mandag 31. mai 2010

Boikott Israel

Dei siste handlingane til det israelske forsvaret har endå ein gong gjort det klinkande klårt at Israel ikkje bryr seg om internasjonale avtaler eller menneskeliv. Noko må gjerast. Eg var tidlegare i dag på ein demonstrasjon i Bergen under paroler som kravde fridom for Gaza og boikott av Israel. Eg trur boikott er den einaste vegen å gå. Israel bryr seg ikkje om ord, internasjonal fordømming eller at vi samlast på Torgallmenningen og kollektivt tar avstand frå den menneskefiendtlege politikken deira. Kanskje kan ein boikott gjere at dei forstår meir?

Presten og Midtaustenkjennaren Jens Olav Meland tar no også til ordet for boikott. Endå viktigare er det at kyrkjeleiarane i Israel ber om den same boikotten. Eg meiner, og håpar, at leiarane i Den norske kyrkje vil oppmode til den same boikotten, noko dei ikkje ville for nokre veker sidan, samt at dei aktivt vil føre kyrkja inn i solidaritetsarbeid med den palestinske kyrkja. Vi kan ikkje late vårt ansvar for dei drukne i indrekyrkjeleg strid om synet på Israel. Vi i kyrkja må ta vårt ansvar!

Kanskje er det betre måtar å reagere på enn boikott, men det vi gjer no har i alle fall ingen verknad. Vi har eit ansvar for folket som lir i Palestina. Det kjem vi ikkje vekk frå. Ein boikott vil i det minste vise dei at vi ser dei og bryr oss.
Biletet er henta frå Wikimedia Commons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar