lørdag 8. mai 2010

Vår sanne mor - Jesus

Til ordinasjonen min fekk eg ei flott lita bok av to av prestane eg hadde hatt ein del med å gjere i studietida. Dei gav med Innhyllet i kjærlighet av Julian av Norwich. Eg viste omtrent ingenting om henne då, anna enn at eg hadde høyrd namnet nemnd i samanheng med mystikarar. Kunnskapen min var så låg at eg trudde det var snakk om ein mann. Det er det altså ikkje. Julian av Norwich var ei engelsk nonne som levde på 13- 1400-talet. Ho var ei såkalla "rekluser", det vil seie at ho frivillig lot seg mure inn i eit lite rom i korveggen i kyrkja. Dette var den britiske versjonen av eremittane i ørkenen i Midtausten. Innemurt som ho var brukte ho tida på bøn og meditasjon og sjelesorg for andre i landsbyen. For sjelesorg og mat hadde ho eit lite hol ut mot landsbyen, og for å motta nattverd hadde ho eit lite hol inn mot koret.

Denne livsformen er i og for seg spektakulær nok, men Julian sine skrifter er også verdt å nemne. Ho var som sagt ein mystikar, noko som skin gjennom i ordbruk og delvis også teologi. Mysikarane er litt rare i det at dei ofte frontar teologi som på mange måtar kan vere uortodoks, men samstundes vert drege fram som føredøme for andre. Ikkje mange andre enn mystikarane kan klare det, og i det har dei også ei viktig rolle i kyrkja. Mystikarane utfordrar språket vårt, og kan opne for nye dimensjonar i kristendomen. Det at dei ofte står i skjæringspunktet mellom hetrodoks og ortodoks, gjer at kyrkja stadig må tenkje gjennom kva vi trur på og kva vi ikkje trur på. For Julian slo dette ut mellom anna i at ho ikkje går av vegen for å omtale Gud i kvinnelege termer. Dette har gjort at ho har fått ein renessanse med feminist-teologien.

Eg har lyst til å ta fram eitt lite avsnitt ho har skreve. I dag går debatten mellom dei som vil omtale Gud konsekvent med maskuline termer og dei som meiner at ein også kan variere med feminine termer. Dei vert kalla dei radikale. Kva skal ein då kalle dette stykket som vart skreve av ei innemurt nonne for 600 år sidan?

Vår sanne mor - Jesus
En mors omsorg er den mest intime, den nærmeste og sikreste, for den er mest trofast. Denne omsorg ville aldri, skulle aldri eller kunne aldri bli utført til fulle uten ved ham alene.

Som vi vet, fødte vår egen mor oss bare til smerte og død. Men vår sanne mor Jesus, som er bare kjærlighet, føder oss til glede og evig liv. Velsignet være han!

En mor nærer sitt barn med sin melk, men vår elskede mor Jesus nærer oss med seg selv. I kjærlig storsinn gir han oss alterets sakramente - livets mest dyrebare føde.

Jeg våger å si med absolutt sikkerhet, - og dette skulle vi tro, - at det aldri fantes en mann så ren som hann, inntil hans klarhet ble formørket av bekymring og sorg, lidelse og død.

Julian av Norwich vert feira 13. mai av anglikanarane og katolikkane, men sidan eg gjer så godt eg kan for å vere ein god lutheranar, slår eg eit slag for lista over festdagar frå Evangelical Lutheran Church in America som markerer henne i dag.

Sitatet henta frå ''Innhyllet i kjærlighet'', St. Olav Forlag, Oslo, 1986, ISBN 82-7024-045-1 side 47

1 kommentar:

Legg inn en kommentar