tirsdag 22. februar 2011

Biskop Polykarp og martyriet

Biletet er henta
frå Wikimedia Commons.
23. februar er det minnedag for Polykarp av Smyrna, ein av dei såkalla apostoliske fedrene. Polykarp levde fra rundt 70 e. Kr til rundt 150. Han var læresvein av evangelisten Johannes, og skal ha vorte vigsla til biskop av Johannes.

Polykarp døydde martyrdøden, og det er interessant å sjå på kva han sjølv sa om dette. Martyriet var ikkje ukjent for dei første kristne som heilt frå Stefanus hadde måtte tåle å verte forfølgde for trua si.

Ignasius av Antiokia leid martyrdøden saman med Zosimus og Rufus, og medan desse tre sat fengsla, var Polykarp på vitjing i fengselet i Roma. Etter deira død skreiv Polykarp dette, som i den norske omsetjinga har fått overskrifta «Martyrenes eksempel», i sitt brev til kyrkjelyden i Filippi:
Så formaner jeg dere alle til å adlyde rettferdighetens ord og vise all tålmodighet, den dere også har fått se på nært hold, ikke bare i møte med de salige menn Ignasius, Zosimus og Rufus, men også hos andre fra deres menighet, dessuten hos Paulus selv og de andre av apostlene. Dere er overbevist om at ingen av disse er løpt forgjeves, men i tro og rettferdighet. De er nådd frem til det sted som tilkommer dem hos Herren, han som de også har lidt med. For de elsket ikke den nåværende verden. De elsket han som døde for oss og han som for vår skyld ble reist opp av Gud.
(Pol Fil 9, 1-2)
Polykarp tar her frem Ignasius, Zosimus og Rufus saman med Paulus og andre som leid martyrdøden som døme til etterfylgjing. Sjølv leid han også martyrdøden. Kyrkjelyden i Smyrna skildra dette i eit brev til kyrkjelyden i Filomelion, eit skrift som har fått namnet Polykarps martyrium og som i fylgje Reidar Hvalvik er det tidlegaste vitnemålet om martyrkulten som veks fram i den tidlege kyrkja. I skriftet les vi om korleis han vart henretta det vert gjenngjeve denne bøna han bad medan han var bunde til bålet som skulle drepe han:
Herre Gud, du allmektige, Jesu Kristi Far. Gjennom din elskede og velsignede Sønn har vi mottatt kunnskapen om deg. Du er Gud over engler og makter, over hele skapningen og de rettferdiges slekt, de som lever for ditt åsyn. Jeg priser deg fordi du har funnet meg verdig denne dagen og timen for å bli regnet blant martyrene og få drikke Kristi beger for å oppstå til evig liv med kropp og sjel i Den Hellige Ånds udødlighet. Måtte jeg i dag bli motatt blant dem for ditt åsyn - som et rikt og velbehaglig offer, slik som du på forhånd har gjort i stand, åpenbart og fullført, du trofaste  og sanne Gud. Derfor lovsynger jeg deg for alle ting; jeg priser deg, jeg ærer deg ved den evige og himmelsek øversteprest, Jesus Kristus, din elskede sønn. Ved ham og sammen med ham og Den Hellige Ånd tilkommer æren deg, nå og i de kommende tider. Amen.
(Pol Mart 14, 1-3)

I bøna ser vi spor av ein martyrkult i at han takkar for at han er funnet verdig til å verte martyr, og dette kjem også tydeleg fram seinare i skriftet, men då ikkje frå Polykarp, men frå dei kristne i Smyrna:
Til sist tok vi hans ben, mer dyrebare enn kostelige stener og mer verdt enn gull, så la vi dem på et passende sted. Der vil Herren, hvis det er mulig for oss, la oss komme sammen i jubel og glede for å feire årsdagen for hans martyrium - til minne om dem som tidligere har stridt og til øvelse og forbredelse for dem som siden skal stride
(Pol Mart 18, 1-2)
Vi ser altså ein tydeleg martyrkult, noko som ikkje var så rart, ettersom det å lide martyrdøden var noko som ramma mange av dei tidlege kristne. Ordet «martyr» er eigentleg det greske ordet μάρτυς som tyder vitne, då helst meint i tydinga «blodvitne». I dag har det gjerne fått ein negativ klang, assosiert med terror. Det er viktig å hugse på at martyriet var ein viktig del av den tidlege kyrkja, og at det også er noko som er ein meir framtredande del av dagens kyrkje enn vi kanskje likar å tenkje på. I store delar av verda må våre kristne brør og søstre lide for sine vitnemål om si kristne tru. Martyriet er noko kyrkja lever med den dag i dag, og vi må aldri gløyme verken dei tidlege eller dagens martyrar. Minnedagen for Polykarp sitt martyrium er ein fin dag å minnast alle martyrane. Eg er litt usikker på denne tradisjonen med vernehelgenar, men skal ein drive å kople visse helgenar med visse område, burde Polykarp vore vernehelgen for martyrane, ikkje for noko så tøysete som øyreverk.

Alle sitata i denne posten er henta frå boka De apostoliske fedre, redigert av Ernst Baasland og Reidar Hvalvik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar