fredag 6. januar 2012

Eit klede til ettertanke

Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Frå Vatikanet melder ein at forskarar meiner at likkledet i Torino er «et umulig objekt som ikke kan ha vært forfalsket», altså at det er ekte. Om dette skulle vere sant, og om ein skulle vere i stand til å bevise dette på ein overbevisande måte, altså vise at dette kledet vart slik vi kjenner det etter ein eller annan form for energistråling eller noko slikt, kan det sjølvsagt vere ganske omveltande for korleis ein tenkjer om ulike ting. Om ein samstundes kan klare å knytte dette til Jesus frå Nasaret på ein haldbar måte, vil det vere bortimot eit gudsbevis.

Eg trur ikkje det vil skje. Eg er mellom dei som ikkje trur dette kledet viser Jesus frå Nasaret i ein eller annan fase av oppstoda (Om ein kan dele den inn i fasar, då...) Til det er det for mange ting som ikkje heng saman. Ein høyrer ikkje om det før på 1300-talet, teknikken i veven er frå rundt då, personen det er bilete av er for høg til at det verkar sansynleg at det er Jesus og andre ting som ikkje gjer at eg ser det som truverdig at dette er eit reellt avtrykk frå Jesus. (Ein kan med fordel lese det Asbjørn Dyrendal skreiv om dette på Skepsis for nokre år sidan. ([1], [2] og [3]) eller det Catholic Encyclopedia skriv.)

Vil dette seie at dette er eit uinteressant eller uviktig stykke tøy? Ikkje på nokon som helst måte. Tusenvis av truande vel å tru at dette er ekte og eit bevis for oppstoda og dermed også for eksistensen av Gud. Mange av desse vil ikkje miste trua på dette uansett kva vitskapsfolk måtte finne på å seie. Andre hellar mot å tru det, men er ikkje sikre. Så har ein folk som meg, som ikkje trur dette er ekte. For alle gruppene kan det tene som eit hjelpemiddel for bøn, meditasjon og tru, på same måte som ikonar, andaktsbøker, lysglober, rosenkransar, soakingmatter og andre ting kan tene til det. Sjølv om det ikkje er guddommeleg i seg sjølve, tener det som hjelpemiddel i truslivet for dei kristne. Der har likkledet ein enorm misjon i kyrkja. Uansett kva ein meiner om det framprovoserar det ettertanke, undring og beundring. Det fører tankane til krossdøden og oppstoda, altså kjerna i kristendomen. Det er dermed eitt av dei, ja kanskje det, beste hjelpemiddelet for krossmeditasjon vi har i kyrkja. Eg skulle meir enn gjerne sett dette kledet, sjølv om eg ikkje trur det er meir guddommeleg enn sengeteppet mitt.

I tillegg er dette eit klede som må fascinere alle, både truande og ikkje-truande. For korleis i alle dagar har nokon laga noko så flott og spesielt. Kva utstyr hadde dei for å klare dette? Kven gjorde det? Og kvifor? Spørsmåla står på rekkje og rad. Ein treng ikkje tru dette kledet er eit guddommeleg prov for å vere djupt fascinert og imponert av det.

3 kommentarer:

Odd Dubland sa...

Eg trur ikkje at likkledet i Torino har noko å gjera med dei likklede som vart brukt på Jesu legeme. Dersom ein hadde hatt litt meir respekt for det som står skrive i Bibelen så hadde desse fantasiane mist krafta si. Det står nemleg skrive at rundt Jesu hovud var det vikla ein "sveitteduk."Då læresveinane kom til grava låg den for seg sjølv.Joh 20:7
"og at sveitteduken, som hadde vore over hovudet hans, ikkje låg saman med linkleda, men var lagd saman på ein stad for seg." Det er merkeleg korleis dette blir så presisert i Bibelen,. Dersom Jesu andletsdrag skulle verta prega på klede, så måtte det vore på denne sveitteduken og ikkje på linkledet ellers.
Vennligst Odd Dubland www.dubland.no

Øyvind sa...

Jeg tror den store overraskelsen ville vært om «verden» fikk åpenbart Guds rikes sannheter, «det skjulte» osv, hvor åpent alt har lagt for dagen – egentlig. Dette er også mitt argument mot all sekterisk virksomhet, det være seg før eller i dag av opplyste, selvutnevnte profeter (Jehovas Vitner osv) at Jesus så tydelig poengterte at han hadde talt i det åpne rom. Jeg tror Treengiheten har fortsatt med det. Så også likkledet. Det er rett og slett energien fra oppstandelsen som har avtegnet seg på likkledet.
At det var skjult frem til 1300-tallet, hva beviser det? At Dødehavsrullene dukket opp i vår tid, hva skulle det eventuelt (tilsvarende) motbevise, osv?
Fin blogg, stå på!

Steinar Sneås Skauge sa...

I ein diskusjon om dette på Twitter vart det sagt at om kledet ikkje var ekte var ikkje det noko problem, om det derimot skulle vise seg å vere ekte vart det eit trusproblem, for då hadde Gud i så fall gjeve oss eit prov på sin eksistens, og på den måten tatt frå oss det frie valet i trua. Eit interessant poeng i denne samanhengen, utan at det eigentleg tar den reelle diskusjonen vidare. Gud er sjølvsagt ikkje styrt av våre rammer for kva tru er, semantikk i høve til kva som er «fritt» og liknande. Men eit interessant poeng er det like fullt.

Eg trur som sagt ikkje at dette kledet er «ekte» i den forstand at det viser eit avtrykk av oppstoda, men eg har forståing for dei som trur det.

Kledet vert ikkje problematisk før ein ser på det som noko trua heng på. Om det om dette kledet viser eit avtrykk av oppstoda vert ein slags lakmustest på sanninga i kristendomen er ein på ville vegar. Så lenge det ikkje vert laga ei kopling mellom det som måtte kome fram om kledet og korleis folk stiller seg til trua, er det utelukkande eit positivt hjelpemiddel i trusliva våre. Vert derimot ei avsanning av kledet synonymt med ei avsanning av oppstoda anten for truande, søkjande eller kyrkjekritikarar har kledet vorte misbrukt av anten kyrkja eller kritikarar. Så lenge ein klarar å styre klar av denne faren, noko eg meiner at Den katolske kyrkja heilt klårt gjer, er kledet ein verdfull skatt for alle truande.

Legg inn en kommentar