torsdag 14. juli 2011

Flat firkantverd

Ei forteljing som går i bloggosfæra for tida er om korleis Library of Congress skal få eit kart som vart laga av ein Orlando Ferguson frå South Dakota i 1893. Kartet skal vere hans framstilling av korleis jorda er, og viser at den på ingen som helst måte er rund, men flat, firkanta og vakta av ein engel i kvar av dei fire hjørna til verda, sansynleg innspirert av bibelstader som Markus 13, 27.  Kartet har også ein festleg teikning av to karar som klamrar seg til ein roterande klode på stor fart gjennom verdsrommet.

Biletet av kartet er henta frå The History Blog som er ein av dei som skriv om dette.
Trykk på kartet for å sjå ein større utgåve. 
Ferguson skal også ha skreve ei bok om dette. Nede i høgre hjørne av kartet kan vi lese følgjande:
Send 25 Cents to the Author, Prof. Orlando Ferguson, for a book explaining this Square and Stationary Earth. It Knocks the Globe Theory Clean Out. It will Teach You How to Foretell Eclipses. It is Worth Its Weight in Gold.
Kartet Library of Congress no får fingrane i skal vere eitt av to eksemplarar av dette kartet. Det andre er hjå Pioneer Museum i Hot Springs i South Dakota, men skal vere i dårleg stand.

Eg må innrømme at eg er skeptisk til om dette kartet er det det vert hevda. Eg tvilar i og for seg ikkje på at ein skrulling kan ha laga eit slikt kart,  men det at det plutseleg dukkar opp eit slikt kart der ingen av historienerdane på nettet har klart å finne spor av verken opphavsmann eller boka hans gjer at eg vert skeptisk. Eg har heller ikkje funne noko om dette i nyhendeseksjonen til Library of Congress, utan at eg har leita for hardt. Både kreasjonstar og flat-jord folk stiller seg lagleg til for parodiar og falskneriar som vil gjere narr av dei, samstundes som dei jo sjølve også kjem opp med såpass mykje pussig at ein det kan vere vanskeleg å skilje parodien frå det ekte. Uansett er kartet artig nok, om det er ekte eller falskneri og det kan minne folk om å friske opp kunnskapen om at ein ikkje trudde jorda var flat verken i middelalderen eller seinare.

Kommentar: Eg vart tipsa om diskusjonstråden under bloggposten til The History Blog, og der viser det seg at ein både har klart å grave fram boka, ein del historie om mannen som stod bak dette i tillegg til fleire utgåver av kartet. Skepsisen min var altså utan grunn. Kartet er nok ekte og eit godt døme på at folk har hatt skrullete idear til alle tider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar