent i jakta på koselege guddomar. Hopifolket i Nord-Amerika lagar noko som heiter Kachinadukker. Ein Kachina er ei ånd av anten ein guddom, ei naturkraft, eit dyr eller ein avdød.
I jakta snubla eg over ei slik dukke som representerer gudinna Horo Mana. Horo Mana er vinter- og vindgudinna. Ho har med seg ein yuccakam som ho bruker til å rufse til folks hår når det blæs.
Namnet hennar tyder “comb hair upwards maiden". Ei gudinne for bad hair-days tykkjer eg fortener ei nominering, særskild når ho ser ut som eit lukketroll a la Tove Jansson:
http://jill-indiansummer.blogspot.com/2010/11/hopi-cold-bringing-woman.html

Legg inn en kommentar