fredag 25. februar 2011

Across the river

Eg kom over den nydlege plata Dialogue av Sondre Bratland og Javed Bashir i dag. Det er ei flott plate der Sondre Bratland syng kristne norske folketonar og Javed Bashir syng sufitekstar. Dei syng dei som ein dialog, derav namnet på plata, der dei syng til kvarandre kva dei ulike religionane seier om forskjellige emne.

I Across the river er det døden det dreier seg om. Bashir har laga melodien til ein tekst av sufidiktaren Shah Hussain som levde i Punjab på 1500-talet. Diktaren snakkar om at han skal over elva til dødsriket, men slår fast at "I know the true Lord. I will not die but reunite with Allah." Bratland syng sangen "For Guds folk er hvilen tilbake" som mange vil kjenne frå Sangboken og han slår på sin side fast at "For Guds folk er hvilen tilbake i himmelens salige hjem, bak trengselens skyggefulle dage en hviledag venter på dem."

Ein kan fort skulde eit prosjekt som dette for synkretisme, utan at eg er sikker på om det er ei skulding som er riktig. Eg vil heller sjå på det som to religionar som praktiserast samstundes av ulike folk. Uansett kva ein vil meine om innhaldet kjem ein ikkje vekk frå at det musikalske er nydeleg. Lytt songen Across the river, som også er på plata, og nyt!


Trykk i ruta om du ikkje ser filmen. Han kan dukke opp då.

1 kommentar:

Øystein Skauge sa...

Tja. Ikkje spesielt vakkert. Synkretisme? Kanskje. Eg kan ikkje forstå at det skal vere så pirrande med slik religionsmix. Økumenikk, derimot... Finn noko betre å låne øyre til.

Legg inn en kommentar