torsdag 19. januar 2012

Den koselegaste guden i pantheonet? II

Eg tok for ei stund sidan opp spørsmålet om kva som er den koselegaste guddommen, basert på utsjånad. Sjølv nominerte eg Ganesha og bad om andre forslag. På Facebook kom Audun Emil Husa med følgjande forslag:
Her vil eg gjerne fremje den egyptiske dvergeguden Bes sitt kandidatur. Oppgåvene hans var m.a. å verne om heimen, d.v.s. kvinner og born. Han er dessutan ein av særs få av dei gamle egyptarane som faktisk ser mot kamera når han vert avbilda. Når ein baby lo, tilsynelatande umotivert, trudde ein at Bes var ein stad i rommet og gjorde morosame grimasar. Sjølv heller eg meir i retning av at han er skuld i ein heil del umotivert barnegråt.
Dette er eit knakande godt forslag! Eg skal ikkje skryte på meg noko kjennskap til Bes, men Gods of Ancient Egypt kan fortelje oss om  Bes at han er ein mangfaldig figur. Han var ein slags demon som ikkje var ond, men god. Han var beskyttar av heimar og fødslar og vart knytta til seksualitet, humor og dansing. Han beskytta farao, men mannen i gata likte han fordi han først og fremst beskytta kvinner og born. Etterkvart såg ein på han som forkjemparen for alt godt og motstandaren av alt vondt. Han støtta Ra, og hadde til gjengjeld Ra sin støtte. Samstundes var han ein krigsgud som beskytta Egypt og folket. Til alt dette var det sjølvsagt knytta ein del ritual, som at statuar av han beskytta hus mot vonde ånder og hjalp fødande kvinner og slikt, men ein hadde ikkje templar og presteskap knytta til Bes.

Uansett kor fine og flotte desse oppgåvene og eigenskapane er, er dette ein slags guddommeleg missekonkuranse der det er utsjånaden som gjeld. Gods of Ancient Egypt seier mellom anna følgjande om korleis Bes ser ut:
Bes was generally depicted as a bearded dwarf, sticking out his tongue and shaking a rattle. He is always depicted facing forwards [...] Bes is a comical figure with pronounced bow legs, prominent genitals and a tail. [...] Occassionally he [...] is depicted as a winged deity.
Då er vi verkeleg inne på ein utfordrar i konkurransen. Ein skjeggete dverg med hale, vingar og stor penis som ser på fotografen/skulptøren/målaren i kontrast til det som var vanleg mellom dei egyptiske kollegaene hans. Dette er bra. Det vert hevda i forslaget at Bes kanskje var skuld i barnegråt, og ser ein på statuane av han, kan det kanskje stemme. Dei eg har funne bilete av på nettet er ikkje alltid så fine, men ein kan tenkje seg at om egyptarane hadde fått nokre tusen år på seg, slik hinduane har fått det med Ganesha, ville Bes ha blitt koselegare med åra. Eg vil derfor hevde at Bes er ein god utfordrar til Ganesha som den koselegaste guden i pantheonet. Tusen takk for eit strålande forslag, Audun!

Bes saman med kona si, Beset.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

2 kommentarer:

Audun Emil sa...

Meir som eit apropos enn som eit argument i debatten fann eg dette biletet som viser at Bes dessutan hadde sin heilt eigne og kreative metode for å halde brysomme fjærkre på ei arm(?)lengdes avstand.
http://www.whipper-snapper.com/pygmies/images/crane.jpg

Steinar Sneås Skauge sa...

Hahaha!

Legg inn en kommentar