I mai i år gav Anfindsen ut boka Selvmordsparadigmet. Det han meiner med tittelen er at den vestlege kulturen er i ferd med å ta sjølvmord, sidan vi let folk frå andre kulturar få kome og bu mellom oss.[1] Dette utdjupar han med rasing mot alt frå den forrige regjeringa KrF sat i til FN og EU. Ei av hovudtesene til Anfindsen er at det er biologiske forskjellar mellom menneske, altså rasar, og at politikk bør byggjast på den forutsetninga at ulike rasar har ulike eigenskapar. Ser ein på litteraturlista han tipsar lesarar om finn ein mellom anna Tatu Vanhanen, ein mann som hevda at grunnen til at det var så mange fattige i Afrika, var at dei hadde låg IQ der. Ein burde derfor få inn så mange europearar, amerikanarar og asiatar som mogeleg i leiarstillingar i Afrika.[2] Arnfindsen viser også til boka Gode formål – gale følger? der det vert sagt følgande om situasjonen i Norge i dag: "Med erfaringene fra krigens dager i minnet kan det synes underlig at den islamske utfordringen ikke vekker en tilsvarende mobilisering i våre dagers vestlige demokrati"[3] Meiner forfattaren med dette at ein ser det som eit naturleg svar på islamsk innvandring at ein oppretter væpna motstandsgrupper og går til geriljakrig? Dette var to døme på litturaturen Anfindsen anbefalar å lese. Han seier sjølv at "Ovenstående bøker er formodentlig for konservative, for islamofobe, for rasistiske eller for mye et eller annet annet til at vår prektige elite i det hele tatt gidder å nedlate seg til å lese dem"[4] At dei er islamofobe og rasistiske verkar det som han har heilt rett i, og eg vonar han også har rett i at vår elite ikkje les desse bøkene.
Kva seier så mannen sjølv? Om UNESCO seier han mellom anna følgjande:
Videre ser vi at organisasjonen, ettersom den politiske og vitenskapelige utviklingen frem mot 1978 gikk i en ’uønsket’ retning, i stadig sterkere ordelag fordømte dem som tenkte annerledes enn en selv, og man tok dessuten til orde for å bekjempe nevnte utvikling ved hjelp av virkemidler som ville ha fått anerkjennende nikk fra både Hitler, Stalin og Mao.[5]Dette er noko han har henta frå ein annan, men han utdjupar det vidare, og seier at
Det ser altså ikke ut til at å være dekning for å hevde at sammenligningen av UNESCOs forsøk på politisk styring av forskningen med ”det man hadde sett i nazi-Tyskland og i Sovjet-Russland” skulle være spesielt ”grov” (Lavik 1998, side 108, sitert ovenfor). Riktignok har man ikke tatt i bruk tortur, vilkårlig fengsling eller henrettelser[6]Så kan ein jo lure på korleis dette ikkje kan vere for grovt om UNESCO ikkje brukte "tortur, vilkårlig fengsling eller henrettelser"...
Av særskild interesse for KrF kan det vere å lese dette som han seier om den forrige regjeringa dei var med i:
FN og EU er, i hvert fall et stykke på vei, både intellektuelt og moralsk korrupte (jf Klaus 2006, 2009; Støvring 2009b). Situasjonen er ikke stort bedre i det offisielle Norge, noe som ikke minst illustreres av at Bondevikregjeringen i 2002 la frem en handlingsplan mot rasisme og diskriminering hvis hovedformål var å bekjempe sannheten, nærmere bestemt sannheten om raseforskjeller.[7]Den var altså "både intellektuelt og moralsk korrupt", noko han tydlegvis må ha stor tru på at i hovudsak gjaldt dei andre partia i regjeringa eller dei som har gått ut av politikken seinare, sidan han no vel å snakke med KrF.
KrF må vere desperate når dei slepp denne mannen til på sine talarstolar. KrF snakkar høgt om å vere eit verdiparti og forsvarar av menneskeverdet, men visar no at dette er noko dei er villige til å ofre på populismen sitt altar. Dei ansvarlege, fornuftige, menneskekjære folka det fins mange av i KrF bør ta tak i dette og rydde opp i uvesenet som har kome inn i partiet før det får tid til å slå rot. Eg har som sagt aldri vore ein forkjempar for KrF, men dette hadde eg verkeleg ikkje trudd om dei!
[1] http://www.honestthinking.org/no/index.html
[2] http://www.hs.fi/english/article/1076153484261
[3] http://www.nytid.no/arkiv/artikler/20030312/et_angrep_pa_det_flerkulturelle_norge/
[4] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del1.Kap08.Hummer_og_kanari.htm
[5] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del2.Appendiks.H.Unesco.htm
[6] Ibid
[7] http://selvmordsparadigmet.no/manus/Del1.Kap05.Offisielle_logner.htm