onsdag 16. februar 2011

Voynich-manuskriptet

Ei side frå manuskriptet. Henta frå
Wikimedia Commons.
No i veka minna forskning.no meg på eit av dei mysteria som har fascinert meg lenge. Dei skreiv at Voynich-manuskriptet var eldre enn ein har trudd til no, og at ein no har datert det til mellom 1404 og 1438. Då eg var liten hadde eg som fast rutine når eg var på vitjing hjå besteforeldra mine å lese i ei bok der det mellom anna stod om spanande emne som Oak Island, Nazcalinene, krystallskaller og sjølvsagt også Voynich-manuskriptet. Boka var eit høgdepunkt, og mysteria sit klistra, for dette er artige greier som verkeleg kan få fantasien på gli!

På engelsk Wikipedia kan ein lese ein god artikkel om Voynich-manuskriptet. Manuskriptet kjem frå tidleg 1400-tal og inneheld rundt 240 sider. Dei fleste av desse er rikt illustrert, oftast med teikningar ein ikkje forstår kva forestiller, og all teksten er skreve med teikn ein ikkje forstår og i ein kode ein ikkje klarer å knekke. Alt i alt har ein eit manuskrip ein ikkje veit kven som har skreve, kva handlar om eller korleis skal lese det. Det er altså den perfekte gåte.

Ut frå bileta kan det sjå ut som det handlar om botanikk, medisin eller alkymi. Eventuellt ein kombinasjon av desse emna. Det kan sjølvsagt også handle om noko heilt anna. Eller det kan hende det berre er ein einaste stor bløff.

Som om ikkje den komplette mangelen på kunnskap om innhaldet i manuskriptet er nok til å gjere ein nyfiken, er også historia rundt det spanande. Det dukkar opp hjå ein aklymist i Praha på 1500-talet, og han skal ha vore like forvirra som alle andre om kva i alle dagar dette var for noko. Via rektoren på Karlsuniversitetet i Praha hamna det så i hendene til Athanasius Kircher, ein jesuitt som jobba på Collegium Romanum, jesuittane sitt universitet i Roma. Der dukkar det opp att to hundre år seinare då Vatikanet vart innvadert og universitetet evakuerte biblioteket sitt til professorane sine private bibliotek. I prosessen hamna det i biblioteket til sjefen for jesuittordenen, og dokumentet har derfor hans stempel i dag. I 1912 bestemte jesuittane seg for å selgje delar av samlinga si, og manuskriptet vart kjøpt av boksamlaren Wilfrid Voynich, som har gjeve det namn. Etter hans død bytta det igjen eigar fleire gongar, før det vart donert til Yale, som har det i dag. 

Detalj som viser den uforstålege skrifta i
manuskriptet. Henta frå Wikimedia Commons.
Teoriane rundt manuskriptet er sjølvsagt mange. Kan det vere ein spøk for å lure Athanasius Kircher som var ein kjent kodeknekkar? Kan det vere notata til ein arkitekt som skulle på reise og ikkje ville at kunnskapen hans skulle hamne i gale hender? Kan det vere den engelske munken og vitskapspioneren Roger Bacon som står bak? Kan det vere eit asiatisk språk skreve på kode? Kan det vere tungetale skreve ned i ein slags transe? Det er berre å spekulere i veg!

Slike objekt som dette er fantastiske stimuli for fantasien og vitelysta. Kva i alle dagar fekk ein, eller fleire, til å bruke all den tida det må ha tatt å lage denne boka og alle dei pengane det må ha kosta for seks hundre år sidan? Kan nokon ha brukt så mykje energi bare på tull? Eg likar å tru at det ligg noko fantastisk skjult bak koden til Voynich-manuskriptet.

Om ein vil sjå dette utrulege verket, ligg heile greia på Wikimedia Commons, endå til i riktig rekkefølgje. Det er berre å klikke seg inn, kose seg og late fantasien gå berserk.
Eg skulle gjerne likt å lese meir om manuskriptet, men som nokon heilt riktig påpeika på Twitter då eg bad om boktips der; bøker om denne tematikken som ikkje er skreve av folk i foliehatt er vanskeleg å finne. Eg har sett på The Voynich Manuscript: The Unsolved Riddle of an Extraordinary 16th Century Book Which Even Today Defies Interpretation og lurar på om den kan vere brukbar. Om nokon skulle sitte inne med eit godt litteraturtips om Voynich-manuskriptet, vil eg gjerne høyre det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar