onsdag 11. januar 2012

Den koselegaste guden i pantheonet?

Ganesha ridande på ei rotte.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Dei ulike guddomane rundt om i verda kjem i ulike framtoningar. Nokre ser ut som menneske, nokre som dyr og nokre som heilt andre ting. Nokre er vakre, nokre er stygge, og nokre, som Ganesha, er beint ut koselege og søte. I alle fall om ein finn dei rette bileta av dei.

Det sjarmerande biletet som opnar denne bloggposten er ein burmesisk framstilling av Ganesha ridande på ei rotte, slik han har for vane. Rottar kjem seg som kjent fram over alt, og det er sjølvsagt ein praktisk eigenskap for eit ridedyr. Kven kan mislike ein gut med elefanthovud som rir på ei rotte?

Om eg har forstått min hinduisme riktig, noko som ikkje er sjølvsagt, er Ganesha son av Shiva og Parvati. Namnet hans tyder noko slikt som «Leiar for dei som fylgjer Shiva», og han er den av gudane ein skal tilbe fyrst, og er hinduane sin gud for hindringar, då vel i tydinga at han hjelper med å kome seg forbi hindringane, vil eg tru. Det at han rir på rotter og mus heng også saman med dette, for det at dei kjem seg inn overalt, viser at dei overvinn alle hindringar.

Ganesha vart fødd, eller kva ein skal kalle det, ved at Parvati laga han av laus hud frå kroppen sin. Ho var lei av Shiva, og han var verken med i «konstruksjonen» eller informert om det som skjedde. Då Shiva kom heim tok Parvati seg eit bad, og Ganesha nekta Shiva å kome inn. Han vart då rasande på guten og hogde hovudet av han. Dette var sjølvsagt ikkje populært hjå Parvati som vart rasande og truga med å utslette verda. Dei andre gudane vart livredde for dette og gjorde det dei kunne for å blidgjere Parvati. Dei lova å finne eit nytt hovud til Ganesha og at han skulle verte leiar for fylgjet til Shiva og skulle tilbedast først. Dette godtok Parvati og gudane drog ut for å kappe hovudet av det første vesenet dei fann. Dette var ein elefant, og slik fekk Ganesha hovudet sitt.

Eg har nyleg fått med meg at Tor Åge Bringsværd har skrive ei lita bok om Ganesha. Eg har ikkje lese boka, men det gav meg ein grunn til å pynte bloggen med eit bilete med det eg trur er den guden i pantheonet med trivlegast utsjånad.

Om andre har vektige forslag til guddommar med koseleg utsjånad er eg interessert i å høyre dei. Vi ser då heilt vekk frå ting som sanning, kva dei står for og slike uviktige detaljar.

Informasjonen om Ganesha er henta frå Hinduismen og buddhismen av Knut A. Jacobsen og Notto R. Thelle, s. 87-89

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar