fredag 29. juli 2011

Domedag på Karmøy

Olavskyrkja på Avaldsnes.
Biletet er henta frå Commons.
Verda går heldigvis vidare etter forferdelege hendingar, og underteikna tar turen til Karmøy og bryllaup. Vigsla skal haldast i Olavskyrkja på Karmøy, så sidan det er olsok i dag får kyrkja ein bloggpost dagen før eg skal gå inn i ei nesten 800 år lang rekkje av prestar for alteret i Avaldsnes kirke.

Eg har gått i lukkeleg ignoranse om at denne kyrkja skal stå heilt sentralt i verdshistoria, og at vi faktisk kan takke kløktige byggmeistarar og snartenkte prestar på Karmøy for at vi er her den dag i dag.

På austsida av kyrkja finn vi nemleg det som skal vere den høgste bautasteinen i Norge. Den har fått det velklingjande namnet Jomfru Marias synål og er no på 7,2 meter. Steinen skal ha vore endå høgare, men skal ved fleire høve ha blitt frisert.

Synåla i trugande positur.
Biletet er henta frå Commons.
Eit gamalt sagn kan nemleg fortelje oss at "Når Jomfru Marias synål berører kirkeveggen, er det dommedag". Dette er ein dag både presteskap og proletariat har gjort så godt dei kunne for å halde på avstand. Austveggen er bygd så han heller innover for ikkje å kome borti steinen, og sidan slike store steinar som står planta i jorda har ein tendens til å flytte på seg, har han tydlegvis kome nærare kyrkjeveggen enn det folk har sett pris på. Prestane i kyrkja skal derfor fleire gongar ha klatra opp på steinen og hogge av toppen. Sjølvsagt i teneste for det gode; dei har utsett domedag. Siste måling seier at vi i skrivande stund er 9,2 cm frå domedag!

Steinen skal no stå støtt, så til og med utan å pirke på truverdet til sagnet kan vi med fordel planleggje både bryllup og andre ting utan å kalkulere med at domedag skal starte på Karmøy med det aller første.

Interesserte kan sjå ein finfin liten filmsnutt om dette laga av Cathrine Glette for Nordvegen Historiesenter på Avaldsnes. Filmen heiter passande nok "9,2 cm til dommedag" og tar deg under 3 minutt å sjå. Vel brukte minutt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar