Viser innlegg med etiketten Kart. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kart. Vis alle innlegg

onsdag 5. juni 2013

T-kart

Sidan vi er inne på korleis ulike kart har ulike sentrum, kan vi ta ein titt på kva St. Isidor hadde å seie om saka. I Etymologie frå 623 handlar bok 14 om geografi, og der kan ein finne dette kartet av verda.

Kartet er frå den første trykte utgåva av Etymologie som kom i 1472.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Slike kart vert kalla for «T-kart» eller «hjulkart» og dei viser jorda som ei rund skive med hav rundt. Det er verdt å merke seg at dette ikkje var eit utslag av at ein trudde jorda var flat.
Though these T-O maps look like representations of a flat, disk-shaped Earth, they are not. The circular shape was merely a convention to represent the concept of the Earth, much as we think conventionally of our planet as a sphere or globe even though it is not. In a similar fashion, the medieval mapmakers intended the circle to represent the top hemisphere of the globe. The bottom hemisphere was generally thought to be entirely covered in water.
«T»-en er danna av Middelhavet, Nilen og den russiske elva Don, noko som gjer at Jerusalem kjem omtrent i midten, og altså vert sentrum for jorda. Aust er opp på desse karta, medan nord er mot høgre. Som ein ser reknar ein også med at Asia er omtrent like stort som Europa og Afrika tilsaman.

Isidor har også ført på kven det er som bur i dei ulike kontinenta. Dei tre kontinenta er befolka av etterkomarane av Noah sine søner. Sem i Asia, Kam i Afrika og Jafet i Europa.

Sjølv om ein absolutt kan stusse litt på proposjonane til hav og elvar her, er ikkje kartet så heilt ille. Det er eigentleg ganske imponerande til å vere frå ei tid då dei måleinstrumentane våre kart er basert på var heilt utenkjeleg.

fredag 31. mai 2013

Kvar er sentrum på jorda?

Vi held oss gjerne med kart som på underleg vis plasserer Europa, og med det også Norge omtrent på midten. Vi vert dermed eit sentralt midtpunkt for alt som skjer på jorda, og andre stader er eigentleg berre avkrokar, langt vekke frå det naturlege sentrum. Det er sjølvsagt ikkje slik, men slik kan det fort verke om ein ser på eit kart.

Jorda er ei kuleforma sak, der det ikkje er slik at noko punkt eigentleg er eit naturleg sentrum. Kva som er sentralt er avhengig av kvar ein er. Dette kinesiske kartet frå 1600-talet viser dette tydeleg.
Sidan kartet er kinesisk, passar det greit å plassere Kina som sentrum for verda.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Men med ei kule er det heller ikkje så greit å seie kva som er opp og ned. Vi har den kjekke tanken att nord er opp. Dette har på hendig vis sett oss på toppen av verda. Alle andre kjem under oss. Slik treng det sjølvsagt ikkje å vere. Ta ein kikk på dette satelittbiletet.
Norge har havna på midten her også, men ting ser anneleis ut...
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Eller kva med dette arabiske kartet frå 1100-talet? Det vart laga på bestilling til ein konge av Sicilia, noko ein kanskje kan ane om ein ser litt på proposjonane. Men nord er ned, og sør er opp. Det er jo eigentleg ikkje nokon god grunn til noko anna...
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.
Kombiasjonen av desse to måtane å endre sentrum på kartet på, altså å ha sentrum omtrent i Stillehavet med sør opp vil gje oss eit kart vi ikkje ser så ofte. Her vert Norge ein absolutt utkant i verda.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Har dette noko å seie? Nei, det treng det ikkje å ha, men det kan sjølvsagt få oss til å tenke litt over korleis karta vi ser på formar synet vårt på verda, noko vi sikkert ikkje har vondt av. I ei ideell verd skal sjølvsagt ikkje dette ha noko å seie, men kanskje vert måten vi ser på verda på meir forma av karta vi brukar enn det vi trur? Då kan det kanskje ha noko å seie, sjølv om nokre små kartglimt sikkert ikkje vil revolusjonere verdsbiletet vårt.

Artig er det uansett!

torsdag 14. juli 2011

Flat firkantverd

Ei forteljing som går i bloggosfæra for tida er om korleis Library of Congress skal få eit kart som vart laga av ein Orlando Ferguson frå South Dakota i 1893. Kartet skal vere hans framstilling av korleis jorda er, og viser at den på ingen som helst måte er rund, men flat, firkanta og vakta av ein engel i kvar av dei fire hjørna til verda, sansynleg innspirert av bibelstader som Markus 13, 27.  Kartet har også ein festleg teikning av to karar som klamrar seg til ein roterande klode på stor fart gjennom verdsrommet.

Ferguson skal også ha skreve ei bok om dette. Nede i høgre hjørne av kartet kan vi lese følgjande:
Send 25 Cents to the Author, Prof. Orlando Ferguson, for a book explaining this Square and Stationary Earth. It Knocks the Globe Theory Clean Out. It will Teach You How to Foretell Eclipses. It is Worth Its Weight in Gold.
Kartet Library of Congress no får fingrane i skal vere eitt av to eksemplarar av dette kartet. Det andre er hjå Pioneer Museum i Hot Springs i South Dakota, men skal vere i dårleg stand.

Eg må innrømme at eg er skeptisk til om dette kartet er det det vert hevda. Eg tvilar i og for seg ikkje på at ein skrulling kan ha laga eit slikt kart,  men det at det plutseleg dukkar opp eit slikt kart der ingen av historienerdane på nettet har klart å finne spor av verken opphavsmann eller boka hans gjer at eg vert skeptisk. Eg har heller ikkje funne noko om dette i nyhendeseksjonen til Library of Congress, utan at eg har leita for hardt. Både kreasjonstar og flat-jord folk stiller seg lagleg til for parodiar og falskneriar som vil gjere narr av dei, samstundes som dei jo sjølve også kjem opp med såpass mykje pussig at ein det kan vere vanskeleg å skilje parodien frå det ekte. Uansett er kartet artig nok, om det er ekte eller falskneri og det kan minne folk om å friske opp kunnskapen om at ein ikkje trudde jorda var flat verken i middelalderen eller seinare.

Kommentar: Eg vart tipsa om diskusjonstråden under bloggposten til The History Blog, og der viser det seg at ein både har klart å grave fram boka, ein del historie om mannen som stod bak dette i tillegg til fleire utgåver av kartet. Skepsisen min var altså utan grunn. Kartet er nok ekte og eit godt døme på at folk har hatt skrullete idear til alle tider.