torsdag 6. mai 2010

Framandfrykt

Etter som framandfrykten grip om seg i samfunnet rundt oss og politikarane kappast om å vere strengast med dei som ikkje har vore heldige nok til å få norsk statsborgarskap då dei vart fødde, er det verdt å ta fram nokre ord frå Martin Luther King Jr. I 1958 sa han nokre ord eg trur er grunnleggjande for å kunne forstå og verte kvitt framandfrykten og det gryande hatet i samfunnet vårt. Han sa:
Men often hate each other because they fear each other; they fear each other because they don't know each other; they don't know each other because they can not communicate; they can not communicate because they are separated.
Han hevdar altså, og eg trur han har heilt rett, at hat og frykt heng saman. Denne frykta kjem frå det faktum at ein ikkje snakkar saman og derfor ikkje kjem til det punktet at ein kan forstå kvarandre, nemleg det punktet der ein kommuniserar som likeverdige. Der ein vert kjent med kvarandre. Der ein byggjer venskap.

Eg trur framandfrykta berre kjem til å auke i Norge om vi ikkje sluttar å snakke om innvandrarar og heller byrjar å snakke med innvandrarar. Vel vi å ta dei inn i våre liv og våre samanhengar, vil det etterkvart verte heilt umogeleg å snakke om dei og oss, og den situasjonen er det vi må trø etter. Det norske samfunnet skal vere eit godt samfunn for alle som bur her. Er det ikkje det, er det vår skuld. Vi som har ressursane og er kjende i samfunnet. Det er sjølvsagt enklare å skulde på dei andre og seie at dei ikkje vil verte som oss, men sanninga er at det er vi som ikkje vil godta dei slik dei er eller sleppe dei inn i våre samanhengar.

Vi har inga rett til å stenge andre menneske ute frå den luksusen vi sjølv kan nyte godt av. Tvert om har vi moralske pliktar som medmenneske til å dele av våre goder og vår overflod. Norge har forsvinnande få menneske med anna etnisk opphav enn majoriteten i landet om vi samanliknar oss med dei fleste andre land. At framandfrykta veks og innvandrarar opplever at dei ikkje kjem inn på arbeidsmarknaden, bustadmarknaden eller får norske vener seier klårt og tydeleg at vi ikkje tar det ansvaret for våre medmenneske som vi har. Den parten i innvandringa som skapar problem er oss som vertsland, ikkje dei som kjem til oss!
Sitatet henta frå Wikiquote, biletet frå Commons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar